Kyrkjene i Vindafjord får ulik liturgi
Ny, lokal grunnordning for gudstenestene
(10.10.12
SteinarS) Med over 520 medlemer i Den norske Kyrkja i Vikebygd,
- og eit gjennomsnittleg frammøte til gudstenestene på 80 personar i 2011,
skulle ein tru at mange var opptekne av korleis det vert å delta i kyrkja
frametter. Men berre ni møtte då Soknerådet kalla inn til soknemøte om "lokal grunnordning for
gudstenesta," onsdag 10. oktober. Møtet vart halde på bedehuset.
Øyvind Valen, som har leia ei nemnd
som har sett på liturgien i vår lokale kyrkja, orienterte om forslaget dei
har laga til endringar. Dei har teke utgangspunkt i hovud-strukturen i
gudstenestene i dag, og føreslår mindre endringar i denne. Erfaringar
og tilbakemeldingar lokalt er samanhalde med forslag dei fekk på kurs og i
sentrale framlegg. I Vikebygd vil nok dei fleste kjenna igjen
gudstenesta også i framtida - og det skal ikkje skremma nokon frå å delta.
Store forskjellar mellom nabosokn
Fleire var meir uroa over at det kan verta store forskjellar i
gudstenestene mellom dei ulike sokna. I Skjold og Vikedal er det
vedteke store endringar, noko ein ikkje har vald å gjera lokalt. -Vedtaket
gjeld for 2-4 år, sa sokneprest Johannes Nedrelid. -Ein kan tidlegast
endra framlegget om to år, men det skal seinast evaluerast om fire år.
'Klokkaren' er borte -
erstatta av 'Medliturg'
Den gamle skikken med klokkar er skifta ut med omgrepet: 'Medliturg.'
Dette kan vera omlag det same som klokkar har vore til nå, eller at ein
inkluderer konfirmantar eller andre til å delta med ulike oppgåver.
Nytt i forslaget er at medliturgen skal orientere om gangen i gudstenesta
heilt i starten, etter at ringinga er ferdig. Her vil også kunngjeringane
koma. Etter orienteringa slår klokkene tre slag, og gudstenesta kan ta til.
Ein vil også ta i bruk den nye versjonen av "Fader Vår" som frå nå av tek
til med: "Vår Far i Himmelen." I starten av forbøna vil ein minnast
dei døde som har gått bort sidan sist gudsteneste og be for dei sørgjande.
I hovudsak vart framlegget til ny gudstenesteordning
godt motteke i soknemøtet, men det er soknerådet som endeleg vedtek den nye
ordninga. |