Ei bygd i sterk vekst!
100
elevar og barnehagebarn
- Den
31.mai 2010 blir det til saman 100 barn på Vik skule og
barnehage.
- Me blir 64 elevar
på skulen og 36 barn i barnehagen.
- Elevtalet på
skulen har auka med 50% frå 2006 og til nå,
Skriv ein jublande rektor på framsida av utgåve nr
4 av "Kontakten"
(Kontaktorganset for Vik Skule).
(29.5.2010
Steinar) Det har vore ei jamn
tilflytting til Vikebygd dei siste åra. Dette syner
igjen ved at ledige byggjeklare tomter er oppbrukte.
Både Grendautval
og kommunen
har vore opptekne av å betra dette, og held nå
på med klargjering av nytt byggjefelt / utviding
av
Liofeltet
i sentrum. Desse felta
har kort veg til skule, barnehage, kyrkje, bedehus, bygdahus,
serveringsstader, trimstudio og butikk. I tillegg
ligg Vikevika med ein fiskerik fjord og båthamner like
nedanfor. Ikkje til å undrast over at folk
strøymer til denne vakre bygda.
I
dei seinare
åra har det også vore ein sterk vekst i nye
fritidseigedomar, m.a. ved utbygging av
hyttefelt
på Leirhammer ved Dommarsnes. Auken i "hyttefolket"
merkast godt i butikken
som strekkjer seg langt for å vera eit attraktivt
service-element i bygda. Familiemedlemar som får seg ein tur
til denne naturperla og levande bygda vert nok freista til å
tenkja: - Her skulle eg gjerne
bu og la borna veksa opp.
Skule
og barnehage i
bygda er eit like viktig element som butikk, natur og arbeidsplassar
når nokon skal vurdera kor dei vil slå seg
ned. Bygda sin 1 - 7 skule fekk ta i bruk nye og moderne bygg
for ei tid tilbake. Dei ventar nå på at
siste byggjetrinn skal koma på plass slik at også
formingsaktivitetar kan flytta ut av den gamle skulen som snart skal
rivast.
|