Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er ca 550 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Bedrifter i Vikebygd
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Kultur - Historie
Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Vikestølen gjennom 100 år

Historiske kjelder
Historisk arkiv IKA-H
Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

I Vindafjord er det to aktive utgjevarar av sogeblad.  Vindetreet vert gjeve ut i samarbeid mellom "Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag", "Skjold og Vats sogelag" og "Vikebygd sogelag."  Her kan ein lese korleis det var i gamle dagar i bygdene våre.  Sogeskriftet kan ein få kjøpt  på Vikebygd Landhandel.

Bjoa, Ølensvåg og Ølen sogelag har sitt eige blad, kalla Segn og Soge.


Vikebygd nytt:
DET SKJEDDE I ÅRET 2012:
Her er meldingar som har vore lagde ut på vikebygd.org i år 2012




Kuling og storm i Vikebygd i desember
av Steinar Skartland 15.12.12

Vinden tok godt tak natt til laurdag 15.12., som her i Campingvogn på Skartland, knekte trestammer og takstein på ei hytte. 
Les meir her


Vi blir stadig fleire
Då Vindafjord vart etablert 1.1.2006, var vi 8119 innbyggjarar.
1. juli 2012 var talet 8550 og held trenden fram er vi 9000 i 2020.
Auken siste 12 mnd har vore på 203 personar eller 2,4%. 
 
Vikebygd si utvikling:

1987:    536 innbyggjarar
2006:    527 innbyggjarar
2012:    562 innbyggjarar

Klikk her og les Hyrdingen på nettAdvent og Jul
av Steinar Skartland 15.12.12


Advent er ei årstid som vert markert i kyrkja og av folket i bygda vår. Les meir her


Vikebygd kyrkje
Lysmesse med speidarane
av Steinar Skartland 9.12.2012
 
Mykje folk var møtt fram for å delta i den årlege lysmessa, søndag 9. desember, saman med speidarane og sokneprest Nedrelid.

Omlag 40 speidarar deltok i bøner, tekslesingar, lystenning og prosesjon.  Om det var mørkt i kyrkja så ga lyset frå alle stearinlysa ei flott stemning. 

Les meir her


Historie som forsvinn
Saga ved Vasslivatnet

av Steinar Skartland, 9.12.12 

Eit falleferdig hus inne mellom trea.  Den steinete elva renn rett forbi. Ein gong ei avansert sag der utstyret ennå er.

Les meir her


Fredrik og Mathilde Samla inn til SOS-barnebyar
av Inger K. Sundve 9.12.12  Fredrik og Mathilde
Borna laga sjølv ting som kunne seljast til inntekt for
SOS Barnebyar.
Les meir her

Vinter og snø i Vikebygd, tidleg i desember

av Steinar Skartland 1.12.12

Kvamme 1. desember
Snøen lava ned i starten av desember.  Til glede for borna som fann fram skiutstyr og akebrett. 

Les meir her


Vikebygd Bygdahus blir Samvirkeføretak
B-andelseigarar utgår.
 Kunngjering 26.11.2012
 

Bygdahuset13.des. kalla styret inn til ekstraordinært årsmøte i Vikebygd Bygdahus AL og stifting av Vikebygd Bygdahus SA.
B-andelseigarar utgår.  
Les meir her

Marijann og Andreas - to av veteranane i korpsetUtandørskonsert 30. nov.
Spela til tenninga av juletreet

av Steinar Skartland 30.11.12 
80 møtte fram for å høyra Vikebygd Skule- og Ungdoms-korps med omlag 20 musikkarar spela opp då Rolf skulle tenna ljosa på juletreet ved butikken.
Les meir her 

Klikk på bildet for å sjå fleire av teikninganeTeiknekonkurranse
Fire born kåra for beste husteikningar

(30.11.2012 SS)  På ein stand under Vikebuen si julemesse den 17. november, sat karmøybuen Jon Rødder som representant for Vestlandshus og inviterte borna til å teikna draumehuset sitt.  Mange deltok og nå er 4 vinnarar kåra:  Emma, Frida Mathilde og Nora.  Les meir og sjå teikningane, her

Ope møte 29. november:
Grendautvalet konstituert

Grendautvalet 2012 (30.11.2012)  Det nyvalde grendautvalet kalla inn til ope møte for å leggja fram forslag til vedtekter og konstituere styret den 29. okt. Det formelle vart på plass slik at ein nå kan registrere Vikebygd Grendautval i Brønnøysundregisteret. Grendautvalet valde Lauritz Bjørnevik som leiar for eitt år, og har med seg Jens Morten Koltveit, Even Bjørnevik, Bergfrid kolltveit og Frantz Lea.  I tillegg kjem varamann Leif Jørgensen.    Les meir her


Rullestolinngong under bygging ved kyrkjaVikebygd Kyrkje
Inngong for rullestolar 
(24.11.2012 SS)  Det er bygd rullestol-inngong på hovud-trappa til kyrkja i Vikebygd. Den midlertidige løysinga på baksida vert teken bort.  Les meir her


Liv og Thomas Bakkevig heidra som "Årets Vikebuar 2012" 
Liv og Thomas Bakkevig (arkivbilete)(17.11.2012 SteinarS)  Tittelen er tildelt på bakgrunn av mange-årig engasjement og interesse for barne- og ungdomsarbeidet, samt bidrag og investering til glede for alle i bygda. Nå har dei oppretta to fond som eigne stiftingar og med lokale styre, som har fått tillit til å dele ut midlar til både lag,  organisasjonar og kyrkje.  Les meir her

Vegard SkartlandUng og lovande musikar
Vegard Skartland vann Stjernå

(3.11.2012 SS) 
- I “Stjernå”-finalen sang Vegard Skartland (15) seg inn i publikums hjerter med Kaizers Orchestras “Hjerteknuser” til musikk av Arne Tveit og vann førstepremien på 20.000 kroner.  

Les meir her


Øyvind Valen tilsett som rådmann i Suldal
(4.11.2012 SteinarS)  Tidlegare rektor ved skulane i Vikebygd og Skjold, Øyvind Valen, har dei siste åra vore tilsett som kommunal-sjef i Vindafjord kommune.  Øyvind Valen (54 år) tek til i stilling som rådmann i Suldal frå 1. februar 2013. 

Les meir hjå Suldal kommune 
  


Vestlandshus på julemessa
Vil få fart på husbygging og tilflytting til Vikebygd.
Jon Rødde, Vestlandshus.  Ferdig hus til 2 mill kroner i Vikebygd!(17.11.2012 SteinarS)  Jon Rødder arbeider som seljar og prosjek-tutviklar for Vestlandshus.  Han har opsjon med tomteselskapet om fire tomter på det nye bustadfeltet midt i Vikebygd.  - Det skal ikkje vera nødvendig å byggja hus for over 3 millionar kroner, for å komma seg inn på bustadmark-naden, sa han og kan tilby hus på 90 m2 ned mot 2 mill kr.  Dei innbyr til huskveld på Plasabakeriet måndag 17. januar. 
 Les meir her.

Vikebuen arrangerte
JULEMESSE laurdag 17. november

Sal og underhaldning. 
	Torfinn Dommersnes med mykje flott og sjølvlaga. (17.11.2012 SteinarS)  Det var utruleg mange flotte utstillarar. Mykje handarbeid, men også mat, kunst, bustadsal, knivsmed, julepynt osb.  - Vi måtte seia nei til ein del som ynskte å delta, for det var ikkje plass nok. Då prioriterte vi dei lokale, fortalde Ingrid Sørvåg som var svært nøgd med eit godt gjennomført arrangement.  Mona Schnabel kunne telja opp ein brutto på over 31.000 kroner til laget, frå loddsal og kafé.
Link til FOTOALBUMET,   Les heile reportasjen her


Vikebygd KFUK-KFUM speidarar
Arrangerte Globalkafé til støtte for born i Bangladesh
(14.11.2012 SS)  Onsdag 14. nov. gjekk småspeidarane frå dør til dør med bøsser, mens storspeidaren stelte i stand kafé på bedehuset. Alt for å kunna gje si støtte til KFUK speidarane i Bangladesh sitt arbeid for å betre oppvekstvilkåra for born i dette fattige landet.
- Speidarane takkar alle som tok i mot småspeidarane ved dørene og som besøkte kaféen, seier Øyvind Valen.   
Les meir her


Mange våte dagar i Vikebygd denne hausten
(10.11.12 SS) Natt til laurdag 10.11. gjekk Fylkesmannen sin beredskapsavdeling ut med varsel om mykje regn i ytre og lågareliggjande strok i Hordaland og Nord-Rogaland.  Vassmengdene kunne merkast godt både om natta og i elvane dagen etterpå, slik biletet her er frå Vikeelva viser.

