Næringsliv   -      Skulen   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering  -      Speidarane   -    Laurdagsklubben

Søk i VIKEBYGD.ORG og
på Internett med Google.

Lokale websider:

VISIT VIKEBYGD
Lions Club Vikebygd - Skjold
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
KFUK-M Speidarane
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Vikebygd
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementert
Bedriftene i bygda
Fotoalbum

Bedrifter i Vikebygd:

BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. foretak  i Vikebygd

Vikebygd Vassverk
Jakob Rødde - Gamlatunet 
Gangstø Transport 
Ålreit Ålfjordsenteret 
Dommersnes & Larsen  
Plassabakeriet 
Vikebygd Landhandel AS  
Bjordal kurs og fritid 
Kvamme Sag 
Ølen Trevare 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Årvisse arrangement:
Vikeputten
LAURDAG 25 april 2009


Fotballturnering som samla 59 lag og hundrevis av born frå heile distriktet til ein dag med fotballkampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå
Vikeputten 2009: HER

 

Vikesprinten  
FREDAG 1. mai 2009
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 100 deltakarar. Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009: HER

 
17. mai festen
(15.5.08) Flaggheising på Trodla-nibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen
Bilder frå 17.mai 2008.
 
Vikestølsmøtet
Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet juli 2008 
Les heftet om Vikestølen her.
 
VIKEBYGD FESTIVALEN

fest og fiskekonkurranse .
(19.07.08) Ein årleg tradisjon.
Utstillarar kjem med saft, bær,
kunst og brukskunst. Her er tivoli
og stor fiskekonkurranse.
 Klikk bildet for å gå til artikkelen
 
Ole Schiefloe får her premien for største fisk.
Klikk bildet og les meir.
 
Meir om Vikebygdfestivalen HER.
Resultatlista kan du sjå HER
Fotoalbum på internett
 

Vikestølsmarsjen
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2008
  
Kvamsåsen Rundt
(2.11.08) Søndag 2. november stilte 48 opp i det 27. hovedløpet av Kvamsåsen Rundt.   Første løpar over målstreken vart Håkon Rossehaug frå Sveio på tida 40.4. Ei sterk tid på det 11 km lange løpet som vert kalla for Vestlandet sitt hardaste. 
Fast tradisjon:
1. søndag i november.
Bilder og resultat frå 2008 her.
TIDLEGARE LØP OG
REKORDAR HER.
 

Vikebygdsongen:

VIKEBYGDSONGEN. ;
Dikta av Birgit Veastad Helland. 
 
Ho levde og skreiv sine dikt og songar i Vikebygd. Etter hennar død tok soknerådet initiati-vet til å gje ut eit utval av dikta og songane i ei bok, kalla "Under kirkens hvelv." Boka kom ut i 2001.   

Kontakt soknerådet eller Steinar Skartland om du vil kjøpa boka
 
Les diktet om Vikestølen her.

Leksikon :

Caplex.noSøk i 
CAPLEX:

LEKSIKON: Caplex 
LEKSIKON: Wikipedia  

DET SKJEDDE I 2009:
Her er meldingar som har vore lagde ut på vikebygd.org i år 2009


Klikk for stort bildeKlikk for stort bilde

Året 2009 har teke slutt.
VIKEBYGD.ORG
takkar for det gamle
og ynskjer alle
Gode Nye År


Feiring av nyttår i Vikebygd med storstilt fyrverkeri fleire stader.  I hyttefeltet fyrte dei opp bål og samla seg på ein open plen midt i, der dei sende til vers fyrverket.

 

Vinterbilder frå bygda ser du HER


Vindafjord kommune
Kommunale vegar blir private
(30.12.09) Gangstø vegen i Vikebygd er ein av vegane som nå vert lagde ned som kommunal veg. Opprinneleg var det fleire vegar i kommunen som skulle privatiserast, men framlegget vekte stor motstand.  Vedtaket om privatisering av vedlikehaldet på kommunale vegar vart sendt til lovlegskapskontroll hjå Fylkesmannen.  Her vart det stadfesta at dette ikkje var lovleg.  Dermed er det nå berre eit lite knippe att som vert lagde ned som kommunale vegar. 

Kommunen skriv på sine nettsider at dette gjeld: Veg til Skiparvåg, veg til Vågafossen (frå kryss til Nybru), veg til Rønnevik, veg til Solbakken, veg til Holmen i Vikedal, veg i Blikrabygda, veg til Eikesdal(siste 800 meter), veg til Frøfisk i Skjold, veg til Toraneset, veg til Gangstø og veg til Åsbø. Desse vegane vert private i 2010 etter at dei er opprusta. Det vert ikkje endring av vintervedlikehald denne vinteren for desse vegane.


Historien frå bygdene våre på trykk
Sogeskrifta for Vindafjord
(27.12.09) I Vindafjord er det to aktive utgjevarar av sogeblad.  Vindetreet vert gjeve ut i samarbeid mellom "Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag", "Skjold og Vats sogelag" og "Vikebygd sogelag."  Her kan ein lese korleis det var i gamle dagar i bygdene våre.  Sogeskriftet kan ein få kjøpt  på Vikebygd Landhandel (kr 120,-).

Bjoa, ølensvåg og ølen sogelag har sitt eige blad, kalla Segn og Soge.  Begge desse sogeskrifa er viktige for at nye generasjonar skal få kjennskap til sine eigne røter.  Likevel er det vel erfaringa at dei mest ihuga lesarane av desse skrifta er den eldre generasjon som minnest det dei har opplevd gjennom sitt eige liv.

Sogeskrifta kan ein få kjøpt på butikkane i bygdene.  Vindetreet finn ein m.a. på Vikebygd Landhandel.


Julehelsing frå Skartland - Devlin familien i San Diego  Klikk her


Jul i Vikebygd
Tradisjonsrik julegudsteneste i Vikebygd
Klikk her for stort bilde(24.12.09 SS) Korpset spela både med eigne musikkstykke og til allsongen i kyrkja der 220 i alle aldrar var samla klokka 16.00 på juleafta.  Framme var juletreet pynta og ljosa tende.  Det flotte treet var ei gåve frå Reidar Bjordal og skal i romjula flyttast til bedehuset og brukast ved julefesten der 2. januar. 

