Ope møte på bygdahuset 29. november:
Grendautvalet konstituert
(30.11.2012)
Det nyvalde grendautvalet kalla inn til ope
møte for å leggja fram forslag til vedtekter og konstituere styret. Det
vart nok ikkje særleg andre stolar enn dei rundt møtebordet som vart
varme denne kvelden, men det formelle vart på plass slik at ein nå kan
registrere Vikebygd Grendautval i Brønnøysundregisteret. Noko som er
føresetnad for å kunne oppretta bankkonto og søkja tilskott frå
kommunen.
Grendautvalet valde Lauritz Bjørnevik som leiar for eitt år, og
har med seg Jens Morten Koltveit, Even Bjørnevik,
Bergfrid kolltveit og Frantz Lea. I tillegg kjem varamann Leif Jørgensen.
I vedtektene er nedfelt dette føremålet:
Vikebygd Grendautval skal arbeida for at Vikebygd er ei levande og god
bygd å bu i og skal ta opp saker som er av allmennyttig interesse.
Laget skal leggja vekt på å høyra og samordna interessene i bygda.
Vikebygd Grendautval skal vera eit bindeledd mellom innbyggjarane
og kommunen, mellom anna ved å vera høyringsinstans ovanfor kommunen i
saker som særleg vedkjem Vikebygd. Alle i bygda kan koma med
innspel om saker.
Dei har vedteke å ha
informasjonsmøte minst ein gong i året, men at alle styremøter er opne.
Kvar haust vil dei ha eit årsmøte der det er val på medlemmer i utvalet,
men slik at dei set for to år. Med fleire gode idear tyder dette på at
Vikebygd også i åra framover vil ha eit aktivt grendautval.
Les
lengre nede om bygdamøtet der Grendautvalet vart valde.
Brev
til kommunen frå Grendautvalet |
Bygdemøte på Bygdahuset måndag 15. oktober.
Godt frammøte til informasjon og val
Frammøte i god tid
(SteinarS
15.10.2012) Først - beklagar at det stod feil klokkeslett her på Vikebygd.org.
Bygdemøtet starta klokka 19:30, som det også stod på plakaten.
Men
på vikebygd.org var tidspunktet oppgjeve til klokka 19:00. Så vart det
ein del som måtte venta litt ekstra, før hovudtyngda av folket kom. Men
huset var ope og Grendeutvalet i full gong med å halda sitt siste styremøte
før valet. Kaffi og kaker stod klar, og etter lyden å døma så var det mange
som sette pris på ei lita stund til å prata med naboen.
Då møtet tok til var det omlag 40 frammøtte til eit godt
planlagt og gjennomført møte, leia av Rune Hetland, som får ros for
leiarskapen i Grendeutvalet. I møtet kom det fram mange gode og kreative
forslag som kan gjera bygda betre for folka som bur her.
Vegen forbi
Vossaplasset-svingane i stampe.
Gjennom mange tiår har ein kjempa for tryggare veg for folk som bur i bygda,
for skuleborna på veg til skule eller på sykkel til aktivitetar i sentrum,
eller for for bilistar på veg til arbeid eller nabobygda. Nå har kommunen
sagt seg villig til å forskottera kostnadane med veg forbi Vossaplass
svingane dersom grendeutvalet får til ei ordning med grunnavståing.
Vindafjord Arbeidsgjevarforeining (VAF) har gitt tilsegn om 500.000 i stønad
til sykkel og gangsti herfrå og bortover til butikken. Bygda har også sett
av 100.000 kroner etter rivinga av skulen, som kan gå inn i planarbeidet.
Fylket (dette er ein fylkesveg) er positiv til å finna ei løysing.
Men nabbane og dei trafikkfarlege svingane, dei vert
verna om. Til frustrasjon for dei som tenkjer sikkerheit og ei bygd
som skal tiltrekkja seg nye innbyggjarar og arbeidsplassar.
-
Me har sykkel og gangsti, nå må me få veg, vart det sagt. Men fleire på
møtet rista oppgitt på hovudet når Rune Hetland kunne informera om at planen
om å få vekk den trafikkfarlege vegstubben frå Vossaplassbrua til
kyrkjevegen, ser ut til å bli utsett på ubestemt tid fordi det ikkje let seg
gjera å få til friviljuge avtalar om grunnavståing med to av grunneigarane.
Rune Hetland og Ståle Jordal har forhandla med alle grunneigarane.
