Fv. 734 Isvik - Vikebygd
Fylkesvegen ikkje med i transport og arealplan for
Haugalandet
(11.9.12 SteinarS)
SISTE NYTT:
Kommunestyret hadde møte 11. september og stadfesta her vedtaket frå sist,
der det vert sett krav til at vegen FV734 Vikebygd - Isvik vert med i
reisetrafikk utgreiinga for Haugalandet, for at kommunen skal betale støtte
til prosjektet.
--------------------
(4.9.12 SteinarSkartland)
Rogaland
Fylkeskommune utfører utgreiingar i samband med transport og arealplan for
Haugalandet, og søkte kommunane om delfinansiering. Her var Fv. 734
Isvik - Vikebygd ikkje med i planane. Eit samrøystes kommunestyre
vedtok å løyva inntil kr 90.000 til medfinansiering av transportutgreingane,
under føresetnad av at fylgjande fylkesvegar var med: FV 46
Knapphus-Ropeid, FV514 Sandeid-Ølen, FV543 Ølensvåg-Utbjoa og FV734
Isvik-Vikebygd.
Ein
sakshandsamar i fylket valde å sjå bort frå dette vedtaket i Vindafjord, og
svarar tilbake: "Når det gjelder Isvik-Vikebygd, ble det ikke akseptert å
gjøre en analyse på samme nivå som for de øvrige fylkesvegene nevnt i
kommunens vedtak."
Fylkeskommunen søkjer derfor på ny om delfinansiering av prosjektet.
Då saka nyleg var oppe til ny handsaming i Formannskapet, vart det her gjort
nytt og samrøystes vedtak, etter framlegg frå underteikna: "Vindafjord
kommune opprettheld det samrøystes vedtaket som vart gjort i KS sak 046/11.
Kommunestyret oppmodar om at streknigsanalysen blir gjennomført."
(M.a.o ligg dette som ein føresetnad for å betale ut støtta).
Så skal
saka opp igjen til handsaming i kommunestyret tysdag 11. sept.
Vi har
venta på utbetring av denne vegen i mange år, noko som blir utsett gong på
gong. Denne saka er ikkje ei sak om oppstart av utbetring, men eit forhold
som føyer seg inn i fleire hendingar der vegutbetringa let venta på seg.
Denne vegen som knyter saman fleire bygder er viktig. Ikkje berre for
dei som bur i bygda men for utnytting av industrifeltet med djupvasskai, og
etablering av arbeidsplassar her. Grendautvalet i Vikebygd har gjort
målingar som dokumenterer det høge trafikktalet som omfattar både
jobbpendlarar, ferjetrafikk, køyring til ei stor mengd fritidsbustader,
godstrafikk, tømmertransport osb. Det virkar ikkje som om Fylkeskommunen har
oppdaga den verdi som denne vegen har. Ein betre veg vil også føre til
at fleire ser mon i dei 19 bustadtomtene som nå vert gjort klare midt i
bygda. |