Lærar og tidlegare misjonær, Gunnar Norenes, var gudstenesteleiar og tala over teksten for dagen, juleevangeliet frå Luk 2, 1-14.

Klikk her for stort bildeEtter talen fekk vi opplevar Helge Veastad som spela gitar i samklang med Arne Tveit på kyrkjeorgelet.  Jo, det var sanneleg ei fin gudsteneste og ein flott innleiing til julefeiringa som utove kvelden kunne halda fram i hus og heimar.  Ved utgangen stod Sunniva og Marta Tveit med offerposane og samla inn til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt: "Landsbybygging  på Madagaskar."  Heile 6430 kroner kom det inn. 

Me ynskjer alle ei velsigna julehøgtid og rettar ein takk til alle som deltok ved gudstenesta. Les meir om Julefeiringa


Vikebygd kyrkje
Godt frammøte til ljosmessa sjølv med snøfokk ute
Klikk for å sjå stort bilde av krossen
Speidarane syng. Klikk her for stort bilde
(20.12.09 SS) Speidarane og konfirmantar hadde som vanleg ei viktig rolle i gjennomføringa av ljosmessa. Dei las bibeltekstane og bønene som veksellesing.  I starten av gudstenesta kom alle speidarane inn med tende ljos og stilte opp framme i koret.  Her song dei for kyrkjelyden. 

Liturgi og tale var ved fengselsprest Arild Markussen.
-Heller ikkje eg fordømmer deg, sa Jesus til kvinna som var grepen i hor.
-Gå bort og synd ikkje meir, var oppfordringa ho fekk med seg derifrå. Mange som blir dømde for forbrytelsar dei har gjort kjenner det som godt å verte avslørte og få gjera opp, minte Markussen om i talen. Det er tilgjeving å få.
Speidarane tende ljos i ein stor trekross framføre alteret.  Mørkret i kyrkja og skinet frå dei tende ljosa ga ei fin stemning der dei nær hundre som var tilstades kunne delta i songen eller lytta til fin solosong.


Vinter i Vikebygd
45 cm med nysnø kom på Skartland
Vinter i Vikebygd. 45 cm snø. Klikk her for å sjå eit stort bilde(20.12.09) For ein flott dag! Alt dekka av rein, kvit snø.  Mest ein halv meter. Snømåking og brøyting har stått på programmet søndag 20.12. 

Laurdags-kvelden kosa vi oss med sprakande vedvarme i omnen og stearinlys på bordet.  Straumen forsvann og kom ikkje tilbake før langt utpå føremiddagen søndag.  Men koseleg er det nå å kunna la fjernsyn og pcar stå svarte i kroken for så å finna fram kortspel og nonstop til ljoset frå stakar med levande ljos på bordet.  Kvit jul der borna kunne kosa seg på akebrett og ski.  Nokre var heldige og kunne få med seg foreldra ut på å laga store snømenn eller snøholer. 


Jul i skulen
Vik skule arrangert julefest med fullt hus
Josef og Maria ser etter rom i Vikebygd. Klikk her for stort bilde.(19.12.09 Steinar/Berit) Elevane ved Vik skule imponerte med sine framføringar på julefesten 15. desember.  På barnetrinnet hadde elevane hadde øvd lenge og fekk ros frå mange foreldre for flotte opptrinn.

Alf Prøysen si juleforteljing om "Bygda som gløymte at det var jul" var ei av stykka borna spela frå scenen. Dei var utkledd i flotte kostymer, som her kor borna spelar fuglane som endeleg har fått juleneket sitt.  Og alle borna kom i avslutninga opp på scenen og danna eit stort kor som song for foreldre, sysken, tante og onkel som var komne for å sjå og å høyra borna sine framføringar. 
(Foto: Berit R. Skartland
)

Les meir HER


Laurdag 12. desember
Vinterstemning i Vikebygd

Klikk her for å sjå eit større bildeKlikk her for å sjå eit større bilde(12.12.09 Steinar)  Slike dagar likar eg meg. Sola skein lågt over fjellet i sør og vandra sakte mot Kvamsåsen.  Nokre kuldgrader fekk rimen til å leggja seg på tre og landskap.  Stille og sol med lange skuggar.

Svanene brukar å ha vinterbustaden sin her ved Lisstjønn på Skartland.  Dei er komne, men var ikkje på plass i dag.  Flyttar mellom Vasslivatnet, Lisstjønn og Bruarvatnet. Likar seg gjerne der i sørenden av Vasslivatnet ved over-gangen til Vasslia og Vasslimyra.  Her er mykje godt sev å beita på. Det er fleire vinterbilder på   foto.vikebygd.org


Advent i Vikebygd
Rolf tende ljosa på julegrana til full musikk
(4.12.09 Steinar) Mørkret hadde alt lagt seg over bygda då folk tok til å samlast utanfor Vikebygd Landhandel. Rolf hadde varm gløgg klar og spanderte på alle som kom. Juletreet var på plass og korpset stilte opp. Det var tid for å tenna juletreet - men først var det korpset som skulle gle oss med juletonar.   Les meir her.

Vikebuen arrangerte
Julemesse med fullt hus
Klikk her for stort bilde

Klikk her for stort bilde(28.11.09  Steinar) Då julemessa opna klokka 12:00 den 28. november var det fullt av forventningsfulle Vikebuar som ville sjå etter julegåver og julepynt.  På scenen var musikkorpset klart. Rundt veggene stod bord der 21 utstillarar var klare med brukskunst og heimelaga ting.  Her var loddsal og kafè. Noko for kvar og ein med andre ord. I litlesalen var det sal av graut, kaffi og kaker.  I storesalen og møterommet gjekk salet føre seg. Alfred Mitchell frå Bjoa Bær reklamerar med Noregs største Økologiske bærhage. Liv Alne funne seg eit bord der ho selde lefser frå Skånevik. Det var kø av folk føre bordet. 
 
Det mangla heller ikkje på god underhaldning. Håvard Larsen og Vegard Skartland song duett til gitarspel av Lene Liodden. Terje Kleiven stilte med ungdomskorpset frå Skjold.Her er det hobby og interesse som er i framsetet, og ikkje minst ei personleg glede i det arbeidet dei held på med.  LES MEIR OM JULEMESSA 
2009 her.