Nyheter om flaumfare og vassføring kan du finne på: www.nve.no/no/Flom-og-skred/


I år bar den namnet sitt med rette
Hardhausen 2012
Foto: Roald Årvik 28.10.2012 / tekst Roald & Steinar  
- Blaute stiar, sugande myrer, 5-10cm laussnø over 250 meter, bitande vind, snøbyer, snøstorm på nokre av toppane, fortel Roald Årvik.  Sundag, 28.okt. starta ei gruppe turgåarar frå Skartland klokka 9 om morgonen og gjekk over fjellet frå nut til nut. Første topp var Såta.  Dette er ein tur speidargruppa står bak og målet er å ta inn alle nutabøkene i Vikefjella.  Turen er på omlag 20 km og 1000 høgdemeter. Les meir her

Årvik Skule 1912
Klikk for større bilde
Lærar Dahle og Lærarinne Betha Aarvik saman med elevane utanfor skulebygget i 1912. 

Kanskje nokon har namna på dei? 
Les meir her, der du og kan sjå namn på dei vi har klart å finna fram til.

 

Foreining starta for: Den gamle skulen i Årvik
Skulemuseet
(1.11.2012) Om kvelden 1.11. kom det saman folk frå bygda i den gamle skulen i Årvik. Målet var å stifta ei foreining som kan ta ansvar for det gamle skulemuseet.   Etter at vedtekter var vedtekne gjekk dei til val på styre.  Kjell Erik Gangstø vart leiar. Lene Skartland, Grethe Karin Tindeland og Cathrine Hamre Tindeland vart styremedlemmer og Jarle Årvik varamann. 
Les meir om saka her.


Fotballavslutning 26.oktober 2012
- Tore var general den kvelden, fortel Rolf Julsrud som har teke desse bileta.  ca 100 møtte opp. Det vart servert pølser, kaffi, kaker og brus. Stor stas og premiering av alle spelarane. Dei unge fotballspelarane fekk diplom og pokal for god innsats gjennom fotballsesongen. Kvert kull ble tatt fram til scenen. Oppmenn og trenarar fekk også ein oppmerksomhet.
Les artikkelen her.
Vinteren er her!
Tett snøvær og kvite bakkar torsdag kveld

Tett snøvær torsdag kveld, 25.10.2012(25.10.12 SteinarS) Det var kaldt heile dagen, men utpå kvelden sette snøværet inn for fullt.  Fram mot midnatt snøa det tett og bakkane vart kvite, som her på Skartland.

Snøen vart liggjande nokre dagar og med fleire netter med nattefrost.  Det er tied for å ta på vinterdekk på bilane.  Men som vanleg kom mildvêret etter ei veke med store mengder regn.

Samtidig kom det store snømengder i Odda, Røldal og innlandet.  dette førte til at alpinanlegg og skiturar fekk ein tidleg oppstart i år.
Les meir her.


Innsamling til Ukraina - Open Heart
1090 sekker på bilen frå Vindafjord

(25.10.2012 Berit &SteinarS) Vogntog som lastar sekker med brukte klede utanfor bedehuset i Vikebygd, har vorte ein årviss tradisjon.  Brita Laugaland er den lokale eldsjela som utfordra folk til å sjekka garde-robeskåpet og fylla sekker som Halvard Hasseløy og organisasjonen Open Heart Ukraina skal få dela ut til fattige og trengjande i Ukraina.
Frå Vikebygd, Skjold og Vats fekk dei med 1090 fulle sekker. 
Les meir om Open Heart Ukraina.       Les meir her.
Hardhausen - til 6 nutar
Hardhausane(25.10.12 Speidarane) Sundag, 28.okt. starta ei gruppe turgåarar frå Skartland klokka 9 om morgonen og gjekk over fjellet frå nut til nut. Første topp var Såta. Dette er ein tur speidargruppa står bak og målet er å ta inn alle nutabøkene i Vikefjella. Turen er på omlag 20 km og 1000 høgdemeter.  Blaute stiar, sugande myrer, 5-10cm laussnø over 250 meter, bitande vind, snøbyer, snøstorm på nokre av toppane.  Les meir her
 
TV-Aksjonen for Amnesty International 21.10.
8 bøsseberar samla inn 21.172 kr i Vikebygd
Link til innsamlingswebben med meir informasjon
(21.10.2012  SS)  I Vikebygd slo vi rekorden frå det gode innsamlingsåret i fjor, med heile kr 21.172, som kom inn i bøssene. Totalt i Vindafjord vart summen kr 258.304 + kr 15.000 frå kommunen.  Les meir her  

Ope møte på Bygdahuset måndag 15. oktober.
Godt frammøte til informasjon og val
(SteinarS 15.10.2012)  Grendautvalet samla fullt hus til informasjon om trafikksikringstiltak i bygda, innspel frå to av dei som har slege seg ned i bygda om kva dei ser som bra og kva som kan betrast.  I slutten av møtet vart det halde val på nytt grendautval, der flg vart valde: Even Bjørnevik, Jens Morten Koltveit, Bergfrid kolltveit, Lauritz Bjørnevik og Frantz Lea.  Møtande varamann vart Leif Jørgensen.  Dei konstituerer seg sjølv og vel leiar. 
Les meir her 
Trafikkteljing ved Bruarvatnet i Årvik?
(SteinarS 15.10.2012)  I vegkanten like ved fossen i "Bakkjen" står eit skap på ein stolpe.  Her har det vore i mange år.  For den som stoppar opp og studerer dette nøyare kan ein sjå at Statens Vegvesen har sett på eit merke med teksten:   "Trafikkregistrering."

Les meir her.


Utviding av Jokerbutikken
(SteinarS 15.10.2012)  -
Eg har søkt om å få byggja om inngangspartiet på butikken, kan Rolf Alne fortelje. Eit utbygg som vil gå ut frå der døra er i dag og til flaggstonga, og med dør vendt mot sør.  - Då vil det verta mindre trafikkfarleg, og folk går ikkje rett ut i vegen.  Løysinga får automatiske dører som opnar seg til sides, og det skal verta romsligare forbi kasseapparatet. Dette er eit tiltak for å gjera butikken betre tilgjengeleg for rullestolbrukarar og ein del av universell tilrettelegging.  Kjøpmannen har søkt kommunen om tilskott til denne tilrettelegginga som vil gjera butikken meir kundevenleg og vonleg tryggja framtida. 


Haustfargar i Vikebygd
Fotoserie ved Roald Årvik
Fotoserie ved Roald Årvik frå tur på Ålfjorden 11. oktober og tur i Vikefjella 12. oktober.
Sjå heile fotoserien her
Grendautvalet med innspel til
Trafikksikringstiltak i Vikebygd
(30.09.2012)  I brev til kommunen 30. september 2012, kjem Grendautvalet med ei rekkje framlegg til trafikksikringstiltak i bygda, m.a.:

-Gong og sykkelveg Butikken og Vossaplass Betre -Vegløysing mellom Vossaplass og veg ned ved kyrkja.
-Fartshumpar i sentrum
-Gatelys på gongveg frå skulen og ned til brannstasjon

-Utbetring Vegkryss ned til Årvik
-Fortsetjing av gong og sykkelveg Alnavegen og til Kvame
Les brevet frå Grendautvalet her 
Les meir om saka her


Endring av prostigrenser

Overføring til nytt prosti
(17.10.2012 SteinarS)  Vikebygd og Vindafjord har i nokre år tilhøyrt Nordre Ryfylke prosti med prosten i Sauda. Dette prostiet skal leggast ned frå nyttår av og Vindafjord vert overført til Haugaland prosti med prosten sitt kontor i Haugesund.

