Lytt til
Radio Sunnhordland
Lytt til
Radio 102
Vikebygdsongen
Songen
er dikta av Birgit Veastad Helland. Her
levde ho og her skreiv ho sine dikt og songar gjennom mange år. Etter hennar død
tok soknerådet i Vikebygd initiativet til å gje ut mange av desse dikta og
songane i bokform. Boka vart kalla "Under kirkens hvelv," og kom ut i
2001.
Mange har sikra seg denne diktboka, men ennå er det mogeleg å skaffa seg
eit eksemplar. Ta evt. kontakt med soknerådet eller med Steinar Skartland.
VIKEBYGDSONGEN.
Diktet om
Vikestølen.
Svanene sin vinterheim
Gjennom mange år har ein flokk svaner
hatt fast vinteropphald i Vikebygd. På det meste har flokken tald 80
medlemar, med det varierer. Også i år er dei her, men med ein mindre flokk
enn på mange år. For det meste vekslar dei mellom Bakkavatnet, Lisstjørn
på Skartland og Vasslivatnet (som også er kalla Skartlandsvatnet). Her
trvives dei godt i sørenden der det langgrunne vatnet går over i ei stor våt myr
inn mot Vasslia og Kvamme. Her finn dei godt beite.
Ein tur gjennom bygda søndag 6. april konstqterte at vintergjestene nå var
reiste nordover til heggeplassar og aktiv sommar-ferie i nord. God tur - og
velkommen tilbake til hausten.
På jobb i Murmansk
Ølen
Betong sin fabrikk i Russland ligg utanfor den søre delen av Murmansk, rett over grensa til Kola kommune.
I denne byen med fleire hundre tusen innbuarar, så bur omtrent alle i blokk. Store bustadkompleks der blokkene gjerne ligg i halvmåneform slik at det er
ein open plass midt mellom dei.
Ein gong var dei nok flotte, men åra har gjort sitt.
Fleire som arbeider i verksemda har vore henta inn for å vera med på å byggja
opp denne fabrikken i storbyen på Kola halvøya.
Ikkje langt frå Ølen Betong sin fabrikk ligg det ein stor grisefarm. 35000 gris, seiest det at han har. Leverer 20 tonn kjøt kvar dag og har planar om å starta eige slakteri.
Du kan lesa meir om turen til Murmansk
her.
Ålreit
- Ein draum og eit levebrød.
I nesten 17 år budde
Jutta og Jan Otto Hovda i Tyskland –heimlandet til Jutta, men for tre og eit halvt år
sidan vende dei nasen mot Noreg att.
Les HER om senteret
Ny fabrikk på Dommarsnes
Kjell Gangstø har planar om å byggja
plastperlefabrikk til 15 millioner kroner på industriområdet i Vikebygd.
RADIO102.
Gangstø
Transport.
Du kan bidra til
web side for Vikebygd?
Dersom du har informasjon eller nytt frå Vikebygd som kan leggjast på desse sidene,
så send dei på e-mail til:
steinar.skartland@vikebygd.org
Roald og Petter mest til fjells!
Det var nok mange i Vikebygd som lurte på
kven som fekk napp i vandrestavane (nutastavane) for 2007. Jo, Roald Årvik
hadde klar margin til alle konkurrentar med å ha vore på heile 82 fjelltoppar i
Vikefjella siste sommar og haust. Dette står det respekt av. Sonen, Petter (1.klasse),
fekk ungdoms-staven. Han hadde vore på 20 fjelltoppar. Er dette
Vikebygd sine sprekaste, -eller er det nokon som vil ta opp kampen?
Nutakassane vert sett ut etter påske.
Modell av Vikebygd sentrum
(14.4.2008) Laga av barnehagen i Vikebygd
- utstilt på butikken til Rolf.