Klikk her for eit større bildeKveldsgudsteneste
Ny sokneprest møtte vikebuen

(15.11.09 Steinar)  Søndag 15. nov. fekk Vikebygd møta den nytilsette soknepresten i Nordre Ryfylke prosti. Harald Eintveit inviterte då til kveldsgudsteneste i Vikebygd kyrkje klokka 19:00. Men det var heller tynt i benkene denne kvelden.  Likevel fekk dei 16 som møtte fram ta del i ei flott gudsteneste med aftensang og nattverd. Brit Nelly Tveit, Lene Liodden og Sunniva Tveit song til akkompagnement av Arne Tveit. Eintveit, som skal ha si hovudteneste i Vikedal, Imsland og Sandeid, har hatt gudstenester i fleire andre kyrkjer i kommunen, og denne kvelden i Vikebygd. Han er opprinneleg frå garden Eintveit i Åkrafjorden.


Sokneråd og bedehus samla til
Medarbeidersamling
 

(14.11.09 Steinar S)  Attvald leiar for soknerådet, Brit Nelly Ness Tveit, leia samtalen og utfordra til gode forslag til kva kyrkje og bedehus bør ha fokus på i tida frametter, då 30 ungdomar og vaksne var samle til god mat, forkynning og samtale.  Ein kan bli imponert over kor god aktivitet det er i bygda og kor positive alle er til å vera med på å ta eit tak. Speidarane syner god aktivitet der dei nyttar skog og fjell aktivt.  Mange av møtene er i gapahuken på Børkjenesmyrå, 1 km utanfor Naustvika. To foreningar (Normisjon og Sjømannsmisjonen) samlar mange damer til møter. Dei har i seinare år samlast på kjøkkenet på bedehuset og vil gjerne ha med fleire. Elles er her Laurdagsklubb og TrippTrapp for borna, gladsong og møter på bedehuset annankvar torsdag og gudstenester i kyrkja ein gong i månaden.  Les meir om kyrkje og bedehus HER.


Grendautvalet - ope bygdamøte onsdag 11.nov
Bygdamøtet samla full sal.

(11.11.09  Steinar S)  80 spente vikebuar kom til Bygdahuset for å høyra kva leiar av Egersund Byutvikling, Johan Aakre, plastfabrikkant Kjell Erik Gangstø og ordførar Arne Bergsvåg hadde å seia om framtida til Vikebygd.

At bygda har gode ressurspersonar som ein kan spela på, er grendautvalet med leiar Rune Hetland i spissen, eit eksempel på.  Møtelyden fekk og eit godt eksempel på det då bonden og visesongaren Jone Bjerga fekk sleppa til med gitaren og sjølvlaga viser. Vikebygd har mykje å vera stolt av.  Her er mykje dugnad og kreativitet, og bygda har ei positiv utvikling i folketalet, som nå er på 537. 

Det som opplevest som ei hindring både for busetjing og næringsliv, er vegen frå Vikebygd til Skjold.  Ei teljing av trafikken synte at 625 køyrety passerte Øvrabø på 24 timar.  Her er aukande mengde med tungtransport, både med plast, tømmer og ikkje minst stein og grus frå knuseverket på Skartland.  - Nå er det viktig å få reguleringsplan klar for vegen forbi Trovåg. Denne tek lett 1-2 år, men må vera klar før tunnelbygginga i Skjold.  Då kan overskottsmassar nyttast til fylling for vegen forbi Trovåg mot Skjold., sa ordførar Arne Bergsvåg.

Les meir frå møtet HER


Kvamsåsen Rundt 7. november 2009.
Vestlandet sitt hardaste mosjonsløp for 28. gong

Hovedløpet startar. Klikk for stort bilde.Laurdag 7. november starta 47 ungdomar og vaksne i det 28. Kvamsåsen Rundt løpet på 11km, delvis på landeveg,  traktorveg og 500 meter skogssti. Beste dame vart Anne Kleiven og beste mann vart Johnny Vea. 

Les meir frå løpet i 2009 HER.

Borna sin Idrettsdag.
Startklare i orienteringsløp. Klikk for stort bilde.Som markering på idrettslaget sitt 40 års jubileum vart det samstundes arrangert Barnas Idrettsdag, med start kl. 12:30. Her fekk borna delta i friidrett (kule + lengde), orientering, fotballtriksing og halvkvamsen. Minikvamsen starta i år samtidig med hovudløpet, og det var ein stor flokk born som deltok mens foreldra heia dei fram. 

Først i mål i Halvkvamsen vart Jan Arthur Svendsbøe (gutar) og Amalie Erdal (jenter).

Og inne i kafeen var det som vanleg bygda sine beste kaker!

Sjå bilete frå arrangementet i fotoalbummet HER.
Les meir om resultata i kvamsåsen Rundt: HER
Last ned resultatliste her, eller premieringsliste HER


Ny rekord med innsamling av klede
Vikebygd ga sekkevis med hjelp til Ukraina

Klikk her for stort bilde.(29.10.09 Berit & Steinar)  Folk i Vikebygd tok imot utfordringa om å levera sekker med brukte, men gode klede inn på bedehuset 29. oktober. Brita Laugaland, Bjarne Lunde og Bjarne Alne fylte mest opp bedehuset med sekker før lastebilen kom og innlastinga kunne ta til. Omlag 230 sekker til saman, -ein god del meir enn tidlegare (160 sekker i 2008 og 220 i 2007). Takk til alle som ga og ville hjelpa.

Det er organisasjonen: Open Heart Ukraina som står for arbeidet og fordelinga. Halvard Hasseløy frå Haugesund er mannen bak det heile.  Open Heart sitt arbeid ser du meir om HER.  
Les meir her om: Innsamling til Ukraina i Vikebygd


Kyrkja 18.oktober
Hausttakkefest, innsetjing av kantorar, barnekor, dåpsfest

Klikk her(18.10.09 Steinar)  Hausttakkefesten vart borna sin fest.  Laurdagsklubben fylte opp heile koret i kyrkja då dei stilte seg opp og song.  Så samla prost Arne Øystese borna i midtgongen, der han sjølv sette seg på golvet og tala til dei.  Det vart heilt stilt når han fortalde for den store barneflokken på ein måte så dei vaksne og kunne fylgja med.  Spesielt var alle 4-åringane inviterte denne søndagen. Dei fekk utdelt kvar sin barnebibel, men hadde og fått vore på omvisning i kyrkja dagen før. 