-Av dei 10-12 grunneigarane er det to som ikkje vil vera med på ein
frivillig avtale, sa Rune Hetland i orienteringa si.
-Dermed får ein ikkje koma i gong med planane og arbeidet. -Ekspropriasjon! var eit ord som kunne høyrast frå fleire i pausen og
utanfor bygdahuset etter møtet. Det skal vera eit møte mellom kommunen
og Statens Vegvesen om nokre veker der saka vert drøfta vidare. Usemja
med grunneigarane som ikkje vil seia ja til frivillig avtale går både på
pris og løysing.
Tilsegnet frå VAF er tidsavgrensa og kan falla bort om
ein ikkje klarer å få til ei løysing. Då kan Vossaplass svingane bli ståande
som endå eit monument over manglande evne til å samarbeida om betre
trafikksikre vegar. -Frantz Lea viste til eksempla på dette frå
tidlegare vegutbetringar, t.d. den bergnabben som står igjen sør for Buvika
og den store steinen som er ferdig bora på Dommarsnes. -Nå må omsynet
til fellesskapet vega tyngst, var ord som fall i pausen.
Mykje er positivt i
bygda
Ingve,
Ida og Bergfrid Kolltveit hadde vanskar med å finna ord på utfordringane og
kva som måtte gjerast betre i Vikebygd. -Her er godt å bu, var konklusjonen
deira.
Dei kom frå småbyen Odda, men såg stort sett berre positive ting og fordeler
med Vikebygd. Men ein ting sakna dei ekstra: Gatelys! -Det
er mørkt langs vegen, hadde tenåringen Ida trekt fram. Nedover til
Liofeltet, ved ballbingen og på grasbanen. Men Hanne Jorunn kunne fortelja
at nå i dag var det komme lys i ballbingen. Så ting skjer. Familien
Kolltveit oppfordra også til rydding av turløypene som er attgrodde.
Dei har busett seg i det gamle posthuset, som nå er pussa
flott opp. Huset ligg like i vegkanten. -Det er mykje stygg køyring og høg
fart på bilar gjennom sentrum, sa Bergfrid og etterlyste fartsdumpar.
-Dette har Grendeutvalet også på si tilrådingsliste, kunne Hetland skyte
inn.
Kreative innspel og godt humør
Franz
Lea er også ein av dei nye som har slege rot i bygda. Han hadde eit
humørfylt innlegg med mange minner frå ungdomstida i Vikebygd ispedd
kreative forslag til tiltak det nye Grendautvalet kunne ta tak i.
Gondolbane til Trollanibba og ake-renne frå Alnaåsen og ned i sjøen, var
mellom dei.
Meir jordnære forslag var å hogge bort skog og kratt
rundt byggjefelta og sentrum. -Folk vil ha utsikt når dei skal velje tomt,
men her ser dei berre rett inn i krattskogen! Reinsk også langs
Vikeelva så den vert synleg. Eg stiller gjerne på
dugnad, sa han og foreslo vidare å byggja tak over alt ein laga.
-Vi har
klimaendringar og her blir meir regn i framtida. Grillplass, ballbinge
og grasbane bør ha tak over seg! Elles ynskte han seg: Post i butikk,
pol i butikk, brannstasjon, helsestasjon, swingkurs og danseaften ein gong i
månaden. Som nyvald i grendeutvalet får han høve til å arbeida for
realisering av ideane.
Prioritering og å
stå saman om tiltak
Ei kort oppsummering av dei viktigaste tiltaka
Grendautvalet ser for seg framover er å leggja tilrette grillplass /
grillhytte på Bryggjebakken, ein liten kunstgrasbane under tak (40x20
meter), uformelle møteplassar for både ungdom og vaksne og sjølvsagt betre
veg til Isvik. -Her må ein samarbeida og bestemma seg for kva ein skal satsa
på, sa Lauritz Bjørnevik då salen fekk koma til orde. -Elles vert det berre
rosiner på kvar og ein får ingen ting gjort. Eit innspel også
avtroppande grendeutval var samd i.
Val på nytt
grendeutval
Men
dette er saker det nyvalde grendeutvalet får ta tak i. I slutten av
møtet vart det halde val. Heile 9 kandidatar hadde sagt ja til å
stille til dei 5 plassane i grendeutvalet.
