Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Julemessa 2012

Sida er sist endra 17. nov. 2012

Liv og Thomas Bakkevig heidra som
"Årets Vikebuar 2012"

Liv og Thomas Bakkevig (arkivbilete)(17.11.2012 SteinarS)  Tittelen er tildelt på bakgrunn av mangeårig engasjement og interesse for barne- og ungdomsarbeidet, samt bidrag og investering til glede for alle i bygda.

"Stiftelsen Liv og Thomas Bakkevigs fond til støtte for barne- og ungdomsarbeid" og "Stiftelsen Liv og Thomas Bakkevigs fond til støtte til reparasjon og vedlikehold av Vikebygd kirke" vil også i fremtiden gi gode bidrag til Vikebygd, står det Årets Vikebuar 2012 - Diplomentrykt på den innramma diplomen som følgjer med tittelen.  Ein statuett i glas med innprega orda "Årets Vikebu", fylgjer også med.


Laget Vikebuen fekk ein ide og eit ynskje om å gjera stas på nokre av alle dei som gjer så stor innsats for bygda vår. For å finna ein verdig kandidat så bad dei folket i bygda om å senda inn forslag.
- I starten var det lite innmelding, men når fristen nærma seg tok det av, kunne Ingrid Sørvåg som sit i styret for laget, fortelje.  Vikebygd manglar ikkje gode kandidatar, men samtlege som underteikna snakka med etter pristildelinga var samde i at dette var vel fortent for ekteparet Bakkevig. 

Liv og Thomas har vore opptekne av å støtte opp om det rike barne og ungdomsarbeidet som pågår i bygda, noko det store speidararbeidet i bygda har nytt godt av gjennom mange år. Men ikkje berre her.  Nå har dei oppretta to fond som eigne stiftingar og med lokale styre, som har fått tillit til å dele ut midlar til både lag og organisasjonar, samt vedlikehald av den særprega murkyrkja i bygda. 

Rett etter at pristildelinga var gjort kjent, kom desse kommentarane på facebook: 

"Vel fortjent!! Fantastiske folk."
"Vel undt,de er så kjekke."
"Det var et meget godt valg. Gratulerer."
 
Link til FOTOALBUMET

Vil få fart på husbygging og tilflytting til Vikebygd.

(17.11.2012 SteinarS)  På ein av standane under julemessa fann vi Karmøybuen, Jon Rødder, som arbeider som seljar og prosjektutviklar for Vestlandshus.  Han hadde avtale med tomteselskapet om fire tomter på det nye bustadfeltet midt i Vikebygd.  - Det skal ikkje vera nødvendig å byggja hus for over 3 millionar kroner, for å komma seg inn på bustadmarknaden, sa han og viste teikningar frå huskatalogen deira.


- Eit hus på 90 kvadratmeter bruksareal skal me kunna tilby nøkkelferdig for 2 millionar og oppover.  Med husbank-finansiering og skattefrådrag for  renter, vil huseigar sitja igjen med ei kostnad pr månad på 2-3000 kroner.  Då er loftet uinnreia, og dette kan huseigar ta som eigeninnsats seinare, fortalde han.

Vestlandshus har ikkje eige byggjefirma lokalt, men samarbeider med lokale byggmeistrar og firma som dei leiger inn til arbeidet. 

- Når det gjeld dei fire tomtene me har avtale om, så er det ikkje låst til ei  bestemt tomt.  Vil kjøparen ha ei anna tomt på feltet så kan vi byte på det, fortel Rødder som nå inviterer alle til Huskveld på Plassabakeriet, om kvelden  17. januar.

 

Vi lar oss imponere !

Vikebygd får det til!
Ikkje berre klarer vi i denne bygda å lage gode arrangement som samlar folk, både frå vår bygd og frå nabo bygdene, men vi stiller også med dyktige artistar.  Det viktigaste for å vera ein god artist er eigentleg å våge, øve og ha gode rettleiarar.

Musikkorps å vera kry av!
I den eine bygda etter den andre vert korps lagde ned pga for lita oppslutning.
I Vikebygd veks korpset.  Dei unge og dei erfarne vaksne spelar saman, inspirerer kvarandre og er stolte av det dei får til. Og vi er stolte òg.  Spesielt av at det kunne stå fem unge aspirantar på scenen og spele på konserten. Heilt fremst - og det let flott i instrumenta. Så har dei ein god læremeister og dirigent, men mest av alt - det er vaksne som ikkje gir opp.  Det har dei unge å sjå opp til.
Takk!

Ikkje berre ein ting
Vi er 560 menneske i Vikebygd. Dei siste seks åra har talet auke med 35 personar.  Velkommen! Nå er det slik at mange som er frå bygda finn seg ein å vera glad i som er utanfrå, men her er også dei som flyttar til av rein lyst, utan slektsband.  Kva er det med Vikebygd?

