Støttar barne- og ungdomsarbeid og kyrkja
Liv og Thomas Bakkevig har oppretta to fond
(10.6.2012) Liv og Thomas Bakkevig har oppretta
to fond, der det eine skal yta
midlar til støtte for barne- og ungdomsarbeid
i Vikebygd. I styret for dette fondet sit Øyvind Valen
(leiar), Arne Tveit og Eva Bakkevig.
Begge fonda er organiserte som
stiftingar.
Fondet til støtte for barne- og ungdomsarbeidet er
nyoppretta av Thomas og Liv Bakkevig i 2012 og skal ha sin fyrste utdeling
hausten 2012, fortel Øyvind Valen som leier stiftelsesstyret. Det kan årleg
delast ut midlar til fylgjande 3 område:
-
Støtte
til drift for etablerte lag og organisasjonar som driv arbeid
for aldersgruppa 7-19 år
i Vikebygd.
-
Støtte til investeringar til etablerte lag og
organisasjonar som
driv arbeid
for aldersgruppa 7-19 år i Vikebygd.
-
Støtte til personar eller grupper som vil starta nytt
arbeid
for barn og unge i Vikebygd.
Søknad vert å senda til Liv og Thomas Bakkevigs fond for
støtte til barne og ungdoms-arbeid i Vikebygd, ved leiar i stiftelsesstyret
Øyvind Valen, Trovåg, 5568 Vikebygd innan 1. september.
Last ned
informasjonsark
om fondet her. "Stiftelsen Liv
og Thomas Bakkevigs Fond for Støtte Til
Vedlikehold og Reparasjon Av Vikebygd Kirke"
Det andre fondet er til støtte for
vedlikehald
av kyrkja i Vikebygd. Styreleiar i dette fondet er Brit Nelly Ness Tveit,
som har med seg styremedlemmene: Anita Øvstedal og Øyvind Valen.
Soknerådet skal prioritere og søke om midlar frå fondet, som vil tildele eit
beløp årleg. Ikkje som avkastning, men inntil fondet er brukt opp,
fortel Brit Nelly. Det er ikkje meininga at dette skal gå til
erstatning for vanlege driftsutgifter eller kostnadar som ligg under
kommunen og fellesrådet, men til ekstraordinære tiltak som kjem kyrkja og
bygda tilgode. I 2011 og 2012 har det vore utført omfattande
vedlikehaldsarbeid på dette kyrkjebygget, som på mange måtar er unikt.
Sjølv om bygget er frå 1937 og har 75 års jubileum i år, så er bygget verna
av Riksantikvaren, noko som sjeldan vert gjort på så unge bygg. Men
Vikebygd kyrkje, den 5. på denne kyrkjestaden gjennom 800 år, er bygd i
engelsk holmur. Uvanleg på våre kantar der dei fleste kyrkjene er av
treverk. Det står ennå att ein del arbeid på kyrkja, og og mykje vil vera på
plass fram mot jubileet i september. |