20. april
2011,
Skogbrann i Vikebygd
(20.4.11 SteinarS)
Det var klokka 13:43 onsdag at brannvesenet
fekk melding om ein skogbrann i Vikebygd. Brannen var aust i bygda, ved
kraftlina oppfor Byrkjeland, men det var ikkje
mykje røykutvikling. Brannen vart raskt sløkt, men det er omlag 6 mål som er
svidd av som fylgje av brannen.
- Eg såg ein gode del røyk som steig
opp under kraftlinja, mellom dei to øvste stolpane oppe i hallet, fortel Sigurd Birkeland, som oppdaga
brannen. Han ringte med ein gong til naboen, Stein Anton Hetland og bad han
varsla brannvesenet. Sigurd som
haldt på med å fylla singel på grøfter ute på beitet, treiv ei bøtte med
kraftfôr, tømde bøtta og tok den med.
- Tenkte eg fann sikkert vatn
ein kvann stad, fortel han. Det går ein heller dårleg skogsveg opp langs
kraftlinja, og der køyrde Sigurd og Stein Anton opp med traktorane sine.
Dei sette i gong med å fella tre og sløkkja for hand inntil brannvesenet
kom. Det var ikkje mogeleg å komma opp med brannbilane lengre enn til
beitet på Byrkjeland.
- Tenkte først på å ta med tankvogna, men det ville gått
ein time å få fylla den, og halvparten hadde skvulpa over på vegen oppover, seier Sigurd som er glad for at dei fekk sløkt brannen
før han spreidde seg i bjørkeskogen. Han har inga forklaring på kva som starta
brannen.
Brannvesenet takkar snarrådige bønder
Brannvesenet takkar dei to
bøndene som såg brannen starta. Dei tok med motorsag, heiv seg på
traktoren og køyrde opp til brannstaden. Her starta dei sløkkinga med ein
gong og var godt i gong då brannvesenet kom kort etter. På grunn av bratt
terreng ville det vore ei utfordring å kunna sløkkja, om ikkje bøndene hadde
kome i gong med å kutta ned tre så tidleg som dei gjorde, seier brannvesenet til
NrK.
- Alle ringte til meg og spurte kor det
brann, fortel Rolf Alne på butikken. Han fekk
ein litt travlare dag enn han hadde rekna med.
(Les
meir på NrK Rogaland;
h-avis.no; ) |