Næringsliv  -    Landhandel     -      Skule og Barnehage   -      Kyrkja    -      V.I.L   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 540 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Vikeputten 2012
Vikeputten 2011.
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai  
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen

Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.  Nasjonaldagen 2010

Vikestølsmøtet
4. juli 2010

Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her

Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009

Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009

Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010

Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir  frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet.
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.
 

Tom Roger Aadland med ny plate i 2011

Stadig fleire rosar Tom Roger for den nye plata (2011)

(29.3.2011)  Haugesunds Avis rosar Tom Roger Aadland si nye plata i dag og gir terningkast 5 med denne kritikken:

«En rockplate med knivsegg. Den tester grenser, har eksplosive øyeblikk og ytterpunkter fra bluesen. Det er popkultur og litteratur fra Vikebygd og verden»  Les anmeldelsen her.
  

Sjølv om Haugesunds Avis sin anmeldar, Roar Eskild Jacobsen, er tydeleg på at han ikkje likar nynorsk, ein målform som underteikna må seia ligg naturleg for oss innfødde Vikebuar og som i høgste grad er Tom Roger sitt naturlege morsmål, så rosar han Aadland som musikar.  Det er ei kraftig og solid vurdering av ein musikar på høgt nivå som får denne orda med seg frå anmeldaren:

"Det er uungåelig for Tom Roger Aadland å ikke bli sammenlignet med Dylan-kjempen når han følger opp med selvskrevet materiale på den strålende titulerte «Det du aldri sa». Her holdes både de musikalske, litterære, og våger vi å si spirituelle, kvalitetene i hevd. Låttitler, coveromslag, framførelse og musikk er disiplinert gjennomtenkt – og forteller samtidig at vi har å gjøre med en fyr som tar musikk veldig seriøst.

Men han låter som seg selv. Enkeltheten i musikken er i Dylans ånd, de tekstlige rytmene og deler av den absurde humoren, men spenningen og energien er Tom Roger Aadland. Det er melodiøst og modent, og så langt unna dørgende kjedelig «voksen-pop» vi kan komme. Frisk beatmusikk?
"

Så ser eg fram til at den nye plata kjem i CD-spelaren min ein av dei første dagane.  Eg set stor pris på å kunna lytta til musikk der eg forstår og får med meg tekstane. På eit målføre som eg også gler meg over å ha fått i arv frå mine foreldre.  Eg blir meir og meir oppmerksam på kva ord tyder og kor dei har sitt opphav.  Då vert ein også glad i språket.  Det opnar seg opp og gir ei meining som ein kjenner igjen i dei praktiske ting i kvardagen.  Sjølv om eg kan kommunisera på fleire språk, så er det eit som eg set ekstra stor pris på:  Morsmålet, slik eg høyrde det som liten.  I heimen og i leiken med andre born.  Slik eg ennå høyrer orda frå dei gamle som ein etter ein går bort.

Takk Tom Roger, for at du nyttar nettopp det språket som er bygd på våre lokale dialektar og kulturarv.
 

Musikk
Tom Roger Aadland med ny plate
.

(27.3.2011 SteinarS)  Tom Roger Aadland fekk fin kritikk av Aftenposten for si nye plate: «Det du aldri sa».  

- Fleire av songane er skrivne i Vikebygd og plata er innspelt i ABC Studio i Etne, fortel Tom Aadland til vikebygd.org 

"Imponerende – helt i Dylans ånd", og "Tom Roger Aadland er en uovertruffen gjendikter" er mellom karakteristikkane som Dagbladet sin musikkanmeldar, Svei Andersen, skriv på nettavisa Oslopuls.
  

Tom Roger skal ha release konsert i Litteraturhuset i Oslo 2. april.  I programmet gir dei han denne omtalen:
"Songar, gitarist og låtskrivar Tom Roger Aadland hadde stor suksess med gjendiktingane sine av Bob Dylan til nynorsk på albumet Blod på spora. No er han aktuell med oppfølgjaren Det du aldri sa. Nynorske tekstar også denne gongen, men no er ni av dei ti songane på plata signerte han sjølv."

Plata kan du få kjøpt på nett via Platekompaniet, som gir han denne omtalen:
"En rik instrumental vev av elektriske og akustiske gitarer, fele, mandolin og steelgitar omgir Tom Roger Aadlands rustikke, sjelfulle vokal og Linn Frøkedals varme koring. Blant musikerne finner vi Per Steinar Lie og Ørjan Haaland fra The Low Frequency In Stereo, samt den irske stjernepianisten Brian Connor (Van Morrison)."

SPOR
01
Fall for deg for alvor
02
Der eg er no
03
Tyngde og lette
04
Støyande hjarte
05
Fiskarmanns blues
06
Skipet mitt
07
Om du kjem over
08
Som det var i går
09
Om du står fast ved det du sa
10
Postkort i oktober
 
 
 

Fleire reportasjar frå 2011 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 29. mars 2011
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
ÅRET 2010
Romjulsbilder
Julegudsteneste og straumfeil
Songsvanene i Lisstjørn
Klimaet - Mot Normalt
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010

 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org