Vikebygd Idrettslag arrangerte Vikeputten
700 born på fotballturnering i Vikebygd
(28.4.12 SteinarS) Heile 74 lokale
fotballag deltok i fotballturneringa for born på idrettsbanen i Vikebygd
laurdag 28. april. Det er fire fleire lokale lag enn i fjor,
understrekar Rune Hetland. Både på dei åtte fotballbanane og langs
sidelinja var det glade røyster å høyra. Utan at nokon talde
nøyaktig alle som møtte fram, er eit godt anslag omlag 1500 store og
små som var på arrangementet. Både spelarar, trenarar, familiemedlemer og bygdefolk.
112 kampar vart spela dei 8 timane arrangementet varte.
Fotballgruppa hadde ordna 16 dommarar, så godt som alle var frå Vikebygd.
Rune Hetland har vore i spissen for Vikeputten i mange år, men i år
fekk Roald Årvik ansvaret saman med Tore Espeland som hadde hendene
fulle med premieutdeling til laga etter kvart dei var ferdige med
kampane sine. Rune rosar alle som har vore med i ulika
ansvarsoppgåver og dermed er viktige for at arrangementet går såpass
knirkefritt. Arbeidsgruppene var delt i to skift som bytte
klokka 12:30. Då dei alle har nokon av sine eigne på banen
fekk dei slik også vera med i
heiagjengen
på sidelinja.
Mat og drikke er viktige både for spelarar og tilskodarar. Anita
Øvstedal hadde ansvaret for kafédrifta på føremiddagen og Laila
Øvstedal Espeland på ettermiddagen, saman med ein stor dugnadsgjeng.
Kaker, pølser, karbonadar og kaffi gjekk unna. Sponsorsjef var
Britt Jorunn Veastad, som hadde skaffa støtte frå
ei
rekkje bedrifter. Gjennom dagen vart laga fotograferte. Ein av
premiane var ein diplom med bilete av laget på.
Fotballen i Vikebygd har utvikla seg gjennom dei 11 åra ein har
arrangert Vikeputten. I år stilte bygda med heile 8 av dei 74
laga. For borna var det mest stas å få vera med på eit slikt
stort arrangement, og kva stillinga vart ved slutten av kampen var
det ikkje alle som var like opptekne av. Gleda med å spela
vart det som overskygga alt. Vikebygd-laga spela desse
kampane:
GJ7
Vikebygd GJ7 - Etne GJ6: 4-0
Vikebygd GJ7 - Ølen J7: 2-5
Vikebygd GJ7 - Ølen J8: 3-4
J8
Vikebygd J8 - Vindafjord J7: 6-0
Vikebygd J8 - Skjoldar J8: 7-1
Vikebygd J8 - Ølen J8: 5-2
J9
Vikebygd J9 - Bjoa J9: 2-0
Vikebygd J9 - Ølen J9-1: 2-6
Vikebygd
J9 - Skjoldar J9: 7-2
G10
Vikebygd G10 - Skånevik G10-1: 6-2
Vikebygd G10 - Skjoldar G10: 2-2
Vikebygd G10 - Etne G10: 5-0
J10
Vikebygd J10 - Skjoldar J10: 1-2
Vikebygd J10 - Skjold J10: 6-0
Vikebygd J10 - Ølen J11-1: 2-4
J11
Vikebygd
J11 - Bokn J11: 7-0
Vikebygd J11 - Ølen J11-2:
Vikebygd J11 - Vats J12: 3-6
G12
Vikebygd G12-1 - Bokn G12: 10-2
Vikebygd G12-1 - Vikebygd G12-2: 5-4
Vikebygd G12-1 - Skjoldar G12: 4-6
Vikebygd G12-2 - Bokn G12: 4-4
Vikebygd G12-2 - Skjoldar G12: 7-6
FOTOALBUM FRÅ VIKEPUTTEN
PS. Skulle det vera lagt ut bilder her som du vil ha fjerna - så
send ei melding til meg,
klikk her. |