Sigfred Sørensen fungerande prost
Som ei overgangsordning i siste kvartal av 2012 skal Sigfred Sørensen fungera i tenesta som prost i Nordre Ryfylke prosti. Sørensen er i dag tilsett som prost i Ytre Stavanger prosti, men er i studiepermisjon frå denne tenesta. Sørensen er busett på Jelsa.   Les meir her


Øyvind Valen orienterer om den nye liturgienSoknerådet tillyste soknemøte om
Ny, lokal grunnordning for gudsteneste
r(10.10.12 SteinarS)  Soknerådet har teke utgangspunkt i hovudstrukturen i gudstenestene i dag, og føreslår mindre endringar i denne.  Erfaringar og tilbakemeldingar lokalt er samanhalde med forslag dei fekk på kurs og i sentrale framlegg.  I Vikebygd vil nok dei fleste kjenna igjen gudstenesta også i framtida - og det skal ikkje skremma nokon frå å delta. 

Ny ordning medfører ulik liturgi i dei ulike sokna, noko som kan medføra litt forvirring om ikkje soknerådet informerer godt.
Klokkaren vert med dette også erstatta av 'Medliturg'.
Les meir her 


Mykje folk i Vikebygd stilte opp for å
Feira 75 års jubileet
med gudsteneste og middag

(23.9.2012 SteinarS) 
Vikebygd kyrkje kunne 23. september feire 75 års jubileet for innviinga i 1927.  Festmiddag og gudsteneste kunne dermed avslutte ei heil veke med feiring og arrangement som inkluderte alle lag av folket, både born, ungdommar og vaksne.
Les meir her.


Jubileum i Vikebygd kyrkje
Spenstig kyrkjekonsert
Helge Veastad(21.9.2012 SteinarS) 75-åringen vart fylt med moderne tonar då ei rekkje dyktige musikarar spela opp på konsert i Vikebygd kyrkje 21. september.  Ein konsert som steig gjennom heile program-met og ikkje skuffa dei 165 som hadde teke turen til kyrkja denne kvelden. Eit program som gjekk frå korpsmusikk og solosongar, via  Helge Veastad som saman med Arne Tveit framførte fleire musikkstykke på el-gitar i kombinasjon både med el-piano og kyrkjeorgel.  Det heile toppa seg då resten av orkesteret kom med på gitar, bass og slagverk i siste del der hovudinnslaget var Gro Marit Messmer Larsen og band.    Les meir frå konserten her,
Bilete i eige fotoalbum, HER
. 


Barnekunst
Skuleborna stiller ut i kyrkja
(15.9.12 SS)  Elevane på Vik skule har teikna, måla, fotografert og forma modellar og måleri av kyrkja som nå feirar 75 år.  Noko av dette er lagt ut på internett her på vikebygd.org,  Klikk her og sjå fleire teikningar og kyrkjemodellar.
Tom Roger Aadland klar med ny plate
Etter å ha kome med singelen 'Googla deg' i mars og 'Min Beste Ven På Ein Dårleg Dag' i August, er Tom Roger klar med ei ny plate med release 21. september 2012.  Den har han kalla: 'Fløyel Og Stål'.  Ny-norske tekstar og Vikebygdmål er blitt eit varemerke for denne røynde musikkaren, noko som tydelegvis slår godt an hjå publikum. 

Les meir om dette på Grannar.no 
og på Radio Ludo  


VIL DU BLI MED? Spør Kjersti Hausberg Bjerga.
(17.9.12)  Ho inviterer fleire kvinner til å bli med i noko som har lange tradisjonar i Vikebygd. Nemleg kvinneforeining.  Jo, dei eksisterer ennå. Normisjon si foreining møtes jamt og trutt på kjøkkenet i Bedehuset.  Martha Tveit er leiar. -Ein gong i månaden samlar me Normisjonen sin kvinneforeining på kjøkkenet i bedehuset, fortel Kjersti.  Her et me kvelds, syng og pratar mykje.  Og så nyttar me tida til strikking, hekling, brodering eller anna til oss sjølve, born, barneborn eller til gevinst på basaren om hausten.  Ein av oss les ein andakt, eit stykke frå eit blad eller nokre fine dikt. Les meir om foreininga her.


Fv. 734 Isvik - Vikebygd
Fylkesvegen ikkje med i transport og arealplan for Haugalandet

(11.9.12 SteinarS)  Kommunestyret hadde møte 11. september og stadfesta her samrøystes vedtaket der det vert sett krav til at vegen FV734 Vikebygd - Isvik vert med i reisetrafikk utgreiinga for Haugalandet, for at kommunen skal betale støtte til prosjektet: Regionalplan for Haugalandet, i regi av Fylket.
Les heile saka her


Bok om kyrkja i VikebygdSoknerådet gir ut bok om kyrkja i Vikebygd
(11.9.2012  SS)  I samband med kyrkja sitt 75 års jubileum 15. - 23. september, har ei eiga nemnd arbeida aktivt med å gje ut ei bok.  Denne  skil seg ut frå tidlegare jubileumsskrift, og har med seg mykje av livet som rører seg rundt kyrkje og bedehus, godt dokumentert med bilete.  Boka vart sendt ut i posten til kvar heim i bygda, og kan kjøpast av soknerådet eller på Joker butikken i Vikebygd for kr 150,-.  

Les om boka her


Aktivitetsdag for heile familien
Sørabygda sigra over resten
Stylteløparane sender neste pulje ut på 60 meter baneløp100 deltakarar i ulike idrettsaktivitetar
(8.9.2012 SS)  Etter veker med Olympiade og Paralympic i London, hadde folk i alle aldrar fått inspirasjon til å visa kva dei dugde til på idrettsbanen. 

Les heile artikkelen her
 


Laurdagsklubben
(1.9.12 SteinarS)  Laurdagsklubben på bedehuset starta opp igjen laurdag 1. september. Der får born som er 4 år og oppover koma for til leik, song, aktivitetar og bibelforteljingar. På det meste er det 30 born som finn kjem.  Det er nok eit teikn på at det er kjekt der og at Kjersti Hausberg Bjerga har funne tonen og veit kva borna likar. 

Den første laurdagen var det fullt hus på bedehuset. 

Nå blir det laurdagsklubb desse datoane utover hausten:
15.sept., 29.sept., 13.okt., 27.okt, 10.nov., 24.nov., (kanskje 8.des.).

Alt på søndag 2. sept inviterte ho med seg dei som born og familiar, til Supersøndag på Stemnestaden og Grinde. Her var det full fart med spennande aktivitetar heile dagen, fram til stor konsert klokka 16:00 i Skjoldhallen med Jarle Waldemar.

- Me skal ha laurdagsklubb kvar 14. dag, fortel Kjersti. 


Vann båt i Lions Club sitt lotteri
(8.9.12) Ragnhild Utne Beck, som har landstad i Vikebygd, vart den heldige vinnaren i Lions lotteriet, melder avisa Karmsund. Under Havnedagane i Haugesund var ho ein tur på Indre Kai.  Det trefte ho på loddseljarar frå Lions og let seg overtelje til å kjøpe to lodd.  Med 6000 selde lodd er ikkje sjansen stor for hovudgevinsten.  Men Ragnhild Utne Beck vart vinnaren av ein stødig  Askeladden 435 LITE, med ein 15 hk, firetaktars Mercury motor, med el-start.  Overskottet av Lions sitt loddsal går til BRY DEG-aksjonen som er retta mot narkotikaproblematikken.


Gamlatunet, kafè og bibliotekBibliotek og kafeen på Gamlatunet
Anita og Jakob ynskjer folk i alle aldrar velkomne onsdagar, klokka 17:00 - 19:00.  Her blir det høve til å låna bøker, få seg kaffi og kaker, og sjølvsagt til å drøsa med kjende og naboar i den kjekke stova med gammal stil. Ein oase i ein hektisk kvardag.
Samarbeid mellom Vassverket og Vik Kraft
Regulerer vannstanden i Langavatnet

(4.9.12 SS) - Leidningen det "koker" av i Langavatnet er en ledning Peconor anla for snarere å kunne fylle Langavatnet. Ledningen har sitt utspring i Indre Halvardshaugbekken der det er støpt en liten inntaksdam,  sier Per Vik.
Les meir her

100 gjekk Vikestølsmarsjen søndag 2. sept.2012Jarle Sandsgård skriv ut diplomar til dei som nådde Vikestølen
(2.9.2012  SS)  Ute var det hestekokasting og leik, og inne i hytta kunne ein kjøpa lodd og få røma unna knotten som beit godt ute. Siste året var det heile 958 innskrivne i gjesteboka og Anette Hetland vart trekt ut som vinnar av ein ryggsekk. 

