Vikebygd KFUK-M speidarar
Tradisjonen tru - Speidarbasaren
(12.2.2012 SS)
Fredag 10. februar var dagen for den årlege speidarbasaren. Eit
arran-gement som først og fremst samlar speidarane og deira familiar,
men også nokre andre bygdefolk. Det var nok tider der den
store salen var fullsett, men då var også speidar-gruppa så stor at
dei aller fleste borna i bygda var med. Likevel. Ei flott
gruppe med vaksne leiarar står bak og ungdomen driv sjølv arbeidet i
speidargruppa. Leiartrening er ein viktig del av arbeidet.
Årleg deltek ungdomar frå gruppa på kurs og leirar der dei får
trening i både leiing, leirarbeidet og speidarferdigheiter.
Basaren er ikkje som ein vanleg bedehusbasar. Her får
speidarungdomen utfalde seg gjennom underhaldning, sketsjar,
konkurransar og andre aktivitetar som syner kva speidarane er gode
for.
Ungdomane som får nokre år med seg i speidaren står betre rusta
enn mange andre til å klara seg innan friluftsliv, men truleg også
elles i samfunnet. Dei lærer å samarbeide, hjelpe kvarandre og
å tru på noko positivt. Vikebygda kan med takksemd applaudera
det flotte arbeidet og dei mange kjekke ungdomane som inviterer
stadig fleire born til å melda seg til å ta del i spennande
fritidsaktivitet med leir, uteliv og trening i gode ferdigheitar dei
vil ha nytte av i alle delar av samfunnet dei skal ut i.
Nutastavane
I år etter år har speidarane sett ut nutakassar på 6 fjelltoppar i
Vikefjella. Dei inviterer bygdefolk i alle aldrar til å ta
turen ut i naturen. Alle kan få diplom eller premie, men den
ungdomen og den vaksne som har flest fjellturar, får del i kvar sin
vandrestav. I år var det far og son, Roald og Petter Årvik som
stakk av med napp i stavane. Det er ikkje første gongen desse
to kan skilta med mange fjellturar. Vi gratulerer.
Roald og Petter mottar vandrestavane, omkransa av dei andre som
fekk nutamerke
Sjå fleire
bilete i fotoalbumet her
Programmet
kan
lastast ned her |