Vikebygd Bygdahus:
VIKTIG INFORMASJON TIL B-ANDELSEIGARAR
Kunngjering 26.11.2012Ut frå nytt lovverk må det gjerast
endringar i organisasjonsform for Bygdahuset innan utgangen av 2012.
Andelslag opphøyrer som organisasjonsform frå årsskiftet og styret gjorde
framlegg om at bygget/drifta framover skal organiserast som
samvirkeføretak.
Dei kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Vikebygd Bygdahus AL
torsdag 13.12.12. Etter årsmøtet var det stiftingsmøte for Vikebygd Bygdahus SA
(samvirkeføretak).
Det
vil bli endringar i vedtektene
Styret sitt framlegg til nye vedtekter inneber at
B-andelseigarar utgår og at medlemskap er knytt til organisasjonar og
verksemder, ikkje enkeltpersonar.
B-andelseigarane sitt innskot vil inngå som ein del av eigenkapitalen
til det nye selskapet.
B-aksjonærane sine representantar til årsmøtet:
• Kirsten Bjørnevik – tlf 53 76 92 24
• Ståle Jordal – tlf 900 35 149
• Aud Mansåker – tlf 909 96 125
Uviss på om du er B-aksjonær?
Kontakt Hanne Jorun Helgeland (sekretær) – tlf 900 23 066
Andre opplysningar i saka? Kontakt Gunn Vikingstad (leiar) – tlf
984 86 642 Styret |