Les meir her


Godt merka turstigar i Vikefjella
Stigen på veg til Trodlafjellet(1.9.12 SS)  På veg til Trodlafjell etter den siste nutakassen.  Lett er det når turstigane er godt merka og opptrakka, sjølv om det er bratt ein og annan kneik. Langs vegen er det sett opp skilt på stader som dei gamle kjende, men som nyare generasjonar ikkje har same forhold til. Frå Trodlafjell er det fantastisk flott utsikt mot bygda, fjorden og Vikevika.
Les meir her.


Rekordstort elevtal i skulen (20.8.2012  SS)  12 førsteklassingar møtte til sin første skuledag i Vikebygd torsdag 16. august.  Skulen har nå eit rekord-stort elevtal.  heile 69 born skal gå på Vik Skule i år.  Første og andre klasse deler klasserom, og til saman er dei 20 elevar.  Det blir litt trongt med så mange elevar på skulen, som for nokre få år sidan var nede i 42 elevar. 
Les heile artikkelen her


Les også: reiv gamleskulen på dugnad
og
19 nye byggjemodna tomter like i nærleiken av skule og barnehage,
og med stor ny leikeplass


Klikk her og les meirUtleige av Rorbuer 
Rorbuene er bygd nede ved småbåthamna tilknytt hyttefeltet på Dommarsnes.  I første etasjen er boder for hytteeigarane, og i 2. etasjen er flotte rorbuer til utleige.
 
Les meir på Finn. no.
19 ledige bustadtomter i Liofeltet i Vikebygd? 
Sjå bilete av tomtene her

Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti

(17.3.2012 Steinar S)   Stavanger Bispedøme vedtok i november i fjor å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.  Vindafjord og Vikebygd vert då i Haugaland Prosti. 
 

Les meir her.


Vikebuen arrangerte Sommartur til Bømlo 1.9.12
Vikebuen busstur til Kanaldagane ved Kulleseidkanalen på Bømlo med Landa buss. 
På veg heim vart det middag på 'Langevåg Bygdatun'. Omlag 28 deltok.
 

Ny rettskriving i nynorsk

Kulturdepartementet har vedteke ny nynorskrettskriving som gjeld frå 1. august 2012. Den viktigaste endringa i den nye rettskrivinga er at det blir slutt på skiljet mellom hovudformer og sideformer (klammeformer). Det vil seie at alle formene i rettskrivinga kan brukast fritt. Det blir elles endringar i mange skrivemåtar og bøyingar.  Les meir her

Link til vevsider der du får hjelp til betre skrivespråk:  Nynorsk på 1-2-3 i teikneserieform


Klikk her og les meir19 ledige hustomter i Vikebygd
klikk her for informasjon om tomtene 

Utleige av Rorbuer på Dommersnes
Les meir på Finn. no.


Tom Roger Aadland spelar på PlassetSommarkonsert på Plasset fredag 27. juli
Tom Roger Aadland

(27.7.12)  Tradisjonen tru, var det sommarkonsert på Plassabakeriet 27. juli. Tom Roger Aadland song songar frå «Blod på spora», «Det du aldri sa» og den nye plata «Fløyel og stål» (som kjem i september).

Dessutan ei heilt ny Robert Johnson-gjendikting av Kjartan Fløgstad!
 


Galleri Vik
Utstillingar i Galleri Vik

(Klikk her for stort bilde) Cathrine Nordseth og sonen Bjørn Ove framfører viser til gitar akompagnement22.7.2012 SteinarS)  Galleri Vik hadde to utstillingar i sommar.  Ved opninga begge gonger var det også musikk og bevertning.  Mange var innom utstillinga gjennom sommaren.

Cathrine Nordseth framfører viser frå Noreg, Sverige og Danmark, saman med sonen Bjørn Ove.  
Les fleire artiklar frå Galleri Vik her.


Klikk bildet og ta ein tur over Vikebygd i helikopterMed helikopter over Vikebygd

Klikk bildet for å bli med på turen  


Les meir om Vikebygd festivalen her

Jubileumsfeiring 10 år etter første festival
Klikk her for å lese meirMykje folk og fisk på festivalen

(21.7.2012 SteinarS)  Jubileumsfestivalen i Vikebygd, arrangert i samarbeid mellom Vikebygd Skule- og ungdomskorps, Fotballgruppa og Plassabakeriet den 21. juli, samla mykje folk i alle aldersgrupper.  Skodde og regn om morgonen veik plassen då arrangementet opna klokka 12.  Utstillarar, arrangørar og gjester var svært nøgde med tilstellinga.  
Sjå fleire bilete i
fotoalbumet.

Beste gut: André Fostenes 
 
Pokalen for beste gut gjekk til Andrè Fostenes.

Les meir / heile artikkelen og resultat av fiskekonkurransen her

 


Ny veg forbi Vossasvingane
Innbyggarane i Vikebygd har sett seg leie på at utbetringa av deira dårlege veg har blitt utsett i tjue år. No startar dei opp arbeidet sjølv. Rune Hetland og Ståle Jordal i bresjen for lokal innsats.  Les om dette her

Misbruk av konteinar    Det står tydeleg oppslag på konteinaren ved kyrkja at denne berre er for kyrkjegardsavfall    
Privat søppel i kyrkja sin konteiner(Steinar 22.7.12)  Likevel kastar andre sitt private avfall i kyrkja sin konteinar. Den er sett her for at dei som ryddar og steller på gravplassen til sine avlidne slektningar, skal kunna kaste "hageavfall" blomar og gravpynt her.  For ei tid sidan var det ein raud sofa oppi her.  Nå er det mange sekker med avfall som garantert ikkje kjem frå gravplassen. Kanskje det er ein namnelapp på noko av det som er kasta?
Les meir om saka her.


Fint ver for dei som gjekk turen til Vikestølen

(8.7.2012)  Vi vakna vi til blå himmel og strålande sommarsol.  Omlag 40 møtte til det årlege Vikestølsmøtet, som i år vart den 8. juli.  Hovudtalar var Sten Sverre Syvertsen som har bakgrunn som offiser i Frelsesarmeen og som misjonær i utanlandsteneste.  Nå arbeider han i sjukepleia, men måtte medgi at lengten etter å reisa ut nå var der, spesielt nå når borna var vaksne. I talen sin tok han utgangspunkt i Noa.  Han var lydig og gjorde det han fekk beskjed om.  Så skjedde det som Gud hadde planlagt, og Noa og hans folk vart berga fordi han trudde. Slik oppfordra han også oss i dag til å gå når Gud kallar.   Les meir her frå møtet og fleire bilete

Tekst til: Song til Vikestølsmøtet 2012


Seinsommartango'en vart i år i Hardanger
Dei siste to åra har Seinsommartango vore arrangert i Vikebygd, men i år vert det i Strandebarm i Hardanger. Les meir her.

Du kan sjå video av Mustafa og Pembe i aksjon på Bygdahuset i Vikebygd 2011, HER. Soltadas stod på programmet.


Fjelltur i skoddeheimen
Godt merka sti til Ulserhaug
Klikk for stort bilde(11.7.2012 SteinarS)  På tur frå Bjordal til Ulserhaug om 10. juli, kom skodda sigande.  I ukjent terreng hadde eg snudd, men stien er godt merka. Med kart og kompass gjekk turen vidare.

Takk til dei som har gjort kjempejobb med å merka stigen til Ulserhaug så tydeleg.  Les meir, og sjå fleire bilete, her.


Klikk for stort bildeTil fjells med sauene
(Foto Roar Årvik)  Roar Årvik var med og har sendt inn ein del bilete frå arbeidet og turen. 

