Elevane har teke til med skuleåret
Rekordstort tal elevar på Vik skule
(20.8.2012
SS) 12 førsteklassingar møtte til sin første skuledag i
Vikebygd torsdag 16. august. Skulen har nå eit rekordstort
elevtal. heile 69 born skal gå på Vik Skule i år. Første
og
andre klasse deler klasserom, og til saman er dei 20 elevar. Det blir
litt trangt med så mange elevar på skulen, som for nokre få år sidan var
nede i 42 elevar. Men borna som tek til på skulen kjenner kvarandre
frå før. Dei har vore saman i barnehagen, som vert driven i lag med
skulen.
I vår
reiv dugnadsfolk den
gamle skulen og nå er det berre dei nyaste bygga som er i bruk. Det
gjev ein del utfordringar når ein ikkje har lagerrom og sløydsal. Også
barnehagen har meir born enn då han vart bygd. På kommunen sine planar
står at skulen skal få tilbygg. Dette er noko som bør planleggjast og
koma i gong om ikkje alt for lengje, med så stort barnetal som bygga nå skal
huse.
Med 19 nye byggjemodna tomter
like i nærleiken av skule og barnehage, og med stor ny
leikeplass, så skulle
alt liggja vel tilrette for at fleire vel å flytta til bygda, og kanhende
skriva inn born i skule og barnehage?
Les også artikkelen frå
hausten 2010: 100 barn i skule og barnehage. |