Innsetjing av dei to nye kantorane (organistane) våre, Nelly og Jurij Kotkowitch, hadde og fokus.  Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit las opp tilsetjingsbrevet i starten av gudstenesta og ynskte dei velkomne.  Les og sjå fleire bilder frå hausttakkefesten her.


TV-aksjonen 18. oktober for CARE
Vikebuen sine bøsseberarar samla 16.754 kr

Klikk her for større bilde.(18.10.09 Steinar)  8 kvinner frå laget 'Vikebuen' gjekk turen innom alle hus og hytter i Vikebygd.  Då bøssene skulle teljast opp i SR-Bank i Ølen, viste summen kr 16.754 for Vikebygd og kr 263.693,50 for heile kommunen.  I tillegg har formannskapet gjeve kr 10.000,-. 

Dette er eit flott tal, men ein reduksjon både frå 2008 og 2007.
 
Les meir om TV-aksjonen i Vikebygd her.
 
 


Tom Roger Aadland med ny CD
Med blod på spora

(17.10.09 )  "-Den hittil ukjente vestlendingen Tom Roger Aadland kaster seg ut i det, blant annet med støtte av folk fra bandet The Low Frequency In Stereo. Og Aadland lander støtt," skriv aftenposten på websida Oslopuls
Aadland haustar ros frå mange hald for sitt modige prosjekt:  Å tolka, oversetja og gjendikta Bob Dylan sitt store "skilsmissealbum" Blood on the tracks, frå 1975.  Plata er klar, og ein kan vel rekna med at tonane hans kjem til å strøyma ut frå CD spelarar også i Vikebygd i tida frametter. 

Men Tom Roger er ikkje "den ukjende vestlendingen" lengre.  Gjennom mange konsertar og tidlegare innspelingar, har han vorte kjend i vide krinsar.  På turnear i Irland, England og Sør-Afrika har han opparbeida seg rykte som ein glimrande låtskrivar, uttryksfull songar og ein dyktig gitarist.  Debutalbumet: Obviously Embraced i fjor vart også godt motteke.  Vi får nok høyra meir til han i åra frametter.

Vindafjord bibliotek ynskte alle Bob-Dyland-fans og alle andre musikk-elskande velkommen til ein spennande konsert med Tom Roger Aadland den 27.oktober 2009.
Les meir her: Tom Roger Aadland med ny CD


Idrettslaget strevar
Kvamsåsen rundt løpet under planlegging

(3.10.09/9.9.09 Steinar)  Det var ei stund tvil om Kvamsåsen rundt skulle koma på beina i år, men det har løyst seg på ein veldig god måte.  Lise Bruland har fått med seg John Magne Svendsbø og Øyvind Valen i styringsgruppa for løpet og dreg dette i gang også i år.

Idretslaget er 40 år, og ein vil markera dette ved å leggja inn fleire ulike idrettsaktivitetar i samband med løpet.  Spesiell fokus får borna. Sjølve 40-års feiringa vert rett over nyttår.

Løpet har vore ein fast tradisjon gjennom 27 år.  Medan talet på løparar har minka av, så er det like mange som stiller opp for å sjå på og å kjøpa kake og kaffi på bygdahuset. Sjølv om det er ungdom og vaksne som spring i hovudløpet så har det vore like mykje ein dag der borna har fått gle seg til med tilrettelagde løp for deira aldersgrupper.  Vi gratulerer idrettslaget med jubileet og ynskjer styret for Kvamsåsen Rundt lukke til med sitt 28. arrangement.

Les meir om Kvamsåsen Rundt løpa her.


Fredag 2. oktober:
Basar på bedehuset - ein levande tradisjon

Basar, der veggene er fulle av ulike tekstilar og heimestrikka klesplagg, har lang tradisjon i Vikebygd.  38 store og små fann vegen til bedehuset fredag 2.okt. Aud Vihovde Hoftun, frå Normisjonen, hadde andakt.  Ho hadde med seg alle dei biblar og bibelbøker ho hadde funne heime.  Det var ikkje få, og slik er det nok for mange i Noreg i dag. Men ikkje alle har biblar på sitt eige morsmål, fortalde ho. Dei over 14000 kronene som kom inn på basaren i Vikebygd skal m.a. gå til arbeidet med å oversetja bibelen. Etter andakten kom fat med påsmurde rundstykke på bordet.  Kjersti Bjerga og Gunbjørg Sørhus, som er med i Normisjon-foreninga i Vikebygd, hadde plass ved eit bord bak i salen.  Her kunne folk få kjøpa lodd og  etter kaffien var det tid for åresal og trekking.  Denne gongen med hjelp av datamaskin.
Les meir om Basaren her.  (Steinar)


KLIKK HER FOR Å SJÅ EIT STØRRE BILDE Vikebuen med kosedag
Bygdadag med fullt hus på gamleskulen
(26.09.09 Steinar:)  Born og vaksne hadde salsboder og stand der ein kunne få kjøpa det meste.  Fruktfat, bøker, leiker, helsekost eller hudpleieprodukt. Inne på det gamle skulekjøkenet var det full aktivitet med lappesteiking, graut- og kaffikoking.  Klasserommet var gjort om til kafeteria, noko det store frammøtet synte at folk sette pris på.

Les meir om Kosedag på gamleskulen


Klikk her for å sjå eit større bilde Satsar med ny bedrift i Vikebygd
Meir enn vi anar i Vikebygd
Bente Barane har hoppa v som sjukepleiar og sarta nytt firma med sal av Herbalife helse-produkt frå heimen sin i Vikebygd.  Ho er utdanna sjukepleiar, noko ho tidlegare hadde som yrke.  Men gjennom fleire kurs har ho lært meir om Herbalife produkta.