Til fjells på sommarsbeite for å gjere seg feite
Les meir / fleire bilete, her 
 

Galleri Vik opnar igjen i Vikebygd med
(av: Cathrine Nordseth og Fin Egenfeldt)
Galleri Vik i VikebygdNu er datoen for ferniseringerne of vore to sommer-udstillinger fastlagt.  Severin Loge, den skønne Norske Vestlands maler fra Haugesund egnen:  Lørdag den 7. juli fra kl 14 – 18.

I udstillingen “Dansk Norsk Svensk Symphoni” viser vi billeder af Sigmund Lars Olsvik, Sidsel Wibom, Catherine Trägårdh, Benned Edh og Ivan Strange. Vi åbner dørene:
 Søndag den 22. juli fra kl 14 – 18.  
Les meir her.


Den store krets-speidarleiren i Vats 30. juni - 6. juli.
Klikk her for stort bilde(2.7.2012  SS) Frå Vikebygd deltok 8 speidarar + leiarar, roverar og stab.  Ei stor og aktiv gruppe ungdomar frå Vikebygd saman med ungdomar frå eit stort område.  Samla var det 450 speidarar og leiarar i teltleir ved kyrkja i Nedre Vats denne veka.

Les reportasjen her.
Vikebuen arrangerte
St.Hans feiringa på Bryggjebakken

(25.6.2012  BH/SS,  Foto: Beate Håland) 
Klikk her for stort bildeFolket i Vikebygd set ikkje inne og sturer om det er litt regn i lufta.  Vêrmeldinga hadde varsla opphald eit par timar på St. Hans kvelden, og det høvde godt for å få gjennomført det årvisse arrangementet med bål i strandkanten nede ved båthamna i Vikebygd.  Folk utstyrte seg med regnklede og møtte trufast fram til båltenninga klokka 18:00. Omlag 100 møtte fram for å grilla og kosa seg i lag.
Les artikkelen med bilete her

Sjå i Fotoalbum frå arrangementet her


Søknad om støtte frå Liv og Thomas Bakkevigs fond
Klikk her for å laste ned info-arketFondet til støtte for barne- og ungdomsarbeidet er nyoppretta av Thomas og Liv Bakkevig i 2012 og skal ha sin fyrste utdeling hausten 2012, fortel Øyvind Valen som leier stiftelsesstyret. Det kan årleg delast ut midlar til fylgjande 3 område.  Klikk plakaten for å lese om dei.

Søknad vert å senda til Liv og Thomas Bakkevigs fond for støtte til barne og ungdomsarbeid i Vikebygd, ved leiar i stiftelsesstyret Øyvind Valen, Trovåg, 5568 Vikebygd innan 1. september.  Les meir her


Vikebygd Skule- og Ungdomskorps
KORPSTUR TIL KONGEPARKEN

(5.6.2012 Tekst og foto: Laila Øvstedal Espeland) 
Klikk for stort bildeLaurdag 26.mai reiste korpset på dagstur til Kongeparken. 19 korpsmedlemmer med familiar, totalt 41 vikebuar, kosa seg i eit nydeleg sommarvêr.
Korpset hadde ein flott mini-konsert på scenen innanfor hovudinngangen, der også dei flinke aspirant-ane deltok. Alle var samla på “Jærgårdens grillstove” der me tok opp fleire langbord og kunne forsyne oss frå ein smakfull grillbuffè.  Les meir her

Fotoalbum - sjå her.


Soknerådet lagar bok om kyrkja i Vikebygd 1937 - 2012
Har du bilete av hendingar i kyrkja før i tida?
Soknerådet treng gamle bilete til boka. 

 
Ta kontakt med Jens Tveit, Liv N. Alne eller Brit Nelly Ness Tveit, om du har bilete som dei kan få lov å nytta i boka. T.d. bilete frå turar med den gamle kyrkjeskyssen: Bertil Skogen sin lastebil?

 


Spreke Vikebuar deltok i tøft sykkelritt
Team Vikebygd i Hårfagrerittet 2012
(3.6.2012 Åge Holsbrekken/SteinarS) 
Vikebygd stilte sterkt med sju deltakarar på det 53 km lange Hårfagrerittet frå Kårstø til Haugesund, laurdag 2. juni.  På fjorårets aktivitetsdag i Vikebygd var det utlodding av ein deltakarbillett til Hårfagrerittet 2012. Billetten enda opp hjå Marijann Belt Larsen på Ulvebne som tok utfordringa på strak arm.  Tida 2:56:42 kan ho vera stolt over.
Les meir her  

Vikebuen arrangerte
Vellykket kurs på hjertestarter

(1.6.2012 Inger Kathrine Sundve) 
Det vart 10 som tok hjartestarterkurset som Vikebuen arrangerte laurdag 12. mai 2012.  Hjartestartaren er på plass og hengd opp i eit skap på butikken i Vikebygd.

 


Les meir her.


Flott pinsehelg i Vikebygd
Sommarvarmen slo til i Vikebygd

(28.5.2012 Steinar) 
I Vikebygd vart det reine sydenstemninga i pinsehelga.  Temperaturar langt over 20 talet, sol frå blå himmel og ein litt svalande bris.  Folk strøymde til sjøen for både båtliv, soling og bading.

Men alt 2. pinsedag vart det litt kjøligare i lufta då ein kaldfront kom inn over landet frå Atlanteren og minner oss om at det er langt til Middelhavet.  Sola skin også denne dagen frå klår himmel, men utover veka vil nok gradestokken syna ned mot 12-13 grader i skuggen.  Frå onsdagen og utover vart det kjøligare og temperaturen var nede på 9-12 grader ein del av dagane fram til 10.juni   Les meir her

Biletet:  Solnedgang over Ålfjorden laurdagskvelden.


Orientering og Laurdagsklubb
Friluftsandakt og orientering i Langåsdalen

Klikk her for større bilde(20.5.2012 Steinar)  Det vart ein flott dag for alle dei som vart med til Longåsdalen på søndag.  Her hadde Kjersti Bjerga friluftsandakt som del av avslutninga for Laurdagsklubben for våren.  Etterpå vart det mini orienteringsløp for alle aldrar, i ulike løyper.  Og seinare på dagen også skattejakt.  Folk hadde med seg nistemat og det vart ei stund trongt rundt bålet der det vart grilla pølser og kyllingvenger.  Det flotte veret sette ein ekstra spiss på dagen og eit vellukka arrangement.  Les meir her


17. MAI FEIRINGA I VIKEBYGD
Langt 17. mai tog i Vikebygd Vikebuen møtte mannsterke opp til 17. mai feiring med flaggheising, gudsteneste, kransenedlegging og folketog.  I år var det Ingrid M. Sørvåg som hadde oppdraget med å tala og leggja ned krans ved minnestøtta.  Speidar og korps var med og sette sitt preg på dagen.  Ved bygdahuset fekk born og vaksne kosa seg med leiker, pølser, is og brus.  Inne vart det servert middag, og dagen slutta av med folkefest, denne gongen tidleg på ettermiddagen. Les meir om arrangementet her (fleire bilete).


Soknerådet arrangerte
DUGNAD VED KYRKJA OG I PARKEN
10. MAI 2012.  
Ein trivelig gjeng stilte og var med på å pynte rundt kyrkja til festmånaden mai.  Nå står konfirmasjon og nasjonaldag for døra. Blomar er planta i beda, ugras rydda og småbuskar fekk klypping.
Soknerådet etterlyste dugnadshjelp

Bli med på dugnad
(21.5.2012 Brit Nelly) 
Me treng hjelp til å male gjerdet rundt kyrkja, treverk på kyrkja og lakking av dører.  Har du litt tid til overs og kan tenkje deg å vera med å hjelpe så ta kontakt med:    Rolf: 906 85 797  eller Arne: 913 18 577
 


Festdag og konfirmasjon i Vikebygd
Klikk her for stort bilde
Klokkar Lina Fisk Eide;  Sokneprest Johannes Nedrelid; Stine Lise Espeland; Marcus Grindheim;
Håvard Larsen; Vegard Skartland; Tomas Steinsvik; Mathias Vik

Omlag 150 festkledde kyrkjegjengarar hadde funne plass i kyrkja då konfirmantane kom inn i prosesjon, leia av klokkar som bar krossen.  Bak dei seks ungdomane kom sokneprest Johannes Nedrelid som forretta gudstenesta i Vikebygd kyrkje denne dagen. 
Les meir/sjå fleire bilete her.