Gudsteneste og feiring av dåp
(3.8.08) Kyrkja hadde tillyst frilufts-gudsteneste på
søndagen, men då det var vått ute og utrykt for byger, valde ein å flytta denne
inn i kyrkja. Her var 56 samla til gudsteneste og for å feira dåp for 2 små
born: Milla Elise Larsen og Alexander Langhelle Vik. Som minne frå
dåpsdagen fekk kvar av dei med seg ein dåpsduk der namn og dåpsdato var brodert
på av Marta Tveit, og dåpsljoset som vart tent under dåpen.
Nytt klubbhus
Ved idrettsbanen og bygdahuset har det vakse opp eit nytt bygg. Det er klubbhuset for idrettslaget i Vikebygd. Dei har mykje utstyr som nå skal inn i dette bygget. (14.4.2008)
165 sekker med varme klede til Ukraina
(29.10.08) Eit stort vogntog med Ukrainsk
mannskap stod onsdag utanfor bedehuset i Vikebygd. Brita Laugaland
har ennå ein gong vore i bresjen for innsamling i Vikebygd av klede
til dei vanskeleg-stilte i Ukraina. 165 fullstappa sekker vart
overlevert. Det er kjempeflott!
-I fjor kom det inn 220 sekker, men folk kan ikkje finna like
mykje i skapet kvart år, så dette er flott! seier ei nøgd Brita
som saman med Bjarne Lunde hadde tilhaldstad på bedehuset
denne dagen.
Open Heart Ukraina,
Open Heart sitt arbeid ser du HER.
|
Vikebygd Historien (Wikipedia)
(IKA-H)
Vikestølen - Møteplass i 100 år.
DET SKJEDDE I 2008:
Tradisjonell Juletrefest |
(27.12.08) 3. juledag hadde
Laurdags-klubben og TrippTrapp invitert til juletrefest. 35 store
og små fann vegen til bedehuset klokka 16. Her vart det kjende
julesongar, juletre, mat og andakt. Mange kunne og ha med seg ein
eller fleire gevinstar heim etter utlodninga.
|
Kjersti og Jone levde seg
inn i julespelet om englar
og gjetarar på marka.
|
|
Vikebuen fylte kyrkja på juleafta.
(24.12.08) Som vanleg samlast Vikebuen seg i kyrkja klokka 16.00 på juleafta. 279 store og små kunne kyrkjetenar Mary Tindeland fortelja at det hadde vore. Korpset spela til songane saman med Arne Tveit på kyrkjeorgelet. Ein flott start på jula i bygda.
Sjå fleire bilder HER. eller les om kyrkja HER.
|
|
Kjøttbingo
(18.12.08) Godt frammøte i alle aldrar då idrettslaget arrangerte bingo på
bygdahuset torsdag 18.desember. Fleire lokale bedrifter hadde sponsa premiar -
og det var mange som kunne bera med seg kjøt til julemiddagar heim etterpå.
Alnavegen framleis kommunal(16.12.08) Kommunestyret i Vindafjord handsama tirsdag ei sak om å gjera mindre
kommunale vegar om til private, medan andre skulle vera kommunale og der
brukarane tek ansvar for vintervedlikehaldet. I Vikebygd var Alnavegen,
Kvammevegen og Gangstø vegen mellom dei som skulle verta private. Kriteria
var ma at vegar med mindre enn 10 bustadhus skulle privatiserast. Langs
Alnavegen er det vesentleg fleire hus og 7 gardsbruk. Likevel måtte KrF
sin represen-tant argumentera godt og fleire gonger før fleirtalet i
kommunestyret vedtok at Alnavegen fremleis skulle vera kommunal veg.
For Kvammevegen må oppsitjarane overta vintervedlikehaldet. Det meste
av Gangstøvegen er tidlegare privatisert. Nå gjeld dette heile denne
vegen. LES MEIR HER.
Takk og ros til konstituert Rådmann Øyvind Valen.
Fleire kommunestyre representantar rosa Valen for eit godt og oversiktleg
framlegg til budsjett. I slutten av møtet takka ordføraren han for
tenestetida som konstituert rådmann i kommunen, og overrekte gåve og blomar.
