Vil vi ta vare på skulemuseet i Vikebygd?
Kommunen vil flytta innbuet i skulemuseet i
Årvik ut av Vikebygd og brenna bygget.
(30.3.2012 Steinar S)
I
sakspapira til DUK - utvalet for Drift, Utvikling og Kultur - står
det:
(Saka skal også opp i kommunestyremøte 17.4.12.
Sakspapira for finn du
HER)
"Årvik skule i
Vikebygd er det kommune-styrevedtak (2006) på at ei stifting i
Vikebygd skal overta. Stiftinga er ikkje etablert og overdraging er
ikkje utført. Straum er innlagt, men bygget byrjar å bere sterkt
preg av manglande vedlikehald. Skulen har ikkje nytta bygget dei
siste 4-5 åra. Kommunen eig ikkje grunnen bygget står på, slik at
det ikkje er ein eigedom som kan seljast.
Bra med inventar for ein skule med drift på 50-60-talet."
Sogelaget i
Vikebygd har lege nede i fleire år. Kommunen har sendt saka på
høyring til Ølen og Bjoa sogelag, som uttalar at:
Årvik skulemuseum bør avviklast, men at inventaret kan
flyttast til Sandeid. Dei gir uttrykk for undring over at bygda
Sandeid ikkje i større grad har vist interesse for museet.
Rådmannen si
vurderinga av saka:
Skulemuseet i Årvik har ei uavklara stilling. Gruppa som fekk
overteke ansvaret i 2006 har
hatt vanskar med å laga ei juridisk organisasjon som formelt kan
overta huset slik vedtaket
var. Gruppa bør få frist ut 2012 på å ordna dette. Dersom
dette ikkje er på plass bør
kommunen sikra seg det mest aktuelle inventaret og så rive huset,
eventuelt gi det til
grunneigar dersom han er interessert.
Utdrag frå Rådmannen
sin konklusjon:
Kommunen bør maksimalt drifta eit skulemuseum. Dersom det skal vere
eit skulemuseum i
kommunen bør det vere museet i Skjold som blir verande.
Føresetnadene nemnd i
utgreiinga over må gjelda, og særleg bør det sikrast at
Haugalandsmuseet gjennom
Vindafjordmuseet tek ansvar for skulemuseet.
Avtale som
sikrar overdraging av Årvik skule til stiftinga / organisasjonen som
vil ha privat
skulemuseum, må vere på plass i løpet av 2012. Bygningen blir elles
tilbode vederlagsfritt til
grunneigar. Kommunen bør sikra aktuelt inventar til museet i Skjold.
Dersom grunneigar ikkje vil overta blir det vurdert å rive eller
brenne huset.
Det blir sett
på som svært viktig at framtidig skulemuseum blir aktivt nytta av
barn.
Rådmannen vil difor at Vindafjordmuseet, som ein del av overtakinga,
forpliktar seg til å laga eit opplegg som kan brukast av aktuelle
klassetrinn på dei nærmaste skulane, enten dette skjer ved at museet
er til stades eller ved hjelp av lærarar i klassen Opplegget bør
kunne nyttast i Skjold eller i avdelinga som er tilrettelagt i
Vikedal.
DUK-019/12
VEDTAK:
1. Den gamle skulen som står ved skuleplassen i Sandeid (sjølve
bygningen) blir lyst for sal for ei krone. Dersom det ikkje blir
nokre som vil overta bygningen skal bygningen rivast.
2. Avtale som sikrar overdraging av Årvik skule må vere på plass i
løpet av 2012.
Bygningen blir elles tilbode vederlagsfritt til grunneigar eller
rive.
3. Skulemuseet i Skjold blir overført til Vindafjordmuseet.
Rådmannen blir bedt om å få laga ein avtale med Vindafjordmuseet /
Haugalandsmuseet slik at dei tek over ansvaret for det faglege
innhaldet, utstyr og vedlikehald av skulemuseet. Utgifter på inntil
40.000 kroner blir å innarbeida i neste budsjett.
Sakspapira for
Kommunestyre møtet finn du
HER
Svært mange som eg
møter seier at dette gamle skulehuset i Årvik har sin historiske og
kulturelle verdi nettopp fordi det ligg der det ligg, på den
opphavlege skuleplassen og miljøet. Mange uttrykkjer at det er
heilt feil å flytta skuleinbuet til ei anna bygd og riva dette
historiske bygget.
Er det interesse i
bygda for å ta vare på dei lokale historiske verdiane??
Eg utfordrar her
til at eit lokalt sogelag igjen kjem på banen og syner interesse for
lokalhistoria før den går tapt. Det har vore gjort ein del i
samband med sogeskrift saman med Vindafjord sogelag. Men vil
bygda noko meir. Eit felles sogelag er ei god løysing, men det
må koma vidare.
Vidare oppfordrar
eg dei som vart oppnemnd som lokal nemnd for å sikra skulemuseet i
Årvik om å kalla inn til eit lokalt møte for å orientera om arbeidet
dei har gjort, og slik at bygdefolket får høve til å seia si meining
om museet si framtid. Dersom det er lokalt ynskje om å ta
ansvar for skulemuseet - er det nå siste sjanse. Grip den!
Er det ikkje reell
vilje lokalt til dette, så er det beste at verdiane vert tekne vare
på i eit felles skulemuseum for Vindafjord, der det vert gjort
tilgjengeleg for born og unge.
|