Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

.. Kontakten - Vik Skule ..

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 17. mai 2012

Glimt frå 17. MAI FEIRINGA I VIKEBYGD


Vikebygd vakna til ein dag med yr og byer i lufta, og der skodda låg langt nedover fjella.  Men dette hindra ikkje at Vikebuen møtte mannsterke opp.  Alt klokka 5:30 var 9 personar på veg frå bygda og oppover mot Trodlanibba.  Her heiste dei flagget klokka 7:00, slik det har vorte ein tradisjon gjennom mange år.  Neste programpunkt var flaggheising i parken klokka 9:45, noko speidarane stod for til musikk av korpset.  Håvard Tveit hadde tale før flaggheisinga og minna på kvifor vi har denne nasjonaldagen vår. 

Så toga dei opp til kyrkja og gudstenesta klokka 10:00. Her var 172 festkledde samla og fekk med seg prost Arne O. Øystese sin tale.  Også her kunnde dei frammøtte gle seg over flott musikk av bygda sitt eige "Skule- og Ungdomskorps," som talde 25 musikkarar. 

Etter gudstenesta var det kransenedlegging ved minnestøtta over dei sjøfolk som ga sitt liv under krigen, til ein god tale av Ingrid Mathilde Sørvåg.

Det auka på folkemengda etter kvart som dei stilte seg opp til det tradisjonelle folketoget, som i år nok talde rundt 200.  Eit tog med både flaggborg, hornmusikk og einskilde hurra-rop og song.  Toget gjekk frå kyrkja og innom omsorgsbustadane, før dei enda ved Bygdahuset.  Her var det høve til å kjøpa seg lapskaus, kaker, kaffi, pølser og is.  Tradisjonelle leiker for borna og skytebane for dei litt større.  Dei som villa ha anna slags mat hadde høve til å gå ned til restauranten Plassabakeriet, som denne dagen selde middag.  Her var det jamt med folk utover dagen, men god plass.  Dei fleste valde å vera oppe på Bygdahuset, såg det ut til.  

I fleire generasjonar har bygda vore van med folkefest om kvelden.  Men med nye generasjonar og tilbod, har det også vore tid for å endra på dette opplegget.  I år valde komiteen å leggja festen med premieutdeling og underhaldning til klokka 14:30.  Det var eit familiearrangement som slo godt an og samla omlag 120-150 deltakarar.  Underhaldninga var det ikkje noko å utsetja på, der Vikebygd lokal TV var ein tråd gjennom programmet som spente over songar av Vegard Skartland til musikk av Arne Tveit, ein veldig bra "helse-rapp" av Solveig Hortman og Gunn Vikingstad, fleire gode sketsjar, musikk av korpset, utlodding mm.  Gjennom "Vikebygd lokal TV" fekk korpsmedlemene presentert mykje aktuelt stoff frå bygda, på ein humoristisk og revyprega måte.  Stein Anton / Dame Anton inviterte til kurs i dans og skapte mykje god latter.  Vikebygd har mange med revytalent i magen, vi skulle hatt ei revygruppe i aktivitet, men etter korps, fotball, speidar, orienteringsløp og mykje god dugnad, så er det vel knapt med tid igjen. 

Vi kan berre takka for det flotte arrangementet som desse eldsjelene i korpset fekk gjennomført, til stor glede for alle som møtte fram.  Ein del av dette blir presentert i bilete her på Vikebygd.org, og i fotoalbummet.


Bilete frå festen på ettermiddagen.  Sjå bilder også på:  foto.vikebygd.org

 
Les fleire nyheiter frå Vikebygd her
 

 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (YR.NO)


   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Lokale lag, grupper eller bedrifter som ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining kan ta kontakt med web ansvarleg: Steinar Skartland: tips@vikebygd.org

Web redaktør:  Steinar Skartland
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
tips@vikebygd.org