Mange som driv med trening  eller som ynskjer å få betre helse og livsstil, er faste kundar.  Herbalife produkt får ein ikkje kjøpt i vanlege butikkar, så mange reiser langt for å koma til Vikebygd for å få kjøpa desse eller å få hjelp og vegleiing. Bente og Øystein har innreia rom i kjellaren heime der dei føretar "kroppsanalyse".  Her har dei og utstilling og sal av produkta sine.  Ho inviterer alle som ynskjer å prøva dette til å ta kontakt eller stikka innom Bente T. Barane's Herbalife, rett over vegen for butikken.  Les meir.


Vindafjord Kommune
-framlegg til reguleringsplan: Trovåg nord

(20.09.09 )  Framlegg til følgjande reguleringsplan er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 27-1, nr 2: Trovåg Nord, Vikebygd del av gnr 338, bnr 1 : Det er planlagt 24 einebustadar og eit område for konsentrerte bustadar nord for Trovågfeltet. Planen inneheld også småbåthamn m/naustbuer og friluftsområde. Les meir HER.


Vikebygd Kyrkje
Ny og betre lyd på gudstenestene

(25.09.09 Steinar S.)  Soknerådet har brukt 8000 kroner og kjøpt inn to nye trådlause mikrofonar med hovudbøyle i kyrkja. Her fylgjer med nye "lommesendarar" og mottakar. Desse vart sett opp på galleriet og kopla til forsterkar og høgtalaranlegg i september. Lyden er svært mykje betre enn med det gamle utstyret.


Stortingsvalet 14. sept. i Vikebygd
Berre 1/3 av dei røysteføre i Vikebygd deltok i valet

(15.09.09 Steinar S.)  1/3 av dei røysteføre i Vikebygd valde å vera likegyldige til styringa av landet vårt.  Berre 2/3, eller 67,77 % møtte opp på bygdahuset for å røysta på Stortingsvalet (inkl.førehandsrøystene).  Er grunnen at vi har det så godt at vi ikkje bryr oss om å delta i samfunnsdebatten og valet på dei som skal styra landet vårt? 

I heile Vindafjord var det 71,68% frammøte.  Også dette talet er lågt. Sjå korleis røystene fordelte seg i Vikebygd, HER.


Val mandag 14. sept
Godt frammøte ved soknerådsvalet

(14.09.09 - Steinar S.)  På bygdahuset i Vikebygd var det to røystelokale. Stortingsvalet i litlesalen og soknerådet i det møterommet ved sida av.  128 møtte for å røysta ved valet på soknerådet, noko færre røysta og på kandidatar til Bispedømerådet.  Oppteljinga viser at det nye soknerådet som vil ta til i tenesta den 1. november i år, skal bestå av:
 

Faste medlemar:

  • Brit Nelly Ness Tveit

  • Dag Hans Nagel-Alne

  • Steinar Skartland

  • Berge Thomas Velde

  • Ellen Skretteberg

  • Rolf Alne
    (+ soknepresten, som ikkje vert vald)

  •  

    og 5 varamedlemar:

    1. Jenny Kristin Svendsbøe

    2. Geir Mandius Vårvik

    3. Marit Elise Erdal

    4. Anna Marie Bjørnevik

    5. Alfred Trovåg

    Dei skal velja ein representant til fellesrådet.
    Les meir om Stortings- og soknerådsvala på vikebygd.org

    Det var og val på Bispedømmeråd og frå vårt prosti vart desse valde:
    Leif Christian Andersen (23 år), sjukepleiarstudent frå Skjold og
    Wenche Haugen (50), lærar frå Nesflaten i Suldal.


    Vikestølsmarsjen 6. sept. 2009
    Deltakarrekord på den 20. Vikestølsmarsjen

    (6.9.09 - Steinar) Trass i gråvær og regnbyger så hadde omlag 180 vaksne og born tok turen opp til Vikestølen som del av den årlege familiemarsjen.  Her vart dei møtt av Jarle Sandsgård som Klikk her for større bildedelte ut diplom til dei deltakarar som betalte startkontingent.  I jubileumsåret synte diplomen ei ørn, teikna av Jarle Lunde. 

    Vinnarane i hestesko-konkurransen vart:
    Menn:  Bjarne Trovåg
    Kvinner: Marit Fosse
    Jenter: Barbro Sælevik
    Gutar:  Aleksander Bjørnøy 

    Klikk her for stort bildeTradisjonen tru hadde Geir Vårvik teke jobben på kjøkkenet i lag med Rita Bjørnøy.  I gratisloddboka for dei som går til Vikestølen i løpet av året, var det omlag 880 innførte namn.  Her vart trekt ut ryggsekker til Audun Haraldsen og Aleksander Vik.  På hovudutloddinga var det Johan Lindegård som stakk av med den store fruktkorga.


    Les meir her om den 20. vikestølsmarsjen


    Kronprinsparet på rundreise
    Vikebuar med under opninga av Joa-Kari
    -musikalsk velkomst til kronprinsparet

    (4.9.2009-Steinar) Vikebygd Skule- og Ungdomskorps var med i lag med fleire lokale korps og spela for kronprinsparet då dei kom til Ølen 1.sept. og opna Joa-Kari parken.

    Sivilarkitekt Arne Tveit har teikna parken og var ein av gjestene under det store steintaket under opninga av 1000-årsplassen.

     

    Klikk her for eit større bilde.

    Les vikebygd.org reportasjen HER.

    Andre nettsider med omtale av hendinga:
    Kronprinsen på næringslivsmesse
    Mange møtte dei kongelege (Grannar)
    Så kom sola (h-avis.no)
    Kronprinsesse med grøne fingrar (NrK)


    Kronprinsparet under opninga av Joa-Kari parken


    Ope møte i Grendautvalet
    Ynskjer sentrumsnære tomter og turisme 

    Klikk her for å sjå eit større bilde(31.8.2009 -Steinar) 18 Vikebuar møtte for å gi innspel til Grendautvalet sitt høyringssvar på kommuneplanen.  Dei hadde tankar både om vegen til Skjold, turisme, leiligheiter og byggjefelt, og det kom mange gode innspel.

