Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Lysmesse i desember

Sida er sist endra 9. des. 2012

Vikebygd kyrkje
Lysmesse med speidarane
av Steinar Skartland 9.12.2012

Mykje folk var møtt fram for å delta i den årlege lysmessa,
søndag 9. desember, saman med speidarane og sokneprest Nedrelid.


Omlag 40 speidarar deltok. Saman kom dei inn med levande lys i den mørklagde kyrkja.  Så fekk dei delta i bøner, tekslesingar, lystenning og prosesjon.  Om det var mørkt i kyrkja så ga lyset frå alle stearinlysa ei flott stemning.  Denne årlege gudstenesta har vorte ein fast tradisjon som mange ser fram til.  Johannes Nedrelid leia gudstenesta, som var den fyrste i det nye kyrkjeåret.  Også den første etter at ny liturgi vart innført.  Lysmessa føregjekk likevel i stor grad i den vante tradisjonen.  Men kyrkjelyden fekk denne kvelden delta i den nye versjonen av Herrens bøn, som nå tar til med: Vår Far i Himmelen.
Det er ein aktiv speidartropp vi har i Vikebygd.  All ære til leiarane som står i spissen for dette gode arbeidet.  Her får ungdommen med seg positive verdiar, får lære å klara seg ute i naturen, får leiartrening og ikkje minst, gode vennskap.  Og rekrutteringa nedanfrå er god.  Heile 23 er nå med i småspeidaren, aldersgruppa 8 - 10 år. Når dei vert 11 får dei bli med dei store speidarane.

 


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Uvêr i desember
Bygdahuset
Born samlar inn
Saga ved Vasslivatnet
Lysmessa
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

   

 
 
 
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org