Av desse vart fylgjande valde:
Even Bjørnevik, Jens Morten Koltveit, Bergfrid kolltveit, Lauritz
Bjørnevik og Frantz Lea. Møtande varamann vart Leif Jørgensen. Dei
konstituerer seg sjølv og vel leiar.
Avtroppande utval tel opp røystene.
Me gratulerer desse med valet. Dei har mange saker å
ta fatt i. Mellom anna å utarbeida og vedta vedtekter for grendeutvalet.
Dette er eit krav frå kommunen for å yta stønad, og hadde ein frist sett til
1. oktober, noko dei må søkja om utsetjing på dersom dette ikkje skal koma i
vegen for stønaden for 2012. Truleg bør desse vedtakast av eit nytt ope
bygdamøte.
Les meir om grendautvalet her.
|
Grendautvalet kalla inn til
BYGDEMØTE FOR VIKEBYGD
på Vikebygd Bygdehus, måndag 15. oktober 2012, klokka 19:30På
programmet var:
- Opning ved Rune Hetland
INFORMASJON OM SAKER SOM ANGÅR BYGDA:
- Vikebygd, sett frå ein innflyttar sitt synspunkt ved:
Frans Lea, Bergfrid Kolltveit og Ida Kolltveit.
- Ståle Jordal: info om vei.
- Kort informasjon: status for tidligare saker tatt opp på bygdemøtet i
Juni.
- Trafikksikringstiltak
- Tilråding til bruk av kai og naust.
- Val av nytt Grendautval
(Last
ned plakaten her)
Les uttale om overtaking av kai-prestabryggå i Vikebygd
HER
Les Grendeutvalet sine innspel til
trafikksikringstiltak,
HER
Nye retningsliner for Grendeutvala
Utval for Drift Utvikling og Kultur (DUK) gjorde fylgjande vedtak i møte 27.
august i år:
Sak: DUK-036-12 (Du
kan laste ned heile saka her)
- Ordninga med tilskot til grendeutvala vert avgrensa til dei 9
grendene som er
omtala i kommuneplanen.
- Det vert stilt følgjande vilkår for økonomisk støtte og for å vera
formell
høyringsinstans for bygda:
a. Grendeutvalet må ha eigne vedtekter.
b. Vedtektene må opne for at alle i grenda kan vera med.
c. Det må vera regelmessige opne val.
d. Føremålet med utvalet må vera knytt til generell utvikling av grenda.
- Avsette midlar kvart år vert tildelt dei lag som tilfredsstiller
vilkåra, etter
søknad.
- Søknadsfrist vert sett til 1. mars (I 2012 vert fristen 1. oktober).
- Grendeutvala er formell høyringsinstans i saker som er spesielle
for den
einskilde bygd, slik det er skildra i saksutgreiinga.
- Budsjettet vert endra i tråd med framlegget i vurderinga.
- Sak om fordeling skal leggjast fram for DUK for endeleg avgjerd.
Grendautvalet som høyringsinstans
I vedtaket vert synt til utgreiinga frå rådmannen, der det står fylgjande å
lesa:
Høyringsinstans i saker som gjeld aktuell bygd
Det er nødvendig å avklare kva forventningar som ligg i dette. Strengt tatt
vil alle saker som omhandlar nivået på det kommunale tenestetilbodet i
kommunen og gjelda aktuell bygd. Ein reknar med at det ikkje er intensjonen
i vedtaket. Det ville i så fall bli ein tidkrevjande og omfattande prosess,
som ville sinke saksbehandlinga mykje. Det kan vera meir naturleg å avgrense
dette til saker som er spesielle i den aktuelle bygd som
infrastrukturtiltak, lokale kommunale institusjonar mv. Grendeutvala kan på
eiga hand ta initiativ til å uttale seg i andre generelle saker. |
Les uttale om overtaking av kai-Prestabryggå i Vikebygd
HER
Les Grendeutvalet sine innspel til trafikksikringstiltak,
HER |
Nye retningsliner for Grendeutvala
Utval for Drift Utvikling og Kultur (DUK) gjorde fylgjande vedtak i møte 27.
august i år:
Sak: DUK-036-12 (Du
kan laste ned heile saka her)
- Ordninga med tilskot til grendeutvala vert avgrensa til dei 9
grendene som er
omtala i kommuneplanen.
