Utandørskonsert 30. november:
Korpset spela til tenninga av juletreet ved
Joker'n.
av Steinar Skartland 30.11.12
Klokka seks på fredagskvelden var Vikebygd
Skule- og Ungdomskorps med omlag 20 musikkarar klar innanfor
lagerporten til Joker'n. Dei ville nok sikra at det ikkje kom
fullt av snø på instrument og notar, for i starten lava snøen ned. Rolf kunne tenna ljosa på juletreet,
ikkje ei gran, men ei god norsk furu. Utanfor var det samla seg 80 born
og vaksne, så
med korpset var her omlag 100 som ville markera at
vi nå går
inn i adventstida. Rolf Alne hadde fyrt opp i ei halv tønne.
Her fekk nokre gutar jobben med å grilla pølser på ein høygaffel.
Butikkmannen delte villig ut både varm gløgg og pølser til gjestene.
Etter at korpset hadde spela fleire flotte musikkstykke fekk borna
utdelt faklar. Flesteparten av dei frammøtte deltok i fakkeltog
frå butikken til Gamlatunet. Her hadde Jakop og Anita kokt ei stor
gryte risgraut.
Då fakkeltoget nådde fram vart det ei stund kø for å få koma seg inn og
kjøpe ein grauttallerken, eller kaffi og kaker. Fleire familiemedlemmer
stod på bak
disken og sikra at alle fekk metta seg. Alt medan
korpset spela det eine nummeret etter det andre oppe i andre
etasjen.
Sjå her korleis det gjekk føre seg i fjor. |