Næringsliv  -    Landhandel     -      Skule og Barnehage   -      Kyrkja    -      V.I.L   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
 
 

10-års jubileum for Vikeputten laurdag 30. april 2011

 
Vikeputten 30. april 2011 vart knall suksess
700 born frå 76 lag spela fotball i strålande sol frå morgon til kveld.

(1.5.2011 SteinarS)  -Då vi starta opp Vikeputten for 10 år sidan var det kanskje med 20 lag.  Dette har auka gradvis og i år er det ny rekord med 76 lag, fortel primus motor for Vikeputten, Rune Hetland. 

  Leiaren i fotballgruppa, Tore Espeland, legg vekt på den rolla Rune har spela i å få til dette arrangementet.  Saman gler dei seg over at arrangementet har gått knirkefritt og takkar sponsorane for den økonomiske hjelpa.  Dei viser stolt fram gåvesjekken på 25.000 kroner frå SR-bank.
  -Men den lokale verksemda, Dommersnes og Larsen AS, har gitt minst like stor støtte, understrekar Rune.  Dei har sponsa 700 T-skjorter til alle spelarane og alle premiane.

Har det vore nokre skader?
   -Vi hadde beredskap med to sjuke-pleiarar, men det har ikkje vore alvorlege skadar, seier Tore.  Det var ein fot vi måtte kjøle ned med is, men det var ikkje beinbrot. Elles berre småskrammer.

Og folk var fornøgde og glade
  
- Eg har berre ein ting å klaga på, sa ei mor frå Bokn, det er all bjørkepollen som nå er i lufta i Vikebygd. Og allergikaren naus kraftig innimellom snufsinga..
 

Tore og Rune.  Klikk for større bilde.
Tore Espeland og Rune Hetland med sponsorsjekk og blomar.  

Fotoalbum for Vikeputten - klikk HER
Dersom her er lagt ut bilete som nokon ynskjer skal fjernast
så send ei melding til steinar.skartland@vikebygd.org

Kostar det noko å delta?

    -Dei 76 laga som deltek betaler kvar 450-500 kroner alt etter kor mange lag dei har med, seier Rune.
    -Saman med utruleg god støtte frå ca 50 store og små sponsorar og ikkje minst ein fantastisk gjeng som sel mykje og rimeleg frå kafeen, så blir det ein fin netto på arrangementet.
    -Det fortener og dei om lag 100 i bygda som nå deltek med ein imponerande dugnadsinnsats før og under Vikeputten. Eg er utruleg takknemleg og imponert over kor positive og ikkje minst flinke alle er i sine oppgåver, seier Rune Hetland.

Dugnadsbygda
    Dugnadsinnsatsen kan denne bygda verkeleg vera stolt over.
Og pengane kjem vel med; både til å finansiera klubbhuset, opprusting av anlegget, utstyr og drift av laget.

    -Med Vikeputten og Vikebygd-festivalen slepp me å gjera all slags smådugnader for å skaffa pengar til laget og kan elles konsentrera oss om det sportslege.
   ....og sjølv om det kostar tid og krefter er jo det verkeleg givande å sjå at me klarer å få til eit så stort arrangement som skaper så mykje trivsel for dei unge, og det ser ut til at dei vaksne også kosar seg i Vikebygd denne dagen.  At me set Vikebygd på kartet er og viktig.

 

Parkering over alt langs vegen.  Klikk for stort bilde.
I tillegg til alle parkeringsplassar ved Bygdahuset stod bilar langs vegen mange hundre meter.
 

Rune informerer spelarane.  Klikk for stort bilde.
Rune delte ut lagbilete og diplomar til alle spelarane, og las difor opp over 700 namn.
 

Klikk for stort bilde
Jentene frå Etne møtte Vikebuen

Kristian Bjørnevik - suveren i mål
Kristian Bjørnevik - uredd målvakt
Klikk her for stort bilde
Mål !!
Gudvin Hetland - ein av mange lokale dommarar
Gudvin Hetland - fotballdommar

8 kampar vart spela samstundes og 15 - 20 domarar bytte på å døma kampane.  Skifte mellom laga gjekk knirkefritt.
 

-
Les meir om turneringa her.

Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen

Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.  Nasjonaldagen 2010

Vikestølsmøtet
4. juli 2010

Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her

Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009

Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009

Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010

Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir  frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet.
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.
 

Turnering for mini-/ lillegutar / -jenter 6 - 10 år

 

Forhåndsinformasjon:
Vikebygd IL har i år 10 års jubileum for den populære fotballturneringa Vikeputten, for dei yngste laga. Turneringa er den største turneringa på indre Haugalandet før seriestart. 

-Det er svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane, skriv Rune Hetland i eit informasjons-skriv frå fotballgruppa.  Idrettslaget legg vekt på å skapa eit godt miljø og gje inspirasjon for unge håpefulle i distriktet.  I Jubileumsåret har Vikebygd IL investert om lag 60 000 kroner for å rusta opp anlegg og utstyr for å gjera turneringa så bra som muleg for deltakarar og publikum.

-Påmeldingane i år tilseier at det blir 76 lag med om lag 700 spelarar. Det er rekord. Med spelarar, lagleiarar, foreldre og publikum reknar Vikebygd  IL med at det vil vera nær 2000 personar innom arrangementet, skriv Hetland.

-Me gledar oss og håpar både leiarar og unge håpefulle fotballspelarar gjer det same.  Me ser fram til eit nytt arrangement, med ei miljøskapande turnering som gir inspirasjon til dei unge i starten på ein ny fotballsesong.
  

Vikeputten er ei kompakt turnering ved at kampane blir avvikla slik at det ikkje skal bli lang ventetid.  Målet er at laga får spela alle kampane sine på 3 - 4 timar, og dermed blir det litt igjen av dagen til andre gjeremål, om ønskjeleg!

Kampane blir spela på grasbanen i Vikebygd, ein av dei tidlegaste banane i distriktet om våren.  Alle kampane går på gras.
 

Det blir spela 5-er fotball for alle klassane.  Kampane er på 2 x 12 min / 2 x 15 min. etter  antal kampar og lag.  Alle lag fåt minst tre kampar.  Rogaland Fotballkrets sitt cupreglement blir følgd.

Alle spelarar får fine premiar.  I år er det ekstra jubileumspremiar!
 

Les om tidlegare turneringar har:

201020092008

Fotoalbum frå tidlegare år her:

2010, 2009, 2008

Fleire reportasjar frå 2011 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 30. april 2011
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
ÅRET 2010
Romjulsbilder
Julegudsteneste og straumfeil
Songsvanene i Lisstjørn
Klimaet - Mot Normalt
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010

 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org