- Det vert stilt følgjande vilkår for økonomisk støtte og for å vera
formell
høyringsinstans for bygda:
a. Grendeutvalet må ha eigne vedtekter.
b. Vedtektene må opne for at alle i grenda kan vera med.
c. Det må vera regelmessige opne val.
d. Føremålet med utvalet må vera knytt til generell utvikling av grenda.
- Avsette midlar kvart år vert tildelt dei lag som tilfredsstiller
vilkåra, etter
søknad.
- Søknadsfrist vert sett til 1. mars (I 2012 vert fristen 1. oktober).
- Grendeutvala er formell høyringsinstans i saker som er spesielle
for den
einskilde bygd, slik det er skildra i saksutgreiinga.
- Budsjettet vert endra i tråd med framlegget i vurderinga.
- Sak om fordeling skal leggjast fram for DUK for endeleg avgjerd.
Grendautvalet som høyringsinstans
I vedtaket vert synt til utgreiinga frå rådmannen, der det står fylgjande å
lesa:
Høyringsinstans i saker som gjeld aktuell bygd
Det er nødvendig å avklare kva forventningar som ligg i dette. Strengt tatt
vil alle saker som omhandlar nivået på det kommunale tenestetilbodet i
kommunen og gjelda aktuell bygd. Ein reknar med at det ikkje er intensjonen
i vedtaket. Det ville i så fall bli ein tidkrevjande og omfattande prosess,
som ville sinke saksbehandlinga mykje. Det kan vera meir naturleg å avgrense
dette til saker som er spesielle i den aktuelle bygd som
infrastrukturtiltak, lokale kommunale institusjonar mv. Grendeutvala kan på
eiga hand ta initiativ til å uttale seg i andre generelle saker.
Grendautvalet kallar inn til
BYGDAMØTE FOR VIKEBYGD
på Vikebygd Bygdahus, måndag 15. oktober 2012, klokka 19:00
På
programmet står:
- Opning ved Rune Hetland
INFORMASJON OM SAKER SOM ANGÅR BYGDA:
- Vikebygd, sett frå ein innflyttar sitt synspunkt ved:
Frans Lea, Bergfrid Kolltveit og Ida Kolltveit.
- Ståle Jordal: info om vei.
- Kort informasjon: status for tidligare saker tatt opp på bygdemøtet i
Juni.
- Trafikksikringstiltak
- Tilråding til bruk av kai og naust.
- Val av nytt Grendautval
og
- Kanhende kjem Vegard Skartland og syng.
(Last
ned plakaten her) |
Grendautvalet med innspel til
Trafikksikringstiltak i Vikebygd
I brev til kommunen 30. september, kjem Grendautvalet
med fylgjande framlegg til trafikksikringstiltak:
Gong og sykkelveg Butikken og Vossaplass
Vikebygd
Grendautval ber om at ein ser på om det er mogleg å få til ei løysing
angåande gong og sykkelveg mellom butikken og Vossaplasset. Grendautvalet
jobbar for å komma fram til ei løysing med grunneigarane. Det er viktig for
trafikksikringa at dei mjuke trafikkantane vert ivaretatt, og at denne
fortsatt blir med på trafikksikringsplanen vidare.
Veg v/Vossaplass og veg v/Kyrkja
Grendautvalet ber om at ein ser på vegløysinga mellom Vossaplass og veg ned
ved kyrkja.
Er her mogleg å få til ei betre vegløysing?
Fartshumpar
Grendautvalet ber om moglegheit for å få laga 2 stk fartshumpar i retning
frå Skjold: 1 ved bru før Vikebygd landhandel og 1 ved Vikebygd bedehus.
Dette pga. at mange køyrer med høg fart på denne lange vegstrekninga. Dei
håpar at ein med eit slik tiltak får ned farten i området og på denne måten
får ei meir trafikksikker vegstrekning. Det er fleire vegar som har
utkjørsel her og ein har mange mjuke trafikantar som ferdast i området.
Gatelys på gongveg frå skulen og ned til brannstasjon
Grendautvalet ber om mogelegheit for å få gatelys i gongvegen oppe ved
skulen og ned til brannstasjon. Denne vegstrekninga er i dag mørk. Arbeidet
er på begynt og grendautvalet stiller spørsmål til om det er mogleg å få
dette ferdigstilla. Dette er ein veg som skule-borna ferdast på til og
frå skulen og no om hausten og vinteren er det mørkt, her finnest ikkje noko
lys i det heile tatt.
