Tur og orientering i fjellet
Orienteringskart ligg klar på Såta
(Steinar S 22.4.12) Orienteringsgruppa
har lagt ei bunke med orienteringskart i nutakassen på Såta.
Fleire postar er plassert langs stien ned Buskarskleiva og i området
langs Skjoraberg og nordover. Her kan turgåarar som få prøve
seg på orientering med enkle postar.
Orienteringspostar plassert ved Såta.
Utsikt frå Såta mot Folgefonna
Utsikt frå fjellet Såta, mot Vikebygd. |
Fantastisk dag i fjellet
Firfisle og Ørn i vårsola
(Steinar S 4.4.12) Ein tur til fjells
onsdag vart ei flott naturoppleving. På Såta, ikkje langt frå
nutakassen, dukke den første firfisla opp. Lengre innpå
fjellet var brått enda ei på tur i finvêret. Då eg var liten
hende det ofte vi såg firfisler på Skartland. Men så vart dei
borte. Dette var første gong på 40 år at eg såg firfisle ute i
naturen her i bygda.
Den minste av dei to firfislene. Den største var over 15 cm.
Nordfirfisle også kalla berre firfisle (Zootoca
vivipara) er den eine av våre to norske øgleartar; den andre er
stålormen. Utbreiinga i Noreg er dårlig kjend, men den finnes i alle
landsdelar, både i låglandet og høgt til fjells. Det er mulig at den
manglar på delar av Vestlandet, og i delar av Nordland og Troms.
Nordfirfisla er ganske vanlig mange stader i Finnmark, og går her
lengst nord av alle krypdyr i verda.
Wikipedia
Ørna svevde over Sætrefjellet |
På
tur i Vikebygd og Vindafjord
Kommunen har laga ei brosjyre med turmål i Vindafjord Den
kan du laste ned ved å klikke på bildet til venstre.
Inni brosjyra finn ein informasjon om ni ulike turmål i Vindafjord
kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 14.04.12 –
14.10.12 er ein med i trekninga av gåvekort a’ kr. 2.500.-. I
tillegg er det lagt til rette 5 turar for rørslehemma,
rullestolbrukarar og barnevogner.
Les meir her.
Nutatur i Vikefjell
I Vikefjella
er merka turløyper. Speidarane har sett opp 6 nutakassar i sommarhalvåret.
Du kan lesa meir om
Nutaturane
HER.
Turorientering i Vikebygd
Les meir her |
Turorientering i Vikebygd
Kjersti H Bjerga skreiv (3.4.2012):
-
Nå kjem turorienteringsopplegget for 2012 i butikken her i Vikebygd
og på Esso i Skjold.
-
I år kan ein få skriva seg i ein av nutakassebøkene samstundes med
at ein er ute på turorientering. Så har du tenkt deg til Såto, kan
du kjøpe med deg eit turorienterings-kart og ta ein annan veg nedatt.
Elles kan ein ta turen inn til Longåsdalen og gå oppom hytta som
Skjold bygdelag nå har overteke.
Det er og i år foto-orientering. Turen og kartet er i år på
Vikaneset i Skjold. Det er relativt lettgått terreng, men ein kan
ikkje sykle eller gå med barnevogn slik som i fjor. Svarslippen for
foto-orienteringa kan ein levera der ein kjøpte
fotoorienteringsopplegget eller til ein av dei ansvarlege for
turorienteringa: Kjersti H. Bjerga, Øyvind Valen eller Harald
Steinsland. Last ned ei orientering
her.
Me ynskjer alle god tur i den flotte naturen me har rundt oss! |
Tidleg
vår i Vikebygd.
Bilete teke
laurdag
24. mars 2012.
Og på
laurdagane er det ope i Klokkar-garden for dei som vil handla
husflidsartiklar og gåver. |
Månen, bilde tatt over Vikebygd i kveldinga 27.mars. |
Turorientering i Vikebygd
- Turorienteringsopplegget for 2012 i butikken i Vikebygd og på Esso
i Skjold, seiar Kjersti H Bjerga.. Last ned ei orientering
her.
Turmål i Vindafjord
Ei brosjyre med turmål i Vindafjord kan
du laste ned
her.
Eller sjå kor du finn nutakassane i Vikefjella,
HER. |
GRASROT-ANDELAR TIL Vikebygd Idrettslag
(6.5.12 SteinarS)
Hittil i år (første 4 månader)
har VIKEBYGD IDRETTSLAG motteke 14.474 kroner frå Norsk Tipping med
såkalla grasrotandelar. Det totale beløpet dei har motteke sidan
oppstart med Grasrotandelen, er 108.567 kroner.
Så langt i år er det blitt fordelt 104 millionar kroner til lag og
foreiningar landet over igjennom Grasrotandelen. Midlane kjem frå
over 765 000 spelarar som har knytta seg til ein grasrotmottakar,
melder Norsk Tipping. Kvar gong desse spelar / tippar hos
Norsk Tipping, går ein del av innbetalt beløp til det aktuelle laget.
I 2011 mottok Vikebygd I.L. kr
35.215,50 frå 125 aktive tipparar.
Sjå detaljert statistikk
HER
|
|