Så ser vi at dei som kjem blir bitne av same basillen.  Dei blir med i, ikkje berre ein, men fleire av dei mange aktivitetane Vikebygd har å tilby.  Vi finn dei i korps, fotball, orientering, speidar, Vikebuen, båtlaget Laurdags-klubb og kyrkje.  Kan vi seia det slik at dersom du ynskjer eit stille, anonymt tilvære, så er ikkje Vikebygd plassen for deg? Eg vonar at dei som kjem kan seia at dei er godt mottekne.  At dei blir inkluderte.  Flott at så mange vel Vikebygd.  Kanskje smittar dugnadsånda, gleda og lysta  til å delta?

Musikktalent
Det var mange ulike aktørar på sce-nen. Vi fekk gle oss over Vegard sine flotte songar; Lina, Lene og Inger sin fleirstemte song; korpset sin musikk, og unge Miriam Liodden som stilte opp med solosong saman med mora. Ho hadde øvd seg opp sjølv på musikk ho fann på youtube. - Kan ikkje eg få syngja på julemessa, hadde ho spurt om.

Julemessa som samlar
Det var utruleg mange flotte utstil-larar. Mykje handarbeid, men også mat, kunst, bustadsal, knivsmed, julepynt osb.  - Vi måtte seia nei til ein del som ynskte å delta, for det var ikkje plass nok. Då prioriterte vi dei lokale, fortalde Ingrid Sørvåg som var svært nøgd med eit godt gjennomført arrangement.  Mona Schnabel kunne telja opp ein brutto på over 31.000 kroner til laget, frå loddsal og kafé.

Vi lar oss imponere !

Ingrid Sørvåg leia arrangementet frå scenen
Ingrid Sørvåg leia arrangementet frå scenen.
Ei stødig hand på roret.  Ho kunne også kunngjere "Årets Vikebu" og mange glade vinnarar i utloddinga.  Styremedlem i eit lag med berre kvinner (og uten formell leiar)kunne elles gi klemmar og takk til fleire mannfolk for god hjelp.
Inger, Lina og Lene.
Fin fleirstemt song av Inger, Lina og Lene.
Dei sette folket i julestemning med
"En krybbe var vuggen", og fleire
andre flotte songar.
Vegard Skartlandsong fleire songar til musikk av Arne Tveit
Vegard Skartland song fleire songar til musikk av Arne Tveit, som fylte 50 år denne dagen. Salen måtte vera med i
"Happy Birthday To You"
Sal og underhaldning.  Torfinn Dommersnes med mykje flott og sjølvlaga.
Torfinn Dommersnes stiller trufast opp med pyntekransar, tolleknivar, krokete stavar, kulepennar i tre og skrin.  Nytt i år var barberhøvel i flott skrin.

Miriam Liodden imponerte med flott song

 


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Klikk på plakaten over for
å sjå den i stort format

Full produksjon og sal av tjukkasar ved disken der Gunn Vikingstad heldt til.  Av og til måtte ho få avlastning av Ola Harald også.
 
 

Link til FOTOALBUMET

 
 
 
 
 
 
 
 

Førehandsinformasjonen:

JULEMESSE
Laurdag 17. november

Laget 'Vikebuen' inviterer til
julemesse på Bygdahuset

  • laurdag 17. november
    kl. 12:00 – 16:00.

Her blir det

  • song av Vegard Skartland
  • korpsmusikk
  • song av Inger Karlsen/
    Lene Liodden/Lina Fisk Eide.
  • Loddsal med fine gevinstar som utstillarane har gitt, samt eiga barneloddbok for dei minste.
  • Det blir som vanleg kafé med sal av julegraut, pølse m/brød, kaffi og kaker. Me ynskjer alle velkommen!

Med venleg helsing
Styret i Vikebuen

(Last ned plakat her)

 

 

ÅRETS VIKEBU
Laurdag 17. november

Laget Vikebuen ynskjer å gjera stas på alle dei som gjer så stor innsats for bygda vår. Dei ynskjer difor å starta ein tradisjon kor dei heidrar ein person eller eit lag med tittelen: Årets Vikebu

For å finna ein verdig kandidat til denne tittelen så treng Vikebuen innspel frå deg og alle andre her i bygda.  Har du forslag til personar som fortener å bli heidra litt ekstra?

Ta kontakt med ein i styret i Vikebuen eller send ein e-post med namn og ei kort grunngjeving kvifor akkurat denne personen fortener å bli kåra til:
Årets Vikebu
Bruk e-postadressa:
vikebuen@hotmail.no 

Kven som blir årets Vikebu blir offentleggjort på julemessa 17. nov. 

Med venleg helsing
Styret i Vikebuen
Ingrid Sørvåg, Inger Kathrine Sundve,
Linda Langeland, Mona Schnabel, Hilde Fredriksen og Beate Håland

(Last ned plakat / info her)

 

 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org