Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 13. febr. 2012

Lokale websider

Gamleskulen sin framtid

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kommunestyret avgjorde
Gamle skulen i Vikebygd skal rivast

(7.2.2012 SS)  Mange hadde ordet i debatten om denne saka i kommunestyret tysdag 7. februar.  Men det var berre Høgre som stod fast på at skulen skulle seljast til selskapet som ga bod på å byggja det gamle bygget om til hyblar for pendlarar som arbeider ved dei store verksemdene i kommunen. Eit stort fleirtal samla seg om innstillinga frå formannskapet, som lydde:
 
"1. Skulen vert riven og området vert planert.
2. Det vert løyvd inntil kr 400.000,- til arbeida. Løyvinga blir teke frå unytta midlar til 'oppgradering av bygg og anlegg' i investeringsbudsjettet for 2011
." 

Lang debatt som engasjerte mange.
Høgre var særleg oppteken av signaleffekten ved at ein her seier nei til ein tilbydar/kjøpar etter at bygget har vore lyst ut for sal.  KrF peika på at tomta er taksert til 1,5 mill, og bodet lyder på 0,5 mill. Argumenta om at dette området både vert nytta av born og skule, og at dette utgjer den mest sentrale kommunale tomta i kommunen, vart støtta av mange.  Medan Høgre meinte det var heilt feil å ta omsyn til lokale utspel og grendautvalet sine meiningar, understreka fleire av dei andre at det nettopp er viktig å ta signal frå lokalmiljøet.  KrF minna om at grendautvala er komne i stand nettopp etter initiativ frå kommunen for å ha lokale sparringspartnarar og høyringsinstans for saker som gjeld den aktuelle bygda, og kritiserte kommunen for at dei ikkje vart kontakt i saker som t.d. sykkel og gangsti Ølen-Ølensvåg og sal av kommunale eigedomar i Vikebygd. Senter-partiet følgde opp med at om ein ikkje hadde lytta til utvala i Ølen og Ølensvåg, så var ikkje det argument for å gjera same feilen ein gong til i Vikebygd. 

 

Gamleskulen i Vikebygd
(3.2.12 SS)  Tysdag 7. februar skal saka opp til endeleg handsaming i kommunestyret.  Som vanleg er dette ope møte for alle som vil høyra på, på Ølen Kulturhus kl. 16:30.


(24.1.12 SS)  Formannskapet i Vindafjord vedtok i møte tysdag å bevilga 400.000 kr til å dekkje kostnaden med å rive gamleskulen, fjerne og planere skuletomta.  Eit fleirtal gjekk inn for riving av skulen.  Saka er ikkje endeleg.  Den skal opp att i kommunestyret den 7. februar.  Høgre vart ståande åleine med eit framlegg om å selja skulebygget til firmaet Multivedlikehold, som har søkt om å få byggja dette om til innkvartering av innleigde personar som dei leiger ut til lokale verksemder.  Dette ville gje inntekter på 500.000 og at firmaet i tillegg tar kostnaden med å flytte ballbingen. Fleirtalet såg verdien i å rydde tomta og tenkja framover for ei betre utnytting av arealet. 

KrF argumenterte også med at kommunen måtte gå i dialog med Grendautvalet om å laga ein plan for området, men fekk ikkje formannskapet med på å ha dette med i vedtaket. 

Vidare vart det peika på at kjellaren på Gamleskulen ennå er i bruk til sløyd, då ein ikkje har eigna rom for dette i dei nye skulebygga.  Formingsrom er på langtidsplanen for kommunen, men riving kan koma til å skje før nye lokalar er bygde.  Dette vert ei utfordring for både skulen og kommunen.
Les meir her.

Ordføraren på synfaring i Vikebygd
(21.1.12 SS)  Fredag 20. januar tok ordførar Ole Johan Vierdal turen til Vikebygd får å studera gamleskulen med eigne auge.  Saman med Kjell Kjærland frå teknisk og varaordførar Steinar Skartland møtte han der Jens Morten Koltveit som er med i FAU. Så langt var dei samde om at å riva skulen og sjå kva dette området kan utviklast til for bygda, er rett.  Det kan likevel vera lurt å bruka litt lengre tid slik at grendautvalet kan få vera med og laga ein plan for området.  Jens Morten Koltveit var tydeleg på at slik denne tomta ligg bør det rettaste vera å bruka området til beste for barn og unge. 

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Vik skule sende i desember eit brev til kommunen om saka.  Dei er urolege for sikkerheita til born som leikar på området rundt skulen og oppfordringa deira er: - Einaste fornuftige å gjere er å fjerne Gamle Skulen.

Så spørst det om politikarane i formannskap og kommunestyre røystar for dette.  Det er viktig at bygdefolket gjer sitt syn til kjenne. 
Ordførar på befaring i Vikebygd  (klikk for stort bilde)Stort forfall på gamleskulen.  (klikk for stort bilde)


Opprop frå Grendautvalet:
Riv Gamleskulen og gjer ei totalvurdering av arealet.

Rune hetland, leiar i Grendautvalet i VikebygdLeiaren i Grendautvalet, Rune Hetland, hadde ikkje høve til å delta på synfaringa, men har skreve brev til politikarane i formannskapet der han oppfordrar dei til å gå inn for å riva gamleskulen og gjera ei totalvurdering av arealet til beste for bygda.

- For å få ei god framtidsløysing for dette området vil det beste vera å riva gamleskulen og deretter setja i gang eit kreativt arbeid saman med Vik grendeutval og bygda elles for å sjå korleis dette området kan utviklast til å vera ein ressurs for bygda si utvikling, skriv Rune Hetland, og seier vidare: - Her kan ein tenkja seg fleire alternativ frå bustader til servicenæringar. Det er svært sannsynleg at ein kortsiktig gevinst ved eit sal av bygget vil vera eit stort økonomisk tap for kommunen i forhold til å sjå heile området samla.  
Les brevet frå Grendautvalet til politikarane her.
Les saksdokumentet til formannskapet her.  Kart og tilbod på bygget.
Andre saker til formannskapsmøte 24.1.2011

 

Gamleskulen i Vikebygd si framtid skal avgjerast
(15.1.12 SS)  Den 24. januar får formannskapet ei sak på bordet med val mellom sal av bygg og tomt, eller riving av det gamle og forfalne skulen.  Saka skal vidare til kommunestyret.  Fleire interessentar har vurdert bygget, men berre ein står att og har ynskje om å byggja om til innkvartering av arbeidarar til ulike verksemder. Mange i bygda er skeptisk til ei slik løysing og Grendautvalet har tidlegare peika på at dette området kan nyttast til fleire ulike og spennande føremål til nytte for Vikebygd.

Rådmannen rår til å riva skulebygget, og meiner at området kan vera aktuelt til bustadføremål. Så vert det opp til politikarane å avgjera gamleskulen sin lagnad.

 

 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org