    Mellom ideane som vart lufta var auka satsing på turisme.  Hotell, pensjonat eller hytteutleige med overnattingsplass til 20 peronar må til for å leggja kurs til Vikebygd.  Oppstillingsplass for bubilar er eit aukande behov. Det må kombinerast med sanitæranlegg og liggja så sentrumsnært at turistane vil nytta butikken, serveringsstaden Plassabakeriet og andre lokale tenester. 

    Bustadfelt må også liggja sentrumsnært for å styrkja bygda.  Kort veg til barnehage, skule og butikk er viktig for mange unge som vil etablera seg.
     
    - Det er betre å pendla til jobb i Hauugesund med frådrag for reiseutgiftene, enn å pendla til hytte i Vikebygd utan frådrag, kommenterte Rune Hetland, som leia møtet på ein ryddig og god måte.

    Les meir frå møtet HER.

    Sjå arealplanen (21 MB): HER  


    Vikebygd Kyrkje
    50-års jubilantar og konfirmantar.

    (30.8.2009) Det var feststemning i kyrkja på søndag den 30. august.  Ein stor flokk var samla i kyrkja, og nokre hadde pynta seg ekstra.  Dei hadde eit 50-års jubileum å feira.  Ei markering av at dei 1959 stod konfirmant her i Vikebygd. 

    Vi gratulerer jubilantane med dagen.

    Klikk her for eit større bilde av konfirmantane.Denne dagen vart også eit nytt ungdomskull med konfirmantar presenterte for kyrkjelyden.  Dei skal nå framover få undervisning, delta på leir og i gruppe-samlingar før dei skal konfirmerast til våren.  Vi ynskjer dei lukke til og oppfordrar alle til å ha dei i sine tankar og i sine bøner.

    Les meir HER.


    Trovåg
    Malasetvatnet får ny stemm

    Klikk her for stort bildeKlikk her for å sjå eit større bilde(11.8.2009) På nordsida av hovudvegen ved krysset til Trovåg, stod ei gammal demning. Murt opp av gråstein for å sikra vatnet til den tidlegare mølla i Trovåg.  Nå er det fiskeoppdrettet, Trovåg Laks, som nyt godt av vatnet her. Men muren er gammal og vert nå erstatta av ei demning i betong. 

    Ei gravemaskin har grove seg 6-7 meter ned, langt under den tidlegare muren.  Mens arbeidet pågår er det laga ein provisorisk stemm nærare vegen, slik at ein kan arbeide på tørt land. Nå skal det forskalast og støypast før ny stemm er klar ved trovåg. 

    Klikk for meir informasjon om planar for Trovåg MølleMen det er store planar for Trovåg og Trovåg Mølle.  den skal restaurerast og her skal etablerst eit turistanlegg med lokale for servering, kurs og overnatting

     

    Les meir om dette  HER.


    Dugnad har fornya bedehuset
    Nytt tak, ny kledning og isolerte vindauger 

    Klikk her for å sjå eit større bilde(30.8.2009) Det siste åra har bedehuset i Vikebygd vorte kraftig utbetra.  Arbeidet er gjort på dugnad og materialer er komne gjennom innsamla midlar og gåver frå bygda.

    No er det komen på plass ny kledning, isolasjon og nye vindauger på vestsida. Det var naudsynleg då kledningader var svært dårleg, men det vil nok også vera med å redusera straumkostnaden i huset. 

    Den store og allsidige aktiviteten på huset er komen i gong igjen for hausten.  Laurdagsklubb og Tripp Trapp samlingar for born, møter, basarar, foreningsmøter og nokre tilfeller av annan bruk som td selskap ved konfirmasjon og åremålsdag.  Oppussinga av kjøkkenet har gjort dette teneleg.  At folk set pris på bedehuset og aktiviteten ser ein av frammøtet.  På Sjømannsmisjonen sin basar i juli var her så fullt av folk at dei måtte setja opp bord også på gangen.  All ære til dei som tek seg av huset og den gode aktiviteten der. (Steinar S)
    Les meir om bedehuset HER. 


    Klikk herDer regnbogen sluttar er ei kiste med gull

    (22.8.2009) Sagnet seier at "der regnbogen sluttar, der ligg ei kiste med gull." Men så er det ikkje lett å nå bort dit som regnbogen er.  Han flyttar seg etter kvart som ein kjem nærare.  Denne dagen var det på Utbjoa at biletet vart teke.  Det er ikkje alltid like lett å finna enden. Her er slutten midt i Bjoafjorden.  Så eg køyrde like godt heim.  Nyttar ikkje å leita her.  (Steinar S)


    Vikebygd IL
    Ein våt KM-stafett i Årvik søndag 18.8.09

    Gutelaget frå haugesund vann sin klasse.  Klikkk her.(16.8.2009) Trass i kraftige regnbyger og tungt terreng gjennomførte Vikebygd IL ein vellukka stafett og Krinsmeisterskap i orientering, søndag 16. august.  26 lag med til saman 78 løparar deltok. I tillegg til ei stor gruppe som var med både i småtroll og nybyrjar løyper.  Saman med arrangørar og tilskodarar både frå bygda og frå klubbane var det langt over hundre som samlast i Årvik skogen denne dagen.  
    Ganddal vann i klassane H17 og D17. 

    Erik Lima sprang siste etappe for Ganddal sitt herre-lag.
    Haugesund 1.lag vann kl H140 og open klasse.

    Vikebygd hamn på 7. plass, sjå bilde her.Vikebygd sitt herrelag kom på 7. plass i stafetten på søndag, men dei har likevel noko å vera stolte over.  I Suldal var det løp også dagen før. Her vann Per Øyvind valen gull i klasse 15-16 og Einar Marius Hjellestad Martinsen vann Sølv i klasse herre 17-18.  (Steinar S)

    Resultat frå løpet i Vikebygd kan du sjå HER

    Sjå også: O-Gruppa si web-side på:  Klubben Online


    Grannar:
    Klikk her for å sjå eit større bildeTom Roger Aadland klar med ny plate

    Vikebuen og gitarristen, Tom Roger Aadland, har i det siste halde på med innspeling av ei ny solo plate i ABC studio i Etne, melder Grannar. "Blod på spora" er ei nynorskomsetjing av Bob Dylan si "Blood on the Tracks," og han ventar å gje den ut i midten av oktober.