Vikebygd Idrettslag arrangerte Vikeputten
700 born på fotballturnering i Vikebygd

Stine Lise i dribling på Vikeputten(28.4.12 SteinarS)  Heile 74 lokale fotballag deltok i fotballturneringa for born på idrettsbanen i Vikebygd laurdag 28. april.  Det er fire fleire lokale lag enn i fjor, understrekar Rune Hetland. Både på dei åtte fotballbanane og langs sidelinja var det glade røyster å høyra.  Utan at nokon talde nøyaktig alle som møtte fram, er eit godt anslag omlag 1500 store og små som var på arrangementet.  Både spelarar, trenarar, familiemedlemer og bygdefolk.  Les meir - HER
Sjå her i FOTOALBUM FRÅ VIKEPUTTEN


Tur og orientering i fjellet
Orienteringskart ligg klar på Såta

(Steinar S 22.4.12)  Orienteringsgruppa har lagt ei bunke med orienteringskart i nutakassen på Såta.  Fleire postar er plassert langs stien ned Buskarskleiva og i området langs Skjoraberg og nordover.  Her kan turgåarar som få prøve seg på orientering med enkle postar. 
GRASROT-ANDELAR TIL Vikebygd Idrettslag

(6.5.12 SteinarS)  Første 4 månadane i 2012 fekk VIKEBYGD IDRETTSLAG 14.474 kroner frå Norsk Tipping med såkalla grasrotandelar. Det totale beløpet dei har motteke sidan oppstart med Grasrotandelen, er 108.567 kroner. Så langt i år er det blitt fordelt 104 millionar kroner til lag og foreiningar landet over igjennom Grasrotandelen. Midlane kjem frå over 765 000 spelarar som har knytta seg til ein grasrotmottakar, melder Norsk Tipping. Kvar gong desse spelar  / tippar hos Norsk Tipping, går ein del av innbetalt beløp til det aktuelle laget. I 2011 mottok Vikebygd I.L. kr 35.215,50 frå 125 aktive tipparar.  Sjå detaljert statistikk HER


Penguin helikopteret spreier kalk i Årvik.  Klikk her for større bilde.Moderne skogs- og beiteforvaltning
Utmarksbeiter i Årvik kalka frå helikopter
(28.4.12 SteinarS)  Helikopteret bruka berre 3-4 minutt på kvar runde med den automatiske spreiaren.  I løpet av ein time var 15 tonn kalk spreidd over skogen i Årvik.  Ei rimeleg investering meiner bonden.  Les meir her. 
 
Den gamle skuletomta er planert og fylt igjen
Klikk for større bilde (25.4.21 SS)
Med Lions Club i spissen gjekk folket i Vikebygd på dugnad for å riva gamleskulen.  I løpet av nokre få dagar var bygget reve og tomta planert.  Her ligg ein kommunal eigedom klar for gode idear - ei tomt i sentrum av bygda Vikebygd.
 
Les meir her

Skulemuseet i Vikebygd / Årvik
-Jobbar for å registrera eit as som skal overta Årvik skulemuseum - Frist ut år 2012.

Årvik skulemuseum i Vikebygd(30.3.2012  Steinar S) Kommunestyremøtet 17. april handsama sak om Årvik skulemuseum, i Vikebygd.  I 2006 fekk ei lokal gruppe i Vikebygd utfordringa å etablera ei stifting med lokalt eigarskap til museet.  Til nå har ikkje dette lukkast, men dei arbeider med å stifta eit aksjeselskap som skal eige huset, fortel Kjell Erik Gangstø som er i denne nemnda.
Les meir om saka her.

Kommunestyret vedtok: Gruppa bør få frist ut 2012 på å ordna dette. Dersom dette ikkje er på plass bør kommunen sikra seg det mest aktuelle inventaret og så rive huset, eventuelt gi det til grunneigar dersom han er interessert."


Den store styrkeprøven. 
Per Øyvind med ny løype-rekord i Skjold på Tvers!

(16.4.12 Jon Magne/O-gruppa:)
Per Øyvind Valen knuste den gamle løyperekorden til dei sterke o-løparane Bjarthe Westerheim og Glenn Tore Løland med 6 minuttar! Han brukte berre 2 timar og 10 minuttar på den ca. 24 km lange løypa. Han skjønar nesten ikkje sjølv korleis han kunne springa så fort. Gratulerer! Les også om løpet på iskjold.no

Einar Marius H. Martinsen sprang også inn til ny personleg rekord på tida 2t55min sjølv med sterke krampar i beina ned frå Søljåsen mot Skjold skule. Les også i Grannar.
VIKESPRINTEN 5. mai 2012

Per Øyvind Valen og Aud Hognestad Taksdal vart best.  Klikk bildet for meir informasjon.(7.5.2011 Jon MagneS /Web.)  Per Øyvind Valen, Haugesund IL, og Aud Hognestad Taksdal, Ganddal IL, vann årets utgåve av Vikesprinten ved Svendsbø laurdag 5. mai. Per Øyvind tok sitt andre napp i vandrefatet og Aud sitt første. 85 stk samt 15 småtroll stilte til start i det vekslande veret frå sol til haglbyger.
Dagen etterpå vann begge også sin klasse i kretsmeisterskapen i Ultralangdistanse i Haugesund.
 Les heile artikkelen og resultatlista her


Vikebuen har kjøpt inn Hjartestartar
Denne skal vera tilgjengeleg, og til å ta med ut på større arrangement der det
samlast mykje folk, for eks. på Vikeputten eller Vikebygdfestivalen.

Kurs for å lære opp 10 personar
Den 12. mai arrangerter "Vikebuen" kurs der 10 personar i bygda fekk opplæring på den maskina som er kjøpt inn.  Les meir her



Klikk her for stort bildeØrn i svev over Sætrefjellet

Det har i mange år vore ørn i Vikefjella, og reir har vore observert i fjellet oppfor Ulvebne.  På ein fjelltur 4. april såg eg denne Ørna sveve over Sætrefjellet.

Les meir her


Fantastisk dag i fjellet
Firfisle i vårsola

(Steinar S 4.4.12)  Ein tur til fjells vart ei flott naturoppleving.  På Såta, ikkje langt frå nutakassen, dukke den første firfisla opp.  Les meir her
Klikk her for stort bilde

Siste dag for gamleskulen
Klikk her for å sjå bilder i fotoalbummet(Steinar S 29.3.2012)  Torsdag 29. mars kunne Jens Morten Koltveit setja grabben i skuleveggen og starta rivinga.  På nokre få timar låg alt i ei røys og brauten kunne triumfera oppå restane av det store bygget.  Att har me minner, gode og mindre gode.  Oppe på haugen står den nye skulen, som alt er vorten for liten og treng utviding for at dei hundre borna i skule og barnehage skal få plass til å sanka kunnskap for livet.  Plass til aktivitetar og leik.  Les meir her,
sjå
fotoalbum frå riving - Klikk biletet


Klikk og last ned turbrosjyre for Vindafjord 2012På tur i Vindafjord 
Kommunen har laga ei brosjyre med turmål i Vindafjord Den kan du laste ned ved å klikke på bildet til venstre.  Inni brosjyra finn ein informasjon om ni ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 14.04.12 – 14.10.12 er ein med i trekninga av gåvekort a’ kr. 2.500.-. I tillegg er det lagt til rette 5 turar for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner.  Les her.

Du kan lesa om Nutaturane i Vikebygd HER.
Les om turorientering her


Klikk her for stort bildeTidleg vår i Vikebygd.
 
Bilete teke laurdag 24. mars 2012.

På laurdagane er det ope i Klokkargarden for dei som vil handla husflidsartiklar og gåver. 


Kyrkjelege endringar
Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti

(17.3.2012 Steinar S)  Vikebygd sokn og dei andre kyrkjene i Vindafjord har vore ein del av Stavanger Bispedøme og Nordre Ryfylke Prosti etter fylkesskiftet.  Stavanger Bispedøme vedtok i november 2011 å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.  Kyrkjedepartementet har nå fastsett endringar i prostistrukturen i Stavanger bispedøme, som inneber at Vindafjord kommune vert overflytta frå Nordre Ryfylke prosti til Haugesund prosti – som samstundes får nytt namn – Haugaland prosti.  Dette prostiet vert då samansett av kommunane Vindafjord, Tysvær, Bokn, Haugesund og Utsira. Heretter vert altså prosten å finna i Haugesund - ikkje i Sauda. Les meir her.


