Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 16. sept. 2012

4

Kyrkjejubileum i Vikebygd
1937 - 2012

 

 

Kyrkjejubileet 15. - 23. september 2012

Fullt hus på "Sprell levande gudsteneste" 16. sept.

(16.9.12 SS)  Det var fullt på parkeringsplassen ved kyrkja.  Born, ungdom og vaksne i alle aldrar fylte benkene i kyrkja.  Jubileumsveka har teke til.  Britt Karstensen leia gudstenesta på borna sine premisser.  Dei kom inn i ei lang rekkje, berande på frukt og grønsaker i korger.  Haustfest på bygda er også å takka for den grøde jorda gjev.  Guds skaparverk som vi kvar vår får oppleva vaknar til liv.  Framme i koret fekk borna syngja fleire songar for kyrkjelyden.  Det vart ingen stiv tale frå preikestolen.  Britt, Kjersti, Brit Nelly og Lina framførte bibelforteljinga om søstrene Marta og Maria som fekk besøk av Jesus.  Borna sat på golvet heilt framme.  Jo, vi må ta tid til å lytta til Jesus.  I denne gudstenesta fekk alle 4-åringane sin eigen barnebibel.  Frå den kan foreldra lesa for dei.  Dei borna som er eldre har fått bibelen før. 

15 konfirmantar
Så var det tid for å presentera konfirmantane som har teke til med undervisningsåret.  15 er dei i år. Ei flott gruppe med ungdom.  Brit Nelly hadde med seg bønnekort og oppfordra kyrkjelyden om å ta med seg eit kort, og be for konfirmanten.  Så vart det bønnevandring i kyrkja.  Ein kunne tenna lys, få velsigning, skriva eit bønnekort eller lima eit bilde opp på ei stor plate.  Framme stod offerkorga, for dei som ville gje ei støtte til søndagsskulearbeidet.

Så ringde kyrkjeklokkene dei 9 slaga.  Då Arne spela opp på postludiet kom smilet fram hjå mange og dei nikka gjenkjennande til kjenningsmelodien til Noreg Rundt.  Gudstenesta hadde element som alle kunne kjenna seg igjen i, både dei som går ofte og dei som går sjeldan til kyrkja.  Her er rom for alle.  Kyrkja i Vikebygd har desidert det største frammøtet, sett i forhold til innbyggjartalet, fortalde kyrkjeverja ein dag.  Sist år var gjennomsnitt frammøtet på gudstenester 80 personar.  Nokre gonger berr 20, andre gonger langt over 100.  Gudstenesta denne søndagen var av dei som får gjennomsnittet opp.

Etter gudstenesta kunne folket stoppa igjen ei stund til kyrkjekaffi, og Britt Nelly kunne invitera til fleire arrangement denne veka, fram mot sjølve gebursdagen for kyrkja vår:  23. september.  Då blir det fest for alle.   
Sjå programmet her
.

Meir info.


Ei flott gruppe på 15 ungdomar som førebur seg på konfirmasjon til våren

Kyrkjejubileet 15. - 23. september 2012

Nytt høvet til å oppleva kunsten
Skuleborna stiller ut i kyrkja denne veka

(15.9.12 SS)  Elevane på Vik skule har teikna, måla, fotografert og forma modellar og fram-stillingar av kyrkja som nå feirar 75 år.  Heile komande veke vil dette vera utstilt i kyrkja slik at alle kan få sjå dette når dei kjem på dei ulike jubileumsarrangementa.  Sjå programmet her.  Noko av dette er lagt ut på internett her på vikebygd.org, men skikkeleg oppleving av kunsten kan du berre få ved å koma til kyrkja.  Takk til born og skule for eit godt arbeid.

 
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
4-åringane vitja kyrkja

Laurdag 15.9 var alle 4-åringane på besøk i kyrkja. Her fekk dei vera med heilt opp i tårnet og høyra kyrkjeklokkene.  Britt fortalde om dåpen. 

Etter bollar og saft laga dei teikningar som skal få hengja i kyrkja denne veka. Søndagen var dei der igjen for å få barnebibelen

75 års dag
Inviterer heile bygda på fest

Kyrkja i Vikebygd fyller 75 år den 23. september.  Soknerådet steller til stor feiring med middag på Bygdahuset denne søndagen.  Dei vonar at mange vel å ta søndagsmiddagen der denne dagen. 

Men før denne dagen så skal det vera markering av jubileet ei heil veke. Sjå programmet - og bli med på det som skal skje i kyrkja denne veka.  Her er noko for store og for små. (Klikk på plakaten og sjå den i stort format).  Programmet:

Laurdag 15.09 kl. 15.30-17.00
4-åringane vert invitert til bli-kjent dag i kyrkja
Søndag 16.09 kl. 11.00
Sprell levande gudsteneste/haustakke fest ved kateket Britt Karstensen. Utdelinga av bibel til 4-åringane og presentasjon av konfirmantane
Kyrkjekaffi
Torsdag 20.09 på dagtid
Kyrkjevandring for barnehageborn og skuleelevar
Fredag 21.09 kl. 19.30
Konsert med lokale krefter
.  Bilettsal.
Søndag 23.09 kl. 11.00
Festgudsteneste
ved sokneprest Johannes Nedrelid og prost Arne Øystese
Søndag 23.09  Etter gudstenesta vert det festsamling på Bygdahuset
med sal av middag, kaker og kaffi.

Bok om kyrkja i VikebygdGir ut bok om kyrkja i Vikebygd

(11.9.2012  SS)  I samband med kyrkja sitt 75 års jubileum 15. - 23. september, har ei eiga nemnd arbeida aktivt med å gje ut ei bok.  Denne  skil seg ut frå tidlegare jubileumsskrift, og har med seg mykje av livet som rører seg rundt kyrkje og bedehus, godt dokumentert med bilete. 

Boka vil bli delt ut i posten med ei til kvar heim i bygda. Ynskjer ein fleire, t.d. for å bruka den som gåve til andre, så kan fleire eksemplar kjøpast av soknerådet eller på Joker butikken i Vikebygd for kr 150,-.  Soknerådet oppmodar også alle som kan og vil, om å nytta den giroen som vart levert med boka og betale inn ein sum.  Dette for å klara restfinansieringa av boka utover det ein har fått i sponsormidlar. Det gjeld også andre som ynskjer eit eksemplar av boka. Dei har noko å gle seg til.

 

Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti 
(17.3.2012 Steinar S) 
 Stavanger Bispedøme vedtok i november i fjor å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.  Vindafjord og Vikebygd vert då i Haugaland Prosti. 
Les meir her.

 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Frå tidlegare

Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org