Han overlet derimot til varaordføraren å gje hen ein klem. Han meinte det høvde
seg best.
Øyvind Valen fekk også med seg gratulasjonar for fylte 50 år nyleg.
Julespel på skulen sin førjulsfest
(16.12.08) Tradisjonen
tru arrangerte skulen i Vikebygd sin årlege førjulsfest på tirsdag den 16.
desember. Fullt hus fekk sjå dei flinke borna opptre med julespel og song.
Klikk på bildet for å gjera det stort.
Foto: Berit R. Skartland
|
Kjøpmannen Rolf fylte 50 år
(12.12.08) Vi set stor pris på å ha ein daglegvarebutikk midt i Vikebygd. Når nå den unge kjøpmannen med det store og varme smilet rundar dei 50 på mandag 15. desember, så vil vi gratulera med dagen og
ynskja han ei god helse og glade dagar i mange, mange år. Gratulerer med dagen!
Les meir her |
Julebutikken i Vikebygd |
(10.12.08) Nede i underetasjen på Joker-butikken i Vikebygd, i Lions klubben sine lokaler,
har nokre driftige damer rigga seg til med Jula-butikk. Responsen på sal av heimelaga strikk og gåveartiklar på julemessa til laget Vikebuen
var så bra at dette ga meirsmak. Her kan ein få kjøpa mykje fint og spennande som kanskje kan hamna under juletreet? Dei har ope torsdag til
søndag nå før jul, og merkar god respons frå handlelysne Vikebuar.
|
Lene og Hanne Jorunn på julemessa. |
Det er fleire damer som er med å på å strikka, hekla og sy slik at butikken
har rikeleg med varer. Men etterspurdnaden er stor, så dei har måtta tinga meir frå produsentane sine rundt omkring i bygda.
Også eigaren av Jokerbutikken, Rolf Alne, set stor pris på dette tiltaket som er med og dreg fleire kundar inn til butikken hans.
(13.12.08) Laurdag 13. desember var det Eli Nesse som hadde vakt i julebutikken.
-Det har vore ein heil del folk innom i dag, fortalde ho, og viste fram forskjellige ting ho hadde laga sjølv. M.a. ein stor stabel med mjuke saueskinn i ulike fargar. Saman med mannen, Even Jakobsen, har ho teke
over eit gardsbruk på Veastad. Her har dei mellom anna 80 sauer. Etter slaktinga vart skinna innleverte til Granberg Garveri, så dei er skikkeleg teke hand om før dei nå er til sals. Nokre kvite, men mange i ulike naturlege fargar, brune, svarte og fleirfarge. Elles hadde ho eigne innrama trykk og T-skjorter som ho trykte teikningar på. Broren Erling Nesse hadde m.a. laga julekort som ein kan få kjøpa.
LES
MEIR HER
|
Fire ungdommar til Madagaskar
(5.12.08) Vikebygd kyrkjelyd har "Landsby
bygging i Bara-provinsen på Madagaskar" som sitt misjonsprosjekt. Eit prosjekt
som sokne-prestane i Skjold, Sigrunn og Martin Ivar Arnesen, er brennande for.
Rett før jul vert det arrangert reise til Madagaskar frå bygdene våre.
Soknerådet har gjeve tilskott til 4 ungdomar frå Vikebygd slik at dei kunne
delta. Det er planen at dei skal ha med seg gåver og helsingar frå
Vikebygd til folket i Bara-provinsen. M.a. har borna på Laurdagsklubben
laga ei stor teikning som skal overleverast til søndagsskulearbeidet der.
Dei som reiser frå Vikebygd er: Sunniva Tveit,
Martin Valen, Bjørn Ødegård og Håvard Tveit. Alle fire har i mange år vore
aktive i speidararbeidet i bygda. Nå får dei feira si første jul i eit
framandt land. Vi reknar med å få høyra meir om dette når dei kjem attende,
fulle av inntrykk og bilder.
Les meir om dette i HYRDINGEN
(Desember nr.)
