Vikebuen har kjøpt inn Hjartestartar
- Nå har Vikebuen kjøpt
inn hjertestartar til bygda, fortel Inger Kathrine Sundve.
- Denne
skal vera tilgjengeleg, og til å ta med ut på større arrangement der
det samlast mykje folk, for eks. på Vikeputten eller
Vikebygdfestivalen.
Kurs
for å lære opp 10 personar
Den
12. mai arrangerer "Vikebuen" kurs der 10 personar i bygda skal få
opplæring på akkurat den maskina som er kjøpt inn, seier Inger
Kathrine Sundve til Vikebygd.org. Instruktøren kjem frå Bergen og
kurset blir truleg 4 - 5
timer. Vikebuen ser for seg at dette kan bli ein
spennande dag og tid til ein god lunsj og kaffipause.
Kven kan delta på kurset?
Folk som kan
vera aktuelle til å delta på kurs er einkvar som er litt med når det
skjer ting i bygda, og dermed gjerne uansett er tilstades og
tilgjengelig der folk samlast. Kanskje ein sjukepleiar eller andre
med interesse for liv og helse? Leiarar i lag og organisasjonar?
Foreldre eller andre som er engasjerte?
Det viktigaste er at DU ser nytten av en
hjertestartar i bygda, og har lyst til å få opplæring på denne.
Vikebuen strekar under at det ikkje er snakk om å binde seg til noko
vaktordning eller fast ansvar, men det er snakk om å få kompetanse
ut i bygda gjennom opplæring av folk -foreløpig 10 personar - som
kan henta ut hjartestartaren frå der den vil stå, og ta med f.eks
bort på Plasset på Vikebygd-festivalen.
Ta kontakt med Inger Kathrine Sundve tlf 975 74 954
om du vil vite
meir.
Les også om
innsamling av pengar til hjartestartar i Vikebygd
----------
Hjartestans
(21.4.12 StS:)
5000 - 6000 får hjartestans i Noreg kvart år! Av desse
vert 5 - 10 % redda. Så mange som 70 % kan overleva dersom ein
straks startar hjarte- og lungeredning og har ein
hjartestartar i
nærleiken!
Men føresetnaden for at ein hjartestartar skal vera til
hjelp er at du, som er der når nokon får hjartestans, set i gong
"god gammaldags hjarte- lungeredning" (HLR) straks.
(Raske trykk mot brystet på pasienten med hendene). At nokon har
utført HLR er nødvendig for at hjartestartaren skal ha effekt.
HLR er mest sannsynlig ikkje i stand til å starta
hjarta på nytt. Den viktigaste hensikta er å oppretthalda ein straum
av oksygenrikt blod til hjernen og hjarta, som begge er dei mest
vitale organa for liv og dei mest sårbare for skade som følgje av
mangel på oksygen, -fram til hjartestartaren er på plass og teken i
bruk. Elektrisk støyt frå denne kan starta hjarta igjen, -på så
mange som 70%.
Hjartestartaren - like vanleg
som førstehjelpsskrinet
(21.4.12 StS:)
Hjartestans kan ramma både unge og eldre. Det har vore fleire
tilfelle med hjartestans på unge menneske ved t.d.
idrettsarrangement, også i vår kommune. 2 av 3 som døyr på jobb, døyr av hjartestans! Difor har mange
verksemder kjøpt inn hjartestartar og hatt opplæring på tilsette i
bruk av denne.
For dei som ikkje kjenner til utstyret, kan dette
høyrast litt skremmande ut. Men det er berre to feil ein kan gjera:
Den eine er at ein ikkje startar med hjarte- lungeredning straks
pasienten får hjartestans. Den andre feilen er at ein ikkje
vågar å ta i bruk hjartestartaren.
Utstyret er sjølvforklarande, der ei
stemme fortel kva som skal gjerast, trinn for trinn. Maskina
kontrollerer sjølv om det er aktivitet i hjarta, og sender berre
straum dersom dette er forsvarleg. Ein kollega opplevde for
ikkje lenge sidan at passasjeren i nabosetet på flyet til Oslo, fekk
hjartestans. Flyet hadde hjartestartar ombord og passasjeren
vart berga.
Ein hjartestartar kostar i dag omlag 15 - 20.000 kroner,
inkl. mva, og burde
kanskje vore eit like naturleg utstyr også i heimen, som brannslukningsapparat
og førstehjelpsskrin?
...av: Steinar Skartland (som har kurs i bruk
av hjartestartar på jobb)
|