Vegkryss ned til Årvik
Grendautvalet ber om at ein ser på moglegheit for å skyta vekk
ein knaus ved nedkjørsla til Årvik. Dette for å få betra oversikta i
forbindelse med nedkjørsla hit. Her er dårleg over-sikt. Dette
hadde hjulpe på sikta og betra trafikksikkerheita på denne vegstrekninga
Fortsetjing av gong og sykkelveg Alnavegen og til Kvame
Grendautvalet ber kommunen om å sjå på moglegheita for også å få
forlenga sykkel og gongsti også på denne strekninga. Her er mange
mjuke trafikkantar som ferdast i området.
Les brevet frå Grendautvalet her
|
Bygdemøte på Bygdahuset måndag 15. oktober.
Godt frammøte til informasjon og val
Frammøte i god tid
Først - beklagar at det stod feil klokkeslett her på Vikebygd.org.
Bygdemøtet starta klokka 19:30, som det også stod på plakaten.
Men
på vikebygd.org var tidspunktet oppgjeve til klokka 19:00. Så vart det
ein del som måtte venta litt ekstra, før hovudtyngda av folket kom. Men
huset var ope og Grendeutvalet i full gong med å halda sitt siste styremøte
før valet. Kaffi og kaker stod klar, og etter lyden å døma så var det mange
som sette pris på ei lita stund til å prata med naboen.
Då møtet tok til var det omlag 40 frammøtte til eit godt
planlagt og gjennomført møte, leia av Rune Hetland, som får ros for
leiarskapen i Grendeutvalet. I møtet kom det fram mange gode og kreative
forslag som kan gjera bygda betre for folka som bur her.
Vegen forbi
Vossaplasset-svingane i stampe.
Gjennom mange tiår har ein kjempa for tryggare veg for folk som bur i bygda,
for skuleborna på veg til skule eller på sykkel til aktivitetar i sentrum,
eller for for bilistar på veg til arbeid eller nabobygda. Nå har kommunen
sagt seg villig til å forskottera kostnadane med veg forbi Vossaplass
svingane dersom grendeutvalet får til ei ordning med grunnavståing.
Vindafjord Arbeidsgjevarforeining (VAF) har gitt tilsegn om 500.000 i stønad
til sykkel og gangsti herfrå og bortover til butikken. Bygda har også sett
av 100.000 kroner etter rivinga av skulen, som kan gå inn i planarbeidet.
Fylket (dette er ein fylkesveg) er positiv til å finna ei løysing.
Men nabbane og dei trafikkfarlege svingane, dei vert
verna om. Til frustrasjon for dei som tenkjer sikkerheit og ei bygd
som skal tiltrekkja seg nye innbyggjarar og arbeidsplassar.
-
Me har sykkel og gangsti, nå må me få veg, vart det sagt. Men fleire på
møtet rista oppgitt på hovudet når Rune Hetland kunne informera om at planen
om å få vekk den trafikkfarlege vegstubben frå Vossaplassbrua til
kyrkjevegen, ser ut til å bli utsett på ubestemt tid fordi det ikkje let seg
gjera å få til friviljuge avtalar om grunnavståing med to av grunneigarane.
Rune Hetland og Ståle Jordal har forhandla med alle grunneigarane.
-Av dei 10-12 grunneigarane er det to som ikkje vil vera med på ein
frivillig avtale, ein i kvar ende, sa Rune Hetland i orienteringa si.
-Dermed får ein ikkje koma i gong med planane og arbeidet. -Ekspropriasjon! var eit ord som kunne høyrast frå fleire i pausen og
utanfor bygdahuset etter møtet. Det skal vera eit møte mellom kommunen
og Statens Vegvesen om nokre veker der saka vert drøfta vidare.
Tilsegnet frå VAF er tidsavgrensa og kan falla bort om
ein ikkje klarer å få til ei løysing. Då kan Vossaplass svingane bli ståande
som endå eit monument over manglande evne til å samarbeida om betre
trafikksikre vegar. -Frantz Lea viste til eksempla på dette frå
tidlegare vegutbetringar, t.d. den bergnabben som står igjen sør for Buvika
og den store steinen som er ferdig bora på Dommarsnes. -Nå må omsynet
til fellesskapet vega tyngst, var ord som fall i pausen.
Kva er positivt i
bygda?
Ingve,
Ida og Bergfrid Kolltveit hadde vanskar med å finna ord på utfordringane og
kva som måtte gjerast betre i Vikebygd. -Her er godt å bu, var konklusjonen
deira.