Tenning av julegran
(5.12.08) Fredag 5. desember var det tenning
av julegran i Vikebygd med fakkeltog frå butikken og ned til plasset der ein
m.a. kunne få kjøpt seg julegraut.
Grendautval for Vikebygd vald med
Rune Hetland som leiar |
(26.11.08) Det var kalla inn til grendamøte
på bygdahuset med annonse og plakat, 26.11. Her vart fylgjande valde i det
nye grendautvalet:
Rune Hetland, leiar
Gunnar Birkeland
Reidar Bjordal
Aud Jorunn Tordal
Hanne Jorunn Helgeland
Varamann: Rolf Alne |
Rune Hetland - leiar |
Eit ljos for andre - heidra for tenesta
|
(25.11.08)
Sigrun Eikeland
frå Vats, vart tildelt omsorgsprisen, som vart delt ut av leiar i
Utval Oppvekst og Omsorg, under julebordet for eldre og bebuarar i
Vindafjordtunet. Her bur også fleire eldre frå Vikebygd
-Vi skulle hatt mange fleire slike friviljuge i omsorgstenesta. Utan Sigrun og dei
andre friviljuge hjelparane hadde det vore vanskeleg å kunna få til
slike flotte arrangement for dei eldre, sa einingsleiar Marie
Ekornrud, og takka alle dei friviljuge.
LES MEIR HER....
|
Sigrun Eikeland.
Songgruppa består av:
Marit Hegrenes, Berta Nesheim, Anny Frøyland, Kristian Frøyland, Omi
Eikanes og Sigrun Eikeland. |
Korps og Jazz bles Julemessa i gong
|
(22.11.08)Musikkorps frå både Vikebygd, Skjold/Vats spela under opninga. Korpset frå Skjold stilte med Einar Marius Martinsen frå Vikebygd som solist. Denne Vikebuen er vorten dyktig på trombone.
Rundt både dei tre langveggene i storesalen og langs eine kortveggen var der rigga opp bord der utstillarane la fram det dei hadde å selja.
Her var alt frå sylta bær frå Ryfylke, strikka votter og genserar, keramikk og kunstverk, juledekorasjonar til måleri av Frans Fransson,
Hilde Merete Sandbekken, Malin Alne og fleire andre kunstnarar. Mange opplevde
godt sal, og folk kosa seg med julegraut rundt borda.
LES MEIR OM JULEMESSA HER
|
Einar Marius på trombone
Lene Skartland og
Hanne Jorunn Helgeland |
|
FISKEFESTIVALEN 2008
Les om denne her.
|
|
Han var med i 1983, og har sprunge Kvamsen Rundt i 26 år.
(3.11.08) Like sikkert som at løpet er
første søndag i november, så er Arne Innbjo på plass. Smilet og humøret er
like godt kvar gong. Sitt beste resultat rundt Kvamsåsen hadde han i 1996,
med 41.34. I år vart det 56.25, men likevel var det 16 andre som kom i mål etter
han. Imponerande innsats.
48 sprang
Kvamsåsen Rundt
(2.11.08) Søndag 2. november stilte 48 opp i det 27. hovedløpet av
Kvamsåsen Rundt. Første løpar over målstreken vart Håkon Rossehaug
frå Sveio på tida 40.4. Ei sterk tid på det 11 km lange løpet som vert kalla for
Vestlandet sitt hardaste. |
Sjå fleire bilder og resultat frå
2008 her.
LES OM TIDLEGARE LØP OG
REKORDAR HER.
|
Elieser 6,
måtte flytta til Haraldseidvågen pga uvêret.
(15.11.08)
Kraftig vestavind førte til at "Betelskipet Elieser 6" måtte gå til
Haraldseidvågen, der det vart møte samvær ombord fleire dagar på rad.
Les meir om
Elieser i hardt vêr.
Bilder og info om
Elieser 6. |
I Haraldseidvågen.
|
|
Kvamsåsen Rundt,
Vestlandet sitt hardaste løp.
