Aktivitetsdag for heile familien på idrettsplassen
Då Sørabygda sigra over resten av bygda
Jens Bjordal (Sørabygda) kom først i mål, tett fylgd av Karsten Veastad
(Midtbygda). Jone Bjerga (Nordabygda) måtte nøya seg med bronse-plass
i Triatlon kampen mellom grendene.
(8.9.12
SteinarS) Det
mangla ikkje på inn-satsen då Gunn Vikingstad starta triatlon løpet med
deltakarar på tvers av gene-rasjonane. Først i løpet som var lagt opp
som stafett, var stylteløparane som kunne sende neste pulje ut på 60 meter baneløp.
Ved enden av denne etappen stod dei tre sykkelistane
klare for å ta siste etappe rundt idrettsbanen. Det var heilt klart at
varierande utfordringar i dei to første puljene også var med på å avgjere
rekkefylgja sykkelistane kunne trø i veg. Men alle ga det dei hadde i dette
humørfylte løpet på Vikebygd stadion.
Veksling mellom stylter og 60 m løp
100 deltakarar i idrettsaktivitetar
Etter veker med Olympiade og Paralympiade i London, hadde folk i alle aldrar
fått inspi-rasjon til å visa kva dei dugde til på idrettsbanen.
Uttaksreglane til konkurransane var at dei som klarer å ta seg fram til
idrettsbanen denne dagen - får delta. Her var store og små saman i
lengdehopp, kulestøyt, fotballferdigheiter, 60 meter baneløp, 400 meter
baneløp,
orientering og speedorientering. Alle borna fekk premiar.
Og mellom dei som stilte viste det seg også dei som var godt over snittet
i idrettsleg nivå denne dagen. Alf Inge Solheim var klart raskast på "60
meteren" med tida 7:38. - Dette er ny banerekord, kunngjorde tidtakar
Gunnar Birkeland etter prestasjonen.
Etter å ha samanlikna med at Jaysuma Saidy Ndure sette norsk rekord på 60
meteren på 6,55 i 2008, konkluderer underteikna med at dette er sabla godt.
Andre har trekt i tvil om Gunnar hadde ein heil meter i kvart steg som vart
nytta til oppmåling. Han har nå planar om å gå bort på banen etter at det er
mørkt i kveld, for å kontrollmåle.
Alf
Inge Solheim spring inn på 7:38.
Mellom dei mange gode prestasjonane merka vi oss også
Vegard Skartland som sprang inn til suveren siger på 400 meter baneløp.
Ungdom med erfaring frå orienteringsløp.
Under heile arrangementet var det sal av pølser, lappar, kaker,
havre-grynsuppe,
brus og kaffi i kiosken. Dagen var prega av mange folk på dugnad for å
få til eit arrangement som folk sette stor pris på.
Gratis saft til deltakarane.
Alle påmelde fekk lodd som vart trekt i slutten av dagen.
Hovudpremien for dei over 17 år var gratis deltakarplass i Hårfagrerittet neste år.
Vinnaren vart Rune Fostenes. Han har ikkje tidlegare delteke i
Hårfagrerittet, men tar utfordringa og ser fram til å kunne delta med
sykkelen der. For deltakarane under opp til 17 år var premien to
billettar til FK Haugesund sin kamp. Last ned og sjå
plakaten HER
|