FASTEAKSJONEN
Konfirmantane våre gjekk med innsamlingsbøsser for Kirkens Nødhjelp tysdag 27. mars.  Dei samla inn heile kr 11.228,- i Vikebygd. Pengane som vart samla inn i løpet av aksjonen er ikkje øyremerka og går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over hele verda.  Det gjer at Kirkens Nødhjelp kan rykke raskt ut i katastrofesituasjonar og yte nødhjelp til dei som treng det mest.
Ein av stadane er hjelpeinnsats ved tørkekatastrofen i Mali.


Vikebygd kyrkje
Eit kunstverk er på plass 

Paul Magne Storebø - Smeden som har laga ljosgloben i Vikebygd kyrkje(25.3.2012 Steinar S)  Vikebygd sokneråd tinga ein ljosglobe, laga etter mal frå ljoskrunene og utsmykkinga i kyrkje-bygget.  Pensjonist og smed, Paul Magne Storebø på Stord, tok på seg oppdraget å laga ljosgloben i smijern.  Sviktande helse og ei krevjande utforming har ført til at tida gjekk lengre enn ein tenkte seg då globen vart tinga, men nå er den ferdig.  Det høver godt å få denne på plass nå når det nærmar seg 75 års jubilèet til kyrkja vår.  Les meir her.


Vikebygd kyrkje
Dåp av trillingar, årsmøte og kyrkjekaffi

Søndag 18. mars var det gudsteneste i Vikebygd kyrkje.  Her vart trillingane Liva, Edle og Daniel borne til dåpen.  Ei hending som bår der høgtideleg for familien, men også for kyrkjelyden som får ta del i dette.  For borna er dette også ei markering av at dei vert lagde til kyrkjelyden som medlemmer av Den norske Kyrkja. 

Etter Gudstenesta var det kyrkjekaffi og årsmøte for kyrkjelyden i Vikebygd.  Leiar Brit Nelly Ness Tveit orienterte om aktiviteten i kyrkjeåret og presenterte  årsmeldinga. 

Les årsmeldinga for 2011 her.


Kyrkjelege endringar
Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti

(17.3.2012 Steinar S)  Stavanger Bispedøme vedtok i november i fjor å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.  Kyrkjedepartementet har nyleg fastsett endringar i prostistrukturen i Stavanger bispedøme. Dette inneber at Vindafjord kommune vert overflytta frå Nordre Ryfylke prosti til Haugesund prosti – som samstundes får nytt namn – Haugaland prosti.

Dette prostiet vert då samansett av kommunane Vindafjord, Tysvær, Bokn, Haugesund og Utsira. Heretter vert altså prosten å finna i Haugesund - ikkje i Sauda. Les meir i kyrkjebladet Hyrdingen.


Vindafjord Kommune
Fungerande ordførar 

I samband med ferie for ordførar Ole Johan Vierdal trådte Steinar Skartland inn som fungerande ordførar i veke 12.  (Vindafjord Kommune
)


Speidarane på Seljestadtur

(13.3.2012 Arne Tveit)  Speidarane i Vike-bygd var på tur til Seljestad i helga 9.-11. mars. Dei overnatta i ovns-lavvo oppe i skogen ved Gamlestølen. Litt vått ver og føre, men full innsats og upåklageleg stil på skihoppinga! 

Sjå fleire bilete her.     Eller heile artikkelen her
 


Stor speidarleir i Nedre-Vats

Sommarens leir for KFUK-KFUM speidarane finn stad i Vats, like ved Vatsvatnet og Vindafjordhallen, står det på websida til Haugaland krets av KFUK-KFUM. Her har speidarkretsen leigd ei mark med høvelege forhold. 

Les meir her om kvar leirområdet er, kven som er i komitéen og planlegginga!


Episenter på Svendsbø/Bjordal
Kraftig jordskjelv i Vikebygd 

(14.3.2012 SS) 
"Målingar frå Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk viser at skjelvet onsdag kveld hadde episenter ved Bjordal, midt mellom Isvik og Vikebygd", skriv H-avis.no, som har intervjua ein av dei som bur ved episenteret: Sevald Svendsbø
(Les meir på h-avis.no).

Skjelvet vart målt til 3,5 på Richters skala, og starta 6 km under bakken.
Les heile artikkelen her 


Årsmøtet i Vikebygd Idrettslag
Aktivt lag med framtidsplanar. 
(26.2.2012 SS)  Vikebygd har eit aktivt idrettslag, særskilt innan fotball og orientering, der det er ei rekkje arrangement som samlar både folk frå Vikebygd og frå eit stort distrikt elles.  Laget har 154 betalande medlem-mer.  På årsmøtet vart Åge Holsbrekken attvald som leiar.  Dei andre styremedlemmene i 2012 er:  Kirsten Erdal, Nestleiar; Berit Ryvik Skartland, Kasserer; Rolf Julsrud, Skrivar; Inger Kathrine Sundve, Styremedlem; Helge Helgesen, Varamedlem. 

Les heile artikkelen her 


Vikebuen - aktivt kvinnelag

(19.2.2012 SS)  Vikebuen, "Ein flott gjeng med damer i alle aldrar." Nå er dei 85 medlemmer og inviterer fleire til å registrera seg ved å betala ein medlemskontingent på 100 kroner til konto nr.: 3240.16.57737, og merka den med "kontingent 2012.

Formålet med laget er at damer på tvers av generasjonar skal ha eit sosialt samvær og ta opp tema dei er opptekne av.  Dei har sett seg som mål å skapa trivsel i lokalmiljøet og støttar andre lag med pengegåver (t.d. korpset og leikeplassar). Styret er samansett av Ingrid Sørvåg, Linda Langeland, Hilde Fredriksen, Inger Kathrine Sundve og Beate Håland.  VIKEBUEN SITT PROGRAM FOR 2012   Og Les meir her.


Filmkveld i Vikebygd 1. mars.    Filmen Fireproof synt

(23.2.2012 SS)  Det er nokre år sidan bygdekinoen la ned i Vikebygd.  Digital film krev anna utstyr enn før.  Men moderne data-maskiner klarer nå godt å køyre film og vise den på storskjerm eller stort lerret.  Kjersti Hausberg Bjerga tok initiativ til å få til ein filmkveld på bedehuset torsdag 1. mars med filmen Fireproof på programmet.  Filmen var anbefalt både av 17 åringar og 50 åringar, men det var ikkje mange unge å sjå. 

Denne kvelden var det kollisjon med også andre arrangement. 
Om filmen
Fireproof


Vikebygd KFUK-M speidarar
Speidarbasaren 10. februar

(12.2.2012 SS)  Den årlege speidarbasaren er eit arrangement som først og fremst samlar speidarane og deira familiar, men også nokre andre bygdefolk. 

Ei flott gruppe med vaksne leiarar står bak og ungdomen driv sjølv arbeidet i speidargruppa.  Leiartrening er ein viktig del av arbeidet.  Årleg deltek ungdomar frå gruppa på kurs og leirar der dei får trening i både leiing, leirarbeidet og speidarferdigheiter. Slik står dei betre rusta enn mange andre til å klara seg innan friluftsliv, men truleg også elles i samfunnet.   Les meir HER.
Sjå fleire bilete i fotoalbumet her 


Nutastavane 2011

Nutastavane for 2011 overlevert på Speidarbasaren(12.2.2012 SS)  Speidarane set ut nutakassar på 6 fjelltoppar i Vikefjella.  Alle som skriv seg inn i nutabøkene kan få diplom eller premie. Den ungdomen og den vaksne som har flest fjellturar, får del i kvar sin vandrestav.  I år var det far og son, Roald og Petter Årvik som stakk av med napp i stavane.  Det er ikkje første gongen desse to kan skilta med mange fjellturar.  Vi gratulerer.
Sjå fleire bilete i fotoalbumet her                  Les meir HER.