(2.11.08) Søndag 2. november stilte 48 opp i det 27. hovedløpet av
Kvamsåsen Rundt. Første løpar over målstreken vart Håkon Rossehaug
frå Sveio på tida 40.4. Ei sterk tid på det 11 km lange løpet som vert kalla for
Vestlandet sitt hardaste.
Bilder og resultat frå
2008 her.
TIDLEGARE LØP OG
REKORDAR.
|
|
Leif Arne Svendsbø og Oscar Amdal
mottek
rosemåla fat med innskrisjonen: 25 år
|
Hardhausen,
6 fjelltoppar på same dag.
(2.11.08) Ei dame og fire av dei mest sporty karane i Vikebygd la til fjels
laurdag 1. nov. Målet nådde dei: alle seks nutakassane
på ein dag. Så fekk dei også eit flott ver denne vakre haust
dagen. |
Foto Roald Årvik |
|
Farvell til kantoren
(26.10.08) Natalia Medvedeva tok til i tenesta i Ølen prestegjeld for tre
år sidan. I sommar vart det kjent at ho hadde sagt opp stillinga, og skal ta til
med vidare studier i Bergen i to år.
Søndag 26. oktober var siste dagen hennar i tenesta her, og det vart på familieguds-teneste i Vikebygd.
LES MEIRHER. |
Natalia Medvedeva (t.h.) saman med kollegane i
kyrkja |
|
Opning av den nye skulen
(23.10.08) Born gledde seg til
å få møta ein ekte ordførar. -Har han ordførarsmykket på seg? undrast dei.
Og det hadde Arne Bergsvåg der han saman med borna og 170 gjester i alt, kunne
klippa snora for det nye og flotte bygget 23. oktober 2008.
Les meir om:
Skulebygginga
Vik skule si
eiga nettside
|
Arne Bergsvåg og borna
Fotoalbum
frå opninga |
|
Ny fabrikk skal etablerast på
Dommarsnes Industrifelt
Plast frå landbruket og fiskeoppdrett skal omdannas til
råstoff for plast-industrien i ny fabrikk på Dommers-nes. Kjell Gangstø
planlegg å starta opp ein fabrikk med 13 tilsette til hausten.
Sjå web-TV her.
|
|
|
Skuleslutt for 10.klasse.
Avgongselevane frå 10.klasse ved Skjold Ungdomsskule.
Sista gong samla? Nå skal dei ut i verda til nye skular og på nye vegar.
Vi ynskjer dei lukke til med studiar og arbeid.
Klikk bileta for å få sjå store bilder
|
10. klassane sommaren 2008
|
|
Kongens fortenestemedalje i sølv tildelt Alfred Bjørgen.
(3.6.08) Under kommunestyre-møtet i Vindafjord den 3. juni, vart Alfred Sigmund Bjørgen frå Vikebygd tildelt
kongens fortenestemedalje
i sølv for 44 år i teneste på sjøen som frysemaskinist. Bjørgen jobba i
utenriksfart frå 1953 til 2000.
|
|
Til tross for ei alvorleg
arbeidsulykke i 1961, der han fekk store brannskadar i ein eksplosjon,
heldt han fram på sjøen. Seinare i år vert han invitert til audiens hos
kongen på slottet i Oslo. |
|
Ein flott og variert kyrkjelydskveld i Vikebygd kyrkje torsdag 5. juni.
(5.6.08) Born og ungdom dominerte med song, musikk, dans og annan framsyning.
Men også bedehus-arbeidet for alle aldrar vart presentert både med
ord og ljosbilete. Sjå fleire bilder HER
|
|
Sesong for Amerikanarar på leiting etter slekt.
(1.6.08) Mange etterkomarar etter Nordmenn som utvandra til USA søkjer jevneleg etter slekt i Norge.
