Besøk frå Amerika til Vikebygd
Bønder frå Iowa vitjar Vikebygd
(20.7.11 SteinarS)
USA er eit stort land der det fleirtalet har
røter og aner i andre land. Mange kan trekkja bein linje til norske
bygder. Slekstgransking er populært og med det kjem også tur til gamlelandet.
Denne veka er storbønder på besøk og leitar opp småbruka i Vikebygd og Skjold
som dei stammar frå.
Småbruket
på Leirhammar er med sine 12 mål, ikkje mykje å brødfø seg på i dag.
Der budde Endre og Brita Dommersnes med 6 born. Omen (1857-1920) var det eldste
barnet. Omen og bror hans John, drog til Amerika medan Ole, Aaselina, Gurina og
Sven, vart igjen i Noreg. Omen, som var fødd på Leirhammar, endra namnet sitt
til Enderson då han kom til USA. Her gifte han seg med Belinda frå Svinelid i
Skjold.
Steven
Hanson, som er oldebarnet til Omen, er saman med kona, Mary, nå komne til Noreg
for andre gong. Saman med broren, son og nevø driv han ein gard på 30.000
mål like ved Story City i Iowa. Flat som eit stovegolv er markene der han
dyrkar mais og korn. Dei store John Deere skurtreskarane og traktorane er
av andre dimensjonar enn vi er vane med. Skurtreskarane har autopilot og
satellittnavigering. Med signal frå 7 satellittar skjer han kornet i lange beine
rader. Maisen vert skild frå og går over på store traktorhengarar, der
Mary køyrer den eine. Stor forskjell frå dei små og skrånande ekrene på
Leirhammar. Han har og ein stor lastebil med semihengar som han transporterer
kornet med.
-Er det
mange som går i kyrkja her, lurer Steven på. Eg må medgi at utanom
høgtidene er det heller lite frammøte. Steven fortel at sonen hans og kona
går i ei kyrkje i Story City med 3000 medlemmer. Dei må ha 5 gudstenester
på søndagane for at alle skal få delta. Ja, dei som vandra ut til USA hadde
ikkje så mykje jordisk gods med seg, men desto meir har dei teke vare på inni
seg. Trua på Gud er sterkt levande mellom desse som har norske røter. Dei blir
litt forundra over at folket her i "gamlelandet" ikkje har like tette band til
kyrkje og kristendom. Så kjem praten over på dei orda som framleis er
levande i USA. Lefsa og uffda er mellom desse. Av bestemora lærte
dei regler og anna som var arv frå Noreg. Men nå er det få som kan norske ord.
For neste generasjon er kanskje dette borte.
|