Sommarsvêret i Vikebygd
Kraftig tordenvêr med hagl og regn måndag
(30.7.12
SteinarS/Foto:BeritRS)
Seint måndag ettermiddag kom eit voldsomt uvêr i Vikebygd.
Det tok til litt før klokka fem med regn som bøtta ned. Etter kvart
kom lyn og tordenskrall tett i tett og regnet blanda seg med hagl.
På Veastad kom det så kraftige haglbyer at bakkane vart kvite
som om dei var dekka av snø. På det tjukkaste låg det opp i 10 cm
tjukke, kvite lag. Bakkane svelgde heller ikkje unna vassmengdene og
det vart flaum på fleire jorder.
Hagl ligg som snø på Veastad i kveldinga, 30. juli 2012
(foto: Berit Ryvik Skartland) |