Nokre finn slekta si, og legg sommarferien til Noreg for å finna fjerne familiemedlemar. Ein interessant hobby er å hjelpa dei med å setja saman puslespelet,
Den norske ætta. Linda Reed fra Athens, Georgia i USA, stammar frå (er oldebarn av): Omen Enderson Dommersnes
(Han heitte Amund Endresen Dommersnes i Noreg). Omen var son til Endre og Brita Dommersnes, som døydde og vart gravlagde i Vikebygd og
kjem frå garden Leirhammar på Dommersnes. Nå kom Linda til Vikebygd 28. juni og fekk treffa slekt her. Ho er i slekt med Bjørnevik
familien og stammar frå Leirhammar på Dommersnes.
Slektssøk frå fjern og nær.
|
Hyttefeltet på Dommarsnes tek form
(25.5.2008)
Eiendomsselskapet Siving Eiendom er i gang med eit av dei største hus/hytte
prosjekta på våre kantar på Dommersnes i Ålfjorden. Dei første hyttene er under bygging. Vegar er bygde og
|
|
Vassbakk & Stol fyller ut for moloen.
Her er fleire meter djupn og moloen skal vera 90 meter. Det
seier litt om steinmassane som skal på plass. Men med dei maskinar
ein i dag rår over går arbeidet raskt framover. I første omgang
vert det byggd 18 hytter for sal og åtte rorbuer for utleige.
Interessa for prosjektet er stor og salet er godt i gang. I mai/juni flytta den første inn
Haugesunds Avis.
|
Dugnad har fått på plass nytt Bedehus-tak i Vikebygd.
(25.5.2008) Fleire dagar i mai har dugnadsfolk halde på med å fjerna det gamle taket, leggja nytt sutak og lekta
for takstein.
Så kom taksteinen og nye dugnadstimar fekk dennepå
plass. |
|
Bedehuset er sikra for framtida. Vikebygd Bedehus har lange tradisjonar i bygda og er aktivt i bruk til mange typar møter og samlingar.
Nå var eternitt platene på taket morkne etter mange år og styret vedtok å samla inn penger til nytt tak. Sjølv med mykje dugnad kosta dette
mellom 60 og 70 tusen kroner. Gjennom gåver og kronerulling er mykje av dette alt i hamn, men det trengs nok endå kollektar og ulike arrangement
for å få inn dei midlane som trengs.
|
Nasjonaldagen 17. mai 2008
Med mykje dugnad på kjøkken, ved leiker og mykje anna, gjennomførte Vikebygd ei tradisjonell feiring av nasjonaldagen.
I Vikebygd tek denne til klokka 5.00 med tur til Trollanibba for å heisa flagget der. Speidarane heiser flagget i parken ved kyrkja klokka kvart på ti.
Så er det Gudsteneste, folketog, leikar og kafe på bygdahuset og avslutning med stor folkefest på bygdahuset om kvelden.
Her talar Åsmund Kalstveit, medan Dag Nagel-Alne la ned krans på minnestøtta utanfor kyrkja.
|
Flaggheising i parken kvart på ti.
|
Sjå fleire
bilder frå 17.mai og våren HER.
|
Dugnad ved kyrkja
(13.5.08) Fleire soknerådsmed-lemar og varamedlemar samla seg ved kyrkja i Vikebygd om kvelden den 13. mai.
Det var dugnad på å gjera det fint til våren og nasjonal-dagen. Dette er ein årleg tradisjon og eit ansvar for soknerådet å organisera. |
|
|
Gratulerer med dagen, Solveig Alne, og med Millionsjangsen i Lotto. Gevinst på 2,1 mill
kr.
- Nå skal det bli nytt tak på huset og endeleg rom for oppussing, seier ei rørt Solveig på butikken.
Kjøpmann Rolf Alne, er ikkje lite stolt over å ha den nye millionæren som
tilsett i butik-ken, der ho kjøpte vinnarkupongen.
Les meir her: -
Vikebygd.org (14.4.2008)
- H-avis.no
(15.4.2008)
- H-avis.no (14.4.2008)
|
Rolf Alne saman med vinnaren: Solveig Alne |
|
Turdag i sauefjøset
(11.4.2008)
Borna i småskulen i Vikebygd fekk oppleva nyfødde lam i sauefjøset under turdagen til fots oppover Alna.