Dei kom frå småbyen Odda, men såg stort sett berre positive ting og fordeler
med Vikebygd. Men ein ting sakna dei ekstra: Gatelys! -Det
er mørkt langs vegen, hadde tenåringen Ida trekt fram. Nedover til
Liofeltet, ved ballbingen og på grasbanen. Men Hanne Jorunn kunne fortelja
at nå i dag var det komme lys i ballbingen. Så ting skjer. Familien
Kolltveit oppfordra også til rydding av turløypene som er attgrodde.
Dei har busett seg i det gamle posthuset, som nå er pussa
flott opp. Huset ligg like i vegkanten. -Det er mykje stygg køyring og høg
fart på bilar gjennom sentrum, sa Bergfrid og etterlyste fartsdumpar.
- Dette har Grendeutvalet også på si tilrådingsliste, kunne Hetland skyte
inn.
Franz
Lea er også ein av dei nye som har slege rot i bygda. Han hadde eit
humørfylt innlegg med mange minner frå ungdomstida i Vikebygd ispedd
kreative forslag til tiltak det nye Grendautvalet kunne ta tak i.
Gondolbane til Trollanibba og akerenne frå Alnaåsen og ned i sjøen, var
mellom dei.
Meir jordnære forslag var å hogge bort skog og kratt
rundt byggjefelta og sentrum. -Folk vil ha utsikt når dei skal velje tomt,
men her ser dei berre rett inn i krattskogen! Eg stiller gjerne på
dugnad, sa han og foreslo vidare å byggja tak over alt ein laga.
-Vi har
klimaendringar og her blir meir regn i framtida. Grillplass, ballbinge
og grasbane bør ha tak over seg! Elles ynskte han seg: Post i butikk,
pol i butikk, brannstasjon, helsestasjon, swingkurs og danseaften ein gong i
månaden. Som nyvald i grendeutvalet får han høve til å arbeida for
realisering av ideane.
Ei kort oppsummering av dei viktigaste tiltaka
Grendautvalet ser for seg framover er å leggja tilrette grillplass /
grillhytte på Bryggjebakken, ein liten kunstgrasbane under tak (40x20
meter), uformelle møteplassar for både ungdom og vaksne og sjølvsagt betre
veg til Isvik.
-Her må ein samarbeida og bestemma seg for kva ein skal
satsa på, sa Lauritz Bjørnevik då salen fekk koma til orde. -Elles vert det
berre rosiner på kvar og ein får ingen ting gjort. Eit innspel også
avtroppande grendeutval var samd i.
Val på nytt
grendeutval
Men
dette er saker det nyvalde grendeutvalet får ta tak i. I slutten av
møtet vart det halde val. Heile 9 kandidatar hadde sagt ja til å
stille til dei 5 plassane i grendeutvalet.
Av desse vart fylgjande valde:
Even Bjørnevik, Jens Morten Koltveit, Bergfrid kolltveit, Lauritz
Bjørnevik og Frantz Lea. Møtande varamann vart Leif Jørgensen. Dei
konstituerer seg sjølv og vel leiar i første møte.
Avtroppande grendautval tel opp røystene.
Me gratulerer desse med valet. Dei har mange saker å
ta fatt i. Mellom anna å utarbeida og vedta vedtekter for grendeutvalet.
Dette er eit krav frå kommunen for å yta stønad, og hadde ein frist sett til
1. oktober, noko dei må søkja om utsetjing på dersom dette ikkje skal koma i
vegen for stønaden for 2012. Truleg bør desse vedtakast av eit nytt ope
bygdamøte. |
Trafikkteljing ved Bruarvatnet i Årvik?
Også kalla Bakkavatnet og Bakkafossen
(SteinarS
15.10.2012) I vegkanten like ved fossen i "Bakkjen" står
eit skap på ein stolpe. Her har det vore i mange år. For den som
stoppar opp og studerer dette nøyare kan ein sjå at Statens Vegvesen har
sett på eit merke med teksten: "Trafikkregistrering."
Nå
undrar fleire seg på kva som ligg bak dette. Ein meir hensiktsmessig plass
for trafikkregistrering ville vel vore ved Svendsbø brua, det er der det er
størst trafikk.
Spørsmålet om kva som ligg i dette vil bli retta til
Vegvesenet. |
|
|
|
|
|
|
|
|