    Les nyhetsmeldinga på grannar.no her.


    Tur på Sætrefjellet i Vikebygd
    Klikk her for stort bildeMengdevis av modne blåbær


    (9.8.2009) det var fleire som valde å leggja søndagsturen opp i fjellet denne helga. Men få hadde tenkt på bærspann.  Det kunne ha vore nyttig, for på fjellet var det store mengder modne blåbær klare for henting.  Mange av dei fann vegen ned i magen, så turgåarane vart nok blå om leppene og på fingrane.


    Ungt initiativ
    Bærsal ved Sandvik

    Klikk her for å sjå eit større bilde(7.8.2009) Dei hadde rigga seg til med hagebord og stor parasoll, dei to borna som sat i vegkanten ved Sandvik.  Tydeleg at dei selde noko godt.  Eg nytta høvet til å stoppa.

    Store hageblåbær i ferdige plastboksar, var det dei selde denne fredags ettermiddagen. Hausta i "Blåbærhagen" som er ein av dei store leverandørane av økologisk dyrka bær på vestlandet.
    Les meir om
    Ungt Initiativ HER


    Naturskader i uværet
    Vegen til Vikestølen teken av flaum

    Klikk her(4.8.2009) Store nedbørsmengder på kort tid den siste veka i juli fekk fleire elvar til å gå langt over breddene.  Der grøftene ikkje tok unna vassmengdene vart det skader på grusvegar fleire stader.  Vikeelva braut seg inn på vegen opp til Vikestølen og påførte denne store skader.

    -Nå ventar med på lensmannen som skal taksera skadane, fortel Jakob Rødde, som vonar at naturskadefondet kan dekka kostnadane med å utbetra vegen og bruene etter flaumen. 
    - Ei stor gravemaskin skal nok få ordna vegen nokså raskt, men det må nok køyrast på ein god del masse for å erstatta det flaumen har teke med seg.    (Steinar S) 
    Les meir om
    Flaumskader på vegar  


    Søndag og dåpsdag
    Festdag med trippeldåp i kyrkje

    (2.7.2009) Det vart travelt for sokneprest Johannes Nedrelid som først hadde gudsteneste i Sandeid klokka 10, og så i Vikebygd klokka 12. Men i kyrkja i Vikebygd var 106 små og store samla. Mange av dei, både menn og kvinner, i flotte bunader. 

    Her vart innmarsj og dåp, der 3 små jenter vart borne til dåpen.  Dei fekk med seg eit eige dåpsljos som vart tend under dåpen og dåpskluten som vart nytta til å tørka hovudet til barnet med.  Den var laga på Madagaskar og hadde fått barnet sit namn og dåpsdato brodert inn av Marta Tveit. Slik får borna eit flott minne med seg frå dåpen.  (Steinar S)   Les meir HER


    Digital kvardag
    Idretten i vikebygd med eigne websider

    Link til Vikebygd IL(1.8.2009) Idrettslaget i Vikebygd nyttar Idrettsforbundet si nettløysing til lokale websider.  Kvar idrettsgrein har si eiga underside.

    For å gjera desse meir tilgjengelege er det nå laga direkte link med adressene til Vikebygd IL sine sider, som du finn her:
    o-gruppa.vikebygd.org     og
    idrettslaget.vikebygd.org 

    Kasserar i idrettslaget, Berit Skartland, har lagt ut noko informasjon her, men det er nå opp til leiarane i dei einskilde gruppene å sørga for at det kjem på plass oppdatert informasjon.  (Steinar S)


    Bakedag på Plasset 25.juli
    Lang kø for å kjøpa snurringar

    (25.7.2009) Det lukta godt av nysteikte boller då vi kom forbi Plassabakeriet i halv tre tida på laurdag.  Utanfor døra til det gamle bakeriet var det kø og inne hadde Bjørn Vik hendene fulle med baking og sal av nybakte, varme snurringar.  Det siste brettet med boller var utseld i tre-tida, og bollene fekk ikkje tid til å kolna.
     
    Bakeriet og serveringsstaden har eit sus av kultur og tradisjon over seg som gjer at folk gjerne tek turen og stiller seg i kø for å få med seg litt av det gode som vert laga og servert her.


    Fisk og fest
    Vikebygdfestivalen 18. juli

    Ein regntung marknad med godt humør og mykje fisk.

    Størst og mest fisk fekk Jørgen Vik, med den største fisken på heile 6,22 kg.  Med denne sikra han seg premiering både som:
    1. plass for gutar under 12 år, Størst fisk og mest fisk! (-uavhengig av klasse)
    Oversikt over vinnarane ser du - HER.

    Klikk her for å sjå fotoarkivet Klikk her for å sjå fotoarkivet

    Her har du også sjå bilete frå festivalen.  Kanskje du er på eit av dei?
    (Foto:  Else Valen):  Fotoalbum frå Vikebygdfestivalen 2009.


    Det Kongelige Selskap for Norges Vel
    Fortenestemedalje for lang og tru teneste

    Klikk her for å forstørra bildet.(1.7.2009) Onsdag 1. juli troppa ordførar Arne Bergsvåg opp på Ølen Betong i Ølensvåg. I lag med adm.dir Arne Haldorsen kunne han gratulera Knut Arne Skartland, Otto Aalmo og Monrad Berge med tildeling av Fortenestemedalje for arbeidstakere som har minst 30 års tilsetjing i ei verksemd. Medaljen er tildelt av 'Det Kongelige Selskap for Norges Vel'. (Steinar S.)

    For å lesa meir, klikk HER.


    Fjellstemne
    VIKESTØLSMØTET Søndag 28. juni

    Klikk her for å forstørra bildet.(28.6.09)  Han må kallast veteran på Vikestølen, Magnus Sørhus. Med sine 96 år stod han rakrygga og tala varmt om Vikestølsmøta og minna om dei som han i tidlegare år hadde møtt her. Og ikkje minst om korleis dei hadde vitna om Jesus i song og tale.  Men her var også fleire andre veteranar som har delteke på stølen gjennom mange år. Nokre av dei gjekk til fots og sytte ikkje med å gå bakkane opp frå Vikebygd, andre måte få skyss. 