Kanskje noko heilt nytt for nokre av borna i dag. Men dagleglivet for nokre av dei som er heldige og har vakse opp mellom dyra på ein gard. |
|
|
Bedehuset treng nytt tak
(10.4.2008)
Nå syner det seg at eternitt platene på
taket av bedehuset er morkne etter mange år. Sjølv med mykje dugnad vil
dette lett kosta mellom 50 og 100 tusen kroner, og her trengs både
kronerulling og ulike arrangement for å få inn dei midlane som trengs.
Her ser vi bilete frå julefesten som Tripp Trapp og Laurdagsklubben
arrangerte på bedehuset ved årsskiftet. |
Vikebygd Bedehus har lange tradisjonar i
bygda og er aktivt i bruk til mange typar møter og samlingar. |
|
Bygging av ny barnehagege
(6.4.08) Entreprenøren Vassbakk & Stol AS er i full gong med graving og sprenging i tomta til den nye barnehagen som kommunen byggjer i Vikebygd. Den vert liggjande rett ved "nye skulen" og Muna-bygget.
Her er også |
|
eit hønsehus som er med og lagar miljø for borna. I tillegg til barnehage blir her felles personalrom med skulen og
to klasserom. Gamleskulen skal etterkvart pensjonerast.
Ny skule og barnehage vart teken i bruk i oktober.
Les meir
HER.
|
Forfall i landbruket
(06.04.08) Mange gardsbruk er vel drevne og bygningane godt haldne
vedlike. Men innimellom ser vi dei som ikkje lengre er i bruk.
Tak som sig saman og treverk som er i ferd med å rotna bort. Dette
er ikkje berre trist for dei som bur i nabolaget og dagleg må sjå
|
|
forfallet, men også ein stor risiko for born som leikar og kan finna
på å gå inn i falleferdige
bygningar. Vi kan ikkje anna enn å oppmoda alle som eig gamle bygg
om å sikra desse. Det beste er å halda dei vedlike, men når
forfallet kjem for langt, som her, så må dei rivast. Både for å
gjera bygda vår vakrare for dei som bur her og dei som vitjar
bygda, men også for å auka tryggleiken for born og vaksne.
|
Og når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si
heimlege strand.
(6.4.08) Søndag slo veret verkeleg til med sol og vårstemning.
6-8 +grader er ikkje mykje, og med vind var det nok kaldt. Men der sola fekk tak og det var livd for
|
|
vinden, så var det herleg.
John Reidar Hansen hadde funne seg
funne seg ein fredeleg plass på benken i busskuret ved Bygdahuset midt i
Vikebygd. Her hadde han ettermiddagssola rett inn, og kunne ta tid til å
kikka litt i laurdagsavisa. Om det ikkje er ofte vi ser bussar i
rute her i Vikebygd lengre, så kan busskuret nyttast til ein kvild om
ikkje anna.
|
Friluftsgudsteneste 16. mars
(16.3.08) Etter ein lang og regnfull periode så var mange i Vikebygd og på Bjoa spente på om det
let seg gjera å ha friluftsgudsteneste på Vikestølen Påskeafta. Men dagen
kom med sol frå blå himmel. På stølen samlast 55 i alle aldrar utanfor hytta.
Johannes Nedrelid rigga til |
|
altar og la ut ordet frå Bibelen om påske og det Jesus gjorde for menneska med å ta på seg sjølv det andre
hadde gjort gale. Han knytta dette til ei fortelgjing om ei høne som gøymde kyllingane sine under
vengene då det vart brann. Høna døde i brannen, men dei vernande vengjene gjorde at
kyllingane overlevde. Slik elska Gud menneska at hans eigen son tok
straffa for den synd menneska hadde gjort. Derfor feirar vi påske - for å
minnast det Jesus gjorde - og som gjeld i dag.
|
Basar på bedehuset
(14.3.08) Fredag 14. mars samlast ein stor flokk seg på Bedehuset i Vikebygd til
Basar og årsmøte for bedehuset. Trygve Sandvik hadde andakt. Her var god
mat og mange fine gevinstar både på årer og loddbøker. Loddsalet ga eit
flott overskot som nok er viktig. Taket må skiftast på huset
og det vil truleg kosta omlag 50.000 kr i tillegg til mykje dugnad.