Kommunestyre  Digitale politikarar

Papir er ut
(3.2.2012 SS)  Tida med papirbunkar er forbi.  Nå kjem politikarane med ei lita, tynn plate.  Brettar av dekselet på framsida og har ein liten skjerm på storleiken med ei vanleg bok.  iPad er det berømte namnet.  Her er alle dokument til møtet, og tilgong til tidlegare saker og planar, kalender (planleggjar).  Internett og e-post.  Om ein er på reise - så er saksdokumenta like tilgjengelege - på iPad'en.  Løysinga skal gjera politikarane meir effektive, og samstundes spara kommunen for pengar til trykking og distribusjon av tjukke dokumentbunkar.  I tillegg sparer ein miljøet for tonnevis med papir som skal makulerast. 

Det første digitale kommunestyremøtet i Vindafjord den 7. februar 2012, gjekk svært bra, og papirbunken blir mindre og mindre.


Saker som opptek deg
(3.2.2012 SS) Alle politiske møter er opne for allmenta. Unnateke er handsaming av visse saker som t.d. tilsetjingar og slike der ein etter lovverket kan lukka møtet.  Dette skjer svært sjeldan, og slike saker blir lagde til slutten av møta. 

I møtet 7. februar var det fleire saker som engasjerte folk i bygdene.  Innbyggjar-initiativ-saka om plassering av sykkel og gangsti mellom Ølen og Ølensvåg; riving eller sal av gamleskulen i Vikebygd; Endeleg godkjenning av reguleringsplan for bustadfelt Trovåg Nord (sjå kart over området) og mellom anna saer som gjeld Samhandlingsreforma og samarbeid med Helse Fonna og med nabo kommunar. Komplett saksliste og alle dokument ligg tilgjengelege for allmenta på web-sida til kommunen.  Du kan lesa sakslista for møtet 7. febr. HER.
Les artikkelen her  


Folket i Vikebygd har bidratt med
Kr 94.569 til IdrettslagetSjå statistikken
(9.1.2012 SteinarS) Vikebygd Idretts-lag er godkjend for å motta den såkalla "Grasrotandelen".  2011 vart eit rekordår der Norsk Tipping totalt har overført 35.215,50 til Vikebygd Idrettslag.  Frå ordninga vart oppretta har dermed heile kr 94.596,- hamna hjå idrettslaget vårt.  Sjå statistikken her

Idrettslaget har 154 betalande medlemar.  På det meste har 126 aktive tipparar registrert seg slik at deira grasrotandel har kome Idrettslaget i bygda til gode.  Sjå heile artikkelen HER.    

Stor vekst i Laurdagsklubben

(26.1.2011 SS) Laurdagsklubben har vorte meir og meir populær i Vikebygd dei siste åra.  I 2011 var 48 born innom klubben.  36 deltok 3 eller fleire laurdagar.

Det er tydeleg at opplegget som byggjer på søndagsskulen sitt materiell, men har mange spennande aktivitetar for borna, fell i smak.  Hovudleiar i klubben Kjersti Bjerga, har fått arbeidet inn på eit spor som borna likar veldig bra. 

Laurdagsklubben samlag også inn midlar til eit misjonsprosjekt. Pengane har gått til Barnebiblar, sommarleirar for born i Romania, og nå sist til varme luer til born. 
Les meir om dette prosjektet her
Sjå heile artikkelen HER.


Vikebuen inviterer til
Strikkekafé på Gamlatunet

Klikk her for å sjå plakatenVikebuen starta opp med strikkekafé i januar og har lagt opp til jamnlege treff både med strikk, idear og oppskrifter. 

-Du kan få hjelp med vrange masker, hekla ruter eller liknande, fortel Ingrid M. Sørvåg.  -Det blir sal av garn, servering av kaffi og det blir utlodding.  Dei prøvde dette igjen  21.februar, på Gamlatunet kl. 20.00.

Dette er ei sosial hending kor ein kan kose seg med håndarbeid, utveksle oppskrifter eller bare drøse litt og kose seg med kaffi og kake. Og så er det også loddsalg.


Gamlatunet er opna igjen på onsdagskveldane
Gamlatunet (Klikk her for å sjå stort bilde)Det privatdrevne biblioteket på Gamlatunet har vorte svært populært, særleg mellom dei eldre i bygda.  Her samlast dei til kaffi, kake og hyg-geleg samvær på onsdagskveldane. 

- Me startar opp med bibliotek igjen onsdag 18. januar klokka 17:00 - 19:00, skriv Anita som ynskjer velkommen til å låna bøker og til å slå av ein prat over ein kaffikopp. Her er det ope for alle som vil ha ein treffstad på onsdagskvelden.


Klikk her for å gå til VindetreetKlikk her for å gå til Segn og SogeSogeblada - til sals i butikken
Vindetreet:
Sogeskriftet for bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd
Kjøp Vindetreet over Internett
Segn og Soge:
Sogeskrift for bygdene
Ølen, Ølensvåg og Bjoa
Kjøp Segn og Soge her


.......vikebygd.org.......
Sida er sist endra 2. des. 2012

Eldre meldingar:

ÅRET 2011
ÅRET 2010
ÅRET 2009
ÅRET 2008
ÅRET 2007
ÅRET 2006
Vikebygd i Media
LES OM VINDAFJORD
NYTT FRÅ VIKEBYGD
NYTT FRÅ VINDAFJORD
NYTT FRÅ GRANNAR
NYTT FRÅ Haugesunds Avis 
INFO FRÅ Ålfjordens Venner
Kyrkjeinfofo
ORD FOR DAGEN 
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 
Speidarnytt
Speidar-webben
Grønn Action Lista 2010
Speidarbasaren 201010 
Speidarprogram 2010 
Nutastavane
Uteliv ved Bakkafossen
Ljosmessa
Nutastavane
Hulder og troll på Skartland 
Nabobygdene
Bjoa grendeside
Vats grendeside
Skjold grendeside
Vikedal grendeside
Sandeid grendeside
Vindafjord kommune
Lokale bloggar
Elin's blogg
Hildes blogg
Bublegum
Hyrdingen


Fotoalbum

Retting av feil
Om nokon finn at tekst eller bilete på desse sidene er støytande eller ikkje skulle vore offentleggjorde, så kontakt meg på tlf 908 73 170 eller ved å klikka HER , så vil eg endra.  Steinar Skartland

Web-Statistikk
vikebygd.org.
(8.1.2011  Steinar S) I 2010 hadde vikebygd.org 1791747 hits (søketreff) og heile 63635 lesarar (visits).  Av desse var det 38120 lesarar av første sida (der fleire klikk pr dag likevel tel som 1 totalt). Dette utgjer i gj.snitt 199 visits pr dag.


Kommentar frå Frøken Vims
VISIT VIKEBYGD
Skriv helsing i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM for Vikebygd
RYCON: KART over VIKEBYGD

Nyhende
Link til Nyhendemeldingane:
2012

Trafikksikring
Kyrkjejubileum
Kvinneforeininga
Sprell levande i kyrkja
Borna teiknar kyrkja
Vann båt hos Lions
Fylkesveg 734 Isvik-Vikebygd
Idretts-aktivitetsdag
Vikestølsmarsjen 2.9.
Tur til Trodlafjell
Samarbeid om vatn
Rekordstort elevtal
Store nebørsmengder 30.7.
Søppel langs vegen
Ny utstilling i Galleri Vik
Vikebygd Festivalen 2012
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8. juli
Galleri Vik stiller ut i juli
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.
Korpset til Kongeparken
Bakkevig opprettar 2 fond
Hårfagrerittet 2012
Tur til Långåsdalen
17. mai feiring
Konfirmasjon
Kalking med helikopter
Vikeputten fotballturnering
Hjartestartar til Vikebygd
Turar i vårsol i Vikebygd
Rivinga av gamleskulen
Jordskjelv i Vikebygd
Speidarleirar
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring 1.1.2012


Nyhende 2011

Nokre utvalde meldingar 2011:
Opning av leikeplassen i Lio
Klokkargarden og butikken
Kyrkjevala
Kommunestyrevalet
Vikebygdfestivalen
Terroraksjon mot Noreg
Amerikabesøket
Jokeren i Hårfagrerittet
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Ny CD med Tom Roger
Stadnamn for Vikebygd
100 born i Skule og Barnehage
Hummingbird / Musikkvideo

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009
2010
2011

2012 

foto.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org