Misbruk av kyrkja sin konteinar?
Det står tydeleg oppslag på både konteinaren og
oppslagstavla ved kyrkja at denne berre er for kyrkjegardsavfall (ei teneste
for dei som steller gravene for
sine avlidne slektningar)
(Steinar
22.7.12)
Er
det fastbuande eller ferie-gjester som kastar det private avfallet sitt i
kyrkja
sin konteinar? Undrar eg meg.
Konteinaren er sett her for at
dei som ryddar og steller på gravplassen til sine avlidne slektningar, skal
kunna kaste "hageavfall" blomar og gravpynt her. For ei tid sidan var
det ein raud sofa oppi her. Nå er det mange sekker med avfall som
garantert ikkje kjem frå gravplassen. Kanskje det er ein namnelapp på noko
av det som er kasta?
Så mi
oppfordring til dei som har vore her med sitt private søppel er at dei enten
hentar det igjen og kjører det til Toraneset, eller betalar inn eit beløp
til kyrkja som godtgjersle for at dei nå må ta hand om dette..
Les meir om renovasjonsordninga for hytter og bustader,
her
|
Kven tar kostnaden?
Ei rekning på 250 kroner pr sekk til dei som har levert her, kunne kanskje vera
på sin plass, så kan dei midlane koma vedlikehaldet av kyrkja til gode?
Kyrkja betaler leige av konteinaren og betalar for kvar tømming der dei
leiger bil til å transportere bosset til kommunal avfallsplass. Dette
er ikkje ein konteinar som skal nyttast til anna enn kyrkjegardsavfall.
Ein konsekvens av dette misbruket, om det gjentek seg, kan bli at ein må ta
bort denne konteinaren (slik ein måtte gjera for nokre år sidan då folk som
fiska på fjorden her, kasta fiskesloet i konteinaren etter sløying).
PS.
På ein fottur strekninga Veastad - Skartland har eg tald omlag 40-50 tomme
snus-boksar, av merka Skruf, i vegkanten (det var dei eg såg). Mitt ynskje
er at foreldra kan læra borna sine å ta hand om avfallet dei skaper. Å
kasta avfall ut av vindauga på bilen er for meg ufatteleg. Ungdom og vaksne:
- Ta hand om ditt eige avfall og legg det i søppeldunken heime eller på
arbeidsplassen din. Det forventar vi andre av deg. Så er du med og tek vare
på den flotte bygda vår.
Og om du ikkje veit kva Skruf er - så les litt
her. |
Søppel langs vegen
Kasta av bilistar?
(Steinar juli 2012) På ein fottur strekninga Veastad - Skartland har eg tald omlag 40-50 tomme
snusboksar, av merka Skruf, i vegkanten (det var dei eg såg). Mitt ynskje
er at foreldra kan læra borna sine å ta hand om avfallet dei skaper. Å
kasta avfall ut av vindauga på bilen er for meg ufatteleg. Ungdom og vaksne:
- Ta hand om ditt eige avfall og legg det i søppeldunken heime eller på
arbeidsplassen din. Det forventar vi andre av deg. Så er du med og tek vare
på den flotte bygda vår.
Og om du ikkje veit kva Skruf er -
så les litt
her. |