Styret vart elles attvald i ein liten årsmøte del av basaren.
|
Skulen laga kulturettermiddag
Tirsdag
11.mars 08 laga Vikebygd skule til kulturettermiddag på bygdahuset. Det
tok til med sal av middag (komle, kjøt, pølse og kålrot). mens folk også kunne
gå rundt og sjå på det borna hadde laga frå bygda og kommunen. Til høgre
ser vi ordførar Arne Bergsvåg studerar kommunen sin i pappmasje. Gjestene
fekk også eit skjema med geografi-spørsmål frå Vindafjord. |
|
Så fortalde borna frå rundreise med buss i kommunen. Dei song og rappa om det dei
hadde sett og lært. Nokre synte skodespel om huldra under Svartabrotet (nå
er det kalla Huldrabrotet etter at ein bonde såg ei hulder som mjølka ei geit
der).
(11.3.08) ;
|
|
|
NrK Dagsrevyen på web
Radio Haugaland
Sida er sist endra 10. jan. 2009
Andre meldingar:
Juletrefesten på bedehuset
Korpset spela jula inn
Julabutikken i Vikebygd
Kjøpmannen runda 50 år
Grendautval 26.11.08
Omsorgsprisen 25.11.0808
JULEMESSE 22.11.08
Elieser i hardt ver 15.11.08
Kvamsåsen
Rundt 2.11.08
Hardhausen
1.11.08
Avskjed med kantoren 26.10.08
Opning av ny skule 23.10.08
TV-aksjonen 19.10.08
Basar på bedehuset 26.9.08
Folkemøte 18.9.2008
Vikestølsmarsjen 7.9.2008
Vikebygdfestivalen 2008
Vikestølsmøtet juli 2008
Kyrkjelydskveld med Biskopen
På leit etter slekt i Vikebygdgd
Hyttefelt veks fram
Bilder frå nasjonaldagen
Vikeputten 26.april
Lottomillionær i Vikebygd
Vikebygd-festivalen 2007
Kvamsåsen Rundt
HEILE ÅRET 2008
Lokale nyheter:
NYHETER FRÅ
VIKEBYGD
NYHETER FRÅ
VINDAFJORD
NYHETER FRÅ GRANNAR
NYHETER
FRÅ Haugesunds Avis
Speidarnytt:
Nutastavar
til Roald og Petter Årvik
Årsfest i speidaren 8. febr.
08
Primitiv mat og uteliv
Speidaren aktiv igjen
Ljosmesse med speidarane
Hulder og troll på Skartland
Kyrkjenytt:
Soknerådet informerer
Gudstenestelista
800 år med
kyrkjer i Vikebygd
70-årsmarkeringa i oktober 07
Konsert med Kristina
Flatebø 13.5
Bispevisitasen juni 2008
Konsert med Steffen Sirris
Tripp Trapp på bedehuset
KOMMUNESTYRET
Frå Vikebygd vart 4 valde inn
i
Kommunestyret
2007-2010
ved valet 10. september 2007:
Roald Årvik (AP)
Gunn Vikingstad (SP)
Dominikus Nagel Bjordal (SP)
Steinar Skartland (KrF)
Val av:
Formannskap og nemnder
Julehelsing 2008 frå Leif Skartland
med familie i California,
Julekortet 2008
Julehelsing
2007
frå Leif Skartland med familie i California, etterkommarar etter Johannes Olai Skartland som emigrerte til USA i
1922.
Leif Skartland's famile syng
Musikk og film:
Leif jr. Skartland.
|