Vikebuen arrangerte
St.Hans feiring på Bryggjebakken
(25.6.2012 BH/SS, Foto: Beate Håland)
Folket i Vikebygd set ikkje inne og sturer om det er litt regn i lufta.
Vêrmeldinga hadde varsla opphald eit par timar på St. Hans kvelden, og det
høvde godt for å få gjennomført det årvisse arrangementet med bål i
strandkanten nede ved båthamna i Vikebygd. Folk utstyrte seg med
regnklede og møtte trufast fram til båltenninga klokka 18:00.
- Eg reknar med at det var i underkant av 100 personar til stades, fortel
Beate Håland.
- Dessverre var det ingen som hadde instrument med seg. Været var sånn
passe, litt regn/yr og litt opphaldsvær. Men trass alt fint i forhold til
kva som blei meldt eit par dagar i førevegen.
Vikebuen
stod for arrangementet som dei har hatt i 5-6 år nå. Styret, som
består av 6 personar med Ingrid Mathilde Sørvåg i spissen, stod bak denne
kvelden. Det var ikkje noko spesielt program, men folk kunne grilla
pølser, prata og kosa seg. Borna leika på Bryggjebakken og sjekka
temperaturen i sjøkanten.
I tillegg til fekk arrangørane god hjelp. Einar
Johannes Bakkevik laga til bålet i år også.
- Ein fantastisk service innstilt mann som alltid svarar ja, seier Beate.
Ole Harald lånte ut telt og sette opp for laget. Gunn Vikingstad
laga
fantastiske lappar som Vikebuen selde. I tillegg vart det seld kaker, kaffi
og brus.
Beate Håland hadde i skrivande stund ikkje oversikt over det økonomiske
resultatet av kvelden, men reknar med at det blei eit lite pluss i år og.
Formålet med kvelden er å ha ein koselig kveld kor alle kan hyggja seg. Eit
eventuelt overskott blir brukt til å vera med å finansiera eit nytt
førstehjelpskurs/ hjartestartarkurs til hausten, fortel ho.
Fotoalbum
/bilete frå arrangementet her |