Dugnadsånd i Vikebygd.
Opning av ny leikeplass mellom Lio 1 og 2.
(18.12.2011 SteinarS) Klokka 15:00 på søndag 18.
desember vart den nye leikeplassen i Vikebygd offisielt opna med program for borna og
grilling for heile familien.
Dugnadsarbeidet har ført til ein flott uteplass for bygda, som
kan nyttast både sommar og vinter.
Lekeplassen er både ein naturtomt der terrenget har fått liggja slik det var,
men også tilrettelagt med ein hellelagt område i eine hjørna. Her er det
sett opp lèvegg og ei grillgryte er på plass. På opningsdagen sørgja Geir
Rasmussen for bål i grillen og steikte pølser til dei frammøtte. Foreldra
hadde også sørgja for ei gyte med kakao. Til å tale på
opninga
hadde komitèen invitert varaordførar Steinar Skartland.
Dugnad er
kjenneteiknet på Vikebygd. Ved å gjennomføra noko i fellesskap oppnår
ein glede både under arbeidet, men også i form av å kjenna ein eigarskap til det
ein har vore med på å byggja. Då er det grunn til å tru at leikeplassen
både blir brukt og teken godt vare på.
- Vi skal byggja eit halvtak over helleplassen, fortel Geir Rasmussen. -
Sjølv om borna ikkje har vondt av å vera ute i dårleg vêr, så er det jo kjekt at
foreldra kan vera med og samla seg under tak.
Tomter for nye familiar like ved leikeplassen.
Like ved leikeplassen er det lagt ut eit nytt bustadfelt med 19 tomter som
nå vert klargjorde. - Det har alt vore fire interesserte og vurdert å
byggja her, men det er ikkje teikna kjøpsavtale med nokon av dei, fortel dagleg
leiarr i Tomteselskapet, Leon Dyngeland. Han har stor tru på at det vert bygging
av hus her om ikkje så lenge.
Litt uti programmet dukka sjølvaste julenissen opp med sekk på ryggen.
Dette sette borna pris på. Dei strøymde saman rundt nissen som hadde ein
sekk full av godteposar.
Men
det var nokre som undra seg over at nissen hadde dongri bukse på. Dei hadde
greie på kva nissen var.
Les meir
om opningsarrangementet her.
Eldsjeler tok initiativ
Både Lio 1 og Lio 2 hadde tomter som skulle
vera til leikeplass. Nå er begge desse gjort om til bustadtomter og nytt areal
til felles leikeplass vart sett av mellom felta.
- Me fekk avtale med kommunen om å laga sykkel og gangsti mellom felta. I
staden for at kommunen kjøper dyrt fekk velforeininga midlar til materialar og
har nå sett i gong med å laga utstyr til leikeplassen sjølv, fortalde Geir
Rasmussen i vår då dugnaden tok til.
- Me fekk 10.000 av Vikebuen, 16000 av VAF og 3000 av SR-Bank. Utover det flotte
arbeidet Agnar Alne har gjort av entreprenør-arbeid, så er alt anna gjort på dugnad.
- Vi har nok fagfolk til at dette er gjort fagleg rett. Nå blir her ein
leikeplass for heile bygda der turstien går rett forbi.
Les meir her.
|