(14.11.2012 SS)
Dei er mange og dei vert lærte opp til omsorg for andre menneske.
Onsdag 14. november gjekk småspeidarane frå dør til dør med bøsser,
mens storspeidaren stelte i stand kafé på bedehuset. Alt for å kunna
gje si støtte til KFUK speidarane i Bangladesh sitt arbeid for å
betre oppvekstvilkåra for born i dette fattige landet.
- Totalt er det 66 med små og store i
speidaren i Vikebygd nå, kunne gruppeleiar Arne Tveit fortelje.
- Men berre 20 har betalt kontingent i år. Speidararbeidet
får Frifondmidlar frå staten ut i frå talet på betalande medlemmer,
og han oppfordra alle om å betala inn kontingent snarast.
Frifond er ei støtteordning
oppretta av Stortinget for å betra dei økonomiske rammevilkåra for
demokratisk og frivillig aktivitet i lokalsamfunn. Ei lang
rekkje
organisasjonar er medlem i frifond, og her går stønaden til
hovud-organisasjonen, som igjen fordeler dette på lokallag.
Betalande medlemmer fører derfor til at hovudorganisasjonen får
betre høve til å leggjar tilrette for arbeidet både på landsplan og
lokalt.
Men denne dagen var alle i aktivitet.
Småspeid-arane kunne skilte med 5.500 kroner i bøssene
og på kaféen
selde dei for 3.300,- kroner.
|
Mange born og foreldre ville kjøpa kaffi, saft og vaflar av speidarane. Her er det
Dag Nagel-Alne som gjer opp for maten, der alt kosta 10 kroner pr stk.
- Speidarane kan nå senda 8.800 kroner til Globalaksjonen,
fortel Øyvind Valen, og legg til: - Speidarane takkar alle som
tok i mot småspeidarane ved dørene og som besøkte kaféen.
|
Iselin Eidhammer Tveit, ein av leiarane i
speidartroppen,
held andakt på Globalkaféen. |
Når speidarane lagar til Global kafé
så får ein også med seg meir enn mat. Iselin Eidhammer Tveit
hadde andakt der ho peika på at i
speidarlova har det å hjelpa
andre også stor fokus. Derfor er det viktig for speidarane å
kunna delta og å læra å hjelpa andre.
Og så måtte det sjølvsagt
nokre leiker og sketsjar til, når det er speidaren som står bak
arrangementet. Også her fekk speidar-ungdommane visa sine
kreative sider, til glede for dei som deltok og dei som såg på.
For speidarorganisasjonen er det også viktig med leiartrening. Dette
er nok erfaringar og kunnskap som ungdommane får nytte for også
seinare i livet. Mange av dei finn ein igjen seinare i
leiarstillingar innan arbeidsliv, kyrkje og friviljuge
organisasjonar.
Ungdommane i Vikebygd er
både heldige og priviligerte som har så mange gode og positive
tilbod som her finnes. I forhold til folketalet tør
underteikna påstå at det må vera ei av dei mest aktive bygdene innan
frivillig arbeid. Noko som vi har fått gleda av å presentera
mange gonger på denne websida om bygda.
|