    Det var svært varmt i år.  Likevel hadde 35 funne vegen opp skogsvegane, dei fleste til fots frå Eikås på Bjoa. Nokre eldre fekk bruka bil opp.  Hovudtalar på møtet var John Birger Wold, men elles deltok også Jørgen Landa og Steinar Skartland som sit i styret for Vikestølsmøtene. Mellom dei to møta var det pause med matøkt.  då kom nisteboksar, saft og kaffi på bordet.  Ein del familiar med born deltok også.  (Steinar S)

    Les meir om møtet her: Vikestølsmøtet 


    Speidarane  24. - 28. juni.
    Med kano på Telemarkskanalen.

    Klikk for å forstørra bildet28.6.09)  Speidarane er vel heime etter kanotur på Telemarkskanalen onsdag - søndag.  Undervegs sende dei over bilete frå opplevingane, med mobiltelefon, slik at desse kunne verta lagde ut på Internett med det same. 

    Sjå bileta HER.

    Les meir på Speidarsida

    Eller les meir om kanoturen her:  Kanoturen i Telemark 


    St. Hans feiring
    Bryggjebakken i sol og bålvarme

    Klikk her(23.6.09)  Laget "Vikebuen" inviterte til St.Hans feiring på Bryggjebakken. Familiane strøymde til då grillane vart tende opp i seks tida om kvelden. Kanskje så mange som 200 var innom Bryggjebakken og fekk kjenna varmen både av kveldssola og den tørre pallestabelen som vart tend på klokka åtte. 

    Les meir om St. hans feiringa HER
     


    Vikebuen og FAU arrangerte
    Loppemarked med auksjon på gamleskulen

    Klikk her for å sjå eit større bilde(20.6.09)  Gamle skulesaker, pultar og kart over Paulus sine misjonsreiser fekk nye eigarar når FAU baud dei fram for sal. Saman med laget Vikebuen hadde dei samla massevis av gamle og brukte ting i det nedlagde skulebygget. Som vanleg strøymer fastbuande og hyttefolket saman når noko slikt skjer i Vikebygd. På ettermiddagen vart det auksjon der rektor, Anne Marte Tveit, var auksjonarius. Boda kom tett og ein og annan fekk kanskje med seg heim noko han ikkje hadde tenk kjøpa, men slik er det på auksjon.  (Steinar S)

    Les meir om denne loppemarkedet HER
     


    Vik skule
    Ålfjorden på langs med båt

    Klikk her for eit større bilde.(27.5.09)  Tirsdag 26. mai drog heile skulen i Vikebygd på båttur langs Ålfjorden. Over 50 born saman med lærarar og nokre lokalkjende vaksne som kunne fortelja kva dei såg. Her var mykje spennande. M.a. fekk dei turen innom fiskeoppdrettet i Fjon der dei fekk sjå masse små fiskeyngel som sømde rundt i kara. Turen gjekk også innover til Haraldseidvågen der det før var gamald handelsplass.

    Det er nokre ti-år sidan det gjekk faste båtruter langs Ålfjorden.  Men olde- og besteforeldra til dei som nå går i skulen var nok van med at det gjekk fraktebåtar innom mange småkaiar. Der leverte dei varer både til butikkar og og dei som budde der. 

    Klikk for større bildeOg folk kunne reisa med båten og. Nå er det landevegen som er ferdselsåra, og for mange er desse vågane og hamnene ukjende i dag.  Flott at ein då kan ha med kjentfolk som Sven Årvik, fødd og oppvaksen her ved fjorden og Oddmund Tjoflot, som i åravis har gått med skøyta si langs fjorden.   (Steinar S)  (Bilder: Berit R.S)


    Frå Madagaskar til Vindafjord
    To veker i Norge vart avslutta på Romsa

    Klikk her for eit større bilde(26.5.09)  I to vekar var ei gruppe på 10 personar frå Bara provinsen og venskapsbyen til Vindafjord, Ihosy på Madagaskar, på vitjing i kommunen. Mellom gjestene var ein biskop, ein lærar og medlem at styringsgruppa for Bara prosjektet, direktøren for aprosjektet og ordføraren i Ihosy, men og ein historikar, journalist og speidarar.  Mandag 25. mai var det politikarar som saman med kystkulturlaget var med dei til Romsa.  Her var det omvisning og kulturinnslag med song og musikk både frå Madagaskar og Vindafjord.

    Sokneprest Martin Ivar Arnesen var med som tolk.  Han og kona snakkar flytande gassisk etter å ha vore misjonærar på Madagaskar i 10 år.  Det var dei som då starta opp NMS-prosjektet "Landsbybygging i Bara provinsen."  Kyrkjelydane i Skjold og Vikebygd har dette som eit innsamlings- og misjonsprosjekt.  Nå fekk dei oppleva 17. mai feiring i Norge og fekk delta på speidarleir i Vats.   (Steinar S)
    Les meir om besøket
    HER på Vindafjord Kommune.


    14 Vikebuar starta dagen på Trodlanibba
    Strålande sol, korps og folketog

    Klikk her for større bilde(17.5.09)  Før kl. 07:00 var det 14 sprekingar på Trodlanibba og heiste flagget.  Gjennom dagen var det full fres med gudsteneste, folketog, leiker, og fotballkamp. Her fekk både sokneråd og Vikebuen ta seg ut - utkledde til det ugjenkjennelege. 

    Men festen slutta ikkje med dette.  Då kvelden kom samla 200 vikebuar seg til folkefest på bygdahuset med Chester Danielsen som talar. 
     

    Klikk her for fotoalbummetSlik feirar Vikebuen og held dei gamle tradisjonane oppe gjennom ein imponerande dugnad.  (Steinar S)
    Les meir frå dagen HER

    Vikebygdsongen: HER.  
     
    Fotoalbum frå feiringa i Vikebygd HER  


    Haugesund:
    70 års jubileum og forsmak på 17. mai

    (14.5.2009) 14. mai 2009 var ein stor dag i Haugesund. Feiring av 70 års Klikk herjubileum for Risøybrua og samstundes markering av at dette vegprosjektet er tildelt Vegdirektøren sin pris: 'Vakre Vