Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Jul i bygda

Sida er sist endra 31. des. 2012

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Juletradisjonar
Mange kom på juletrefesten

av Steinar Skartland 29.12.2012

Juletrefesten 28. desember 2012Det vart fullt ved borda då laurdagsklubben inviterte til tradisjonell juletrefest på bedehuset fredag 28. desember. 

Omlag 60 unge og eldre samlast til julesongar, andakt, julemat og i ring rundt juletreet.  Laurdagsklubben arrangerte, men dette var ein fest for alle som ville delta.  Før i tida var det mange juletrefestar i Vikebygd, og i alle grender.  Eigne familiefestar og vaksenfestar. Gjerne 5-6 arrangement. Nå har dette minka til bere to.  Likevel er det ein tradisjon som ennå samlar mange. 

Vår kristne julehøgtid er ei markering av Jesu fødsel og starten på ei ny tid.  "Sjå, eg kjem med bod til dykk om ei stor gleda, ei glede som gjeld alle," var orda som vart sitert frå juleevangeliet i Bibelen.  Så får vi framleis feira ei julehøgtid der familieliv og glede står i sentrum.  Kjersti Bjerga leia festen og spela til julesongane, før ho introduserte Steinar Skartland som hadde andakten.  Etterpå var det julemat med saft og kaffi på borda, åresal med utlodding av mange gevinstar, og leiker for borna.  Noko Line og Ada hadde ansvaret for. Og endeleg vart det tid for det mange born venta på.  Bord og stolar vart flytta inn til veggene og saman kunne vi laga ring om juletreet.   Dei kjende julesongane tona i rommet.  "Eg er så glad kvar julekveld" og "Jeg gikk meg over sjø og land."

Jul i stova.
Heime hjå oss er jula ei tid då det blir trongt i stova.  Borna finn vegen heim for god julemat og fellesskap. Nokre fleire får dei med seg etter kvart.  Treet står pynta i eine enden av stova.  Første juledag var vi 19 til bords.  Drog fram ekstra stolar og sat litt tett, så gjekk det bra.  Dei minste blir fort mette og spring opp trappa til loftet.  Må prøva litt julegåver og leika i lag.  Nå er dei reiste kvar til sitt, men bileta har vi sikra oss. Og masse restar i kjøleskåpet.  Kan ha mange micro-middagar av det.  Julekaker er her òg i boksane ennå, om nokon vil koma innom ein tur. Treng ikkje venta på invitasjon.

Nesten
Ikkje alle opplever denne gleda.  Nokre er einsame, andre slit med problem i familien som gjer det vanskeleg å møtast.  Vanskeleg å finna tonen mellom familiemedlemmene.  Nå er det straks nytt år.  Kanskje det er eit høve til å bøya seg litt ned.  Kanskje ta initiativet til eit: Unnskyld.  Ikkje fokusera på:  "Det var ikkje min feil," men finna starten på noko nytt? Kjernen i den kristne bodskapen er: "Å elska nesten din som deg sjølv."  Det er eg og du som kan starta ei ny tid i våre liv. Ikkje vent på dei andre.

Julegudstenesta
Ei fullsett kyrkje fekk visualisert julebodskapen

av Steinar Skartland 24.12.2012


Marie Mortveit song "Himmel på jord" etter at borna hadde lese juleevangeliet og visualisert julebodskapen, utkledde som Josef, Maria, gjetarane og dei vise menna.  Heile 237 hadde samla seg i kyrkja og kunne innvia julefeiringa med musikk av Skule- og Ungdomskorpset og Helge Veastad på gitar i samspel med Arne Tveit på kyrkjeorgelet.  Så kunna alle ynskja kvarandre God Jul og reisa heim til julemiddagen i klangen frå kyrkjeklokkene som ringde jula inn.

Lyst til å gå på gudsteneste i jula?
Det er gudstenester desse dagane og stadene:
2. juledag, 26. desember, klokka 11:00   i Skjold Kyrkje
Nyårsafta, 31. desember, klokka 23:00   i Vats Kyrkje - Midnattsmesse
Nyårsdag, 1. januar, klokka 12:00   i Ølen Kyrkje

Juletrefest på Vikebygd bedehus fredag 28. desember klokka 17:00 

 

Advent og Jul
av Steinar Skartland 15.12.12

Advent er ei årstid som vert markert av den kristne kyrkja.  Den markerer førebuingane til juletida. Namnet kjem frå latin Adventus (Redemptoris), «(Herrens) ankomst». Første søndag i advent er første dag i kyrkjeåret.  I denne tida nyttar kyrkja den liturgiske fargen: Lilla, og folk i Noreg brukar lilla stearinlys, m.a. i adventstaken.

Les her ord i Advent av Helga Haugland Byfuglien, Bispemøtets preses.
Adventstida ber i seg doble forventningar: Vi ser frem mot jula si store glede når vi skal feire frelsaren som kom til jorda som verdens lys, og vi venter også på at den oppstadne skal komme igjen.

Adventsutg Hyrdingen
Les HYRDINGEN her

Klikk her og les Hyrdingen på nett


Klikk på bilde av bladet

Les også:

Redaksjonspennen 

Det kimer nå til julefest,
det kimer for den høye gjest,
som steg til lave hytter ned
med nyårsgaver: fryd og fred
Å kom, bli med til Davids by
hvor engler synger under sky!
Å la oss gå på marken ut
hvor hyrder hører nytt fra Gud!
Så la oss gå med åpne sinn
som hyrdene til barnet inn,
med gledestårer takke Gud
for miskunnhet og nådebud.

 
Glatte vegar 2. juledag.
Det var yr og regn det meste av onsdag 26. des.  Mot kvelden gjekk temperaturen ned til nokre kuldegrader og vasslaget på vegane fraus til is.  Dette ga svært krevjande og utfordrande køyreforhold på fylkesvegen frå Bjoa, via Vikebygd til Skjold.

Seinare på kvelden, litt over klokka 21.00, skya det til igjen og etter kvart kom snø som lava ned og la seg oppå islaget.

Men for dei som var ute ein tur mellom klokka 20 og 21:00 så fekk ein oppleva mest skyfri himmel med fullmåne og stjernelys.  Ei av "stjernene" lyser ekstra kraftig i sør desse kveldane.  Det er planeten Jupiter som nå er godt synleg.

Torsdag 27. er venta kaldt klart ver med frisk vind frå nord.  Denne vender mot sør på fredag og det kan bli store nedbørsmengder som regn fredag kveld.

Kuling og storm i Vikebygd 15.12.
av Steinar Skartland 15.12.12


Vinden tok godt tak natt til laurdag, som her i Campingvogn på Skartland, knekte trestammer og takstein på ei hytte. 

Les meir her

Drivverk og avansert mekanikk (klikk for stort bilde)Historie som forsvinn sakte
Saga ved Vasslivatnet

av Steinar Skartland, 9.12.12

Du som køyrer fort forbi, legg ikkje merke til henne.  Men går du til fots over brua der elva renn ut frå Vasslivatnet, så ser du henne.  Tenkjer kanskje ikkje over kva det er.  Eit falleferdig hus inne mellom trea.  Den steinete elva renn rett forbi.

Saga var avansert.  Vatnet i elva dreiv ulike mekaniske reiskapar, via reimdrift som både gjekk vertikalt og horisontalt.  Sagbenk, høvel og meir som sakte går attende til sitt opphav. Av jord er du komen... og det nærmar seg dagen då dette klenodiet frå før mi tid også vert til jord att.

Utanfor ligg ein aksling med eit avansert skovlhjul.  Vatnet kom i ei renne og ned på dette skovlhjulet.  Ga kraft til å driva mekanikken.  Elva er der ennå.  Vatnet renn forbi.  Og det er ikkje tilrådeleg å gå inn i huset.  Her kan ein raskt koma til underetasjen om ein trør feil.  Vi skulle vore flinkare til å ta vare på desse minna.  Setja dei i stand så borna kunne Den gamle sagbenken (Klikk for stort bilde)sjå korleis det var før.  Ikkje berre lesa om det i ei tørr historiebok.  Denne saga var av dei meir avanserte, men det ser ikkje slik ut utanfrå.  Då ser ein berre eit falleferdig skur.  Vegger som fell i frå kvarandre.

Les meir om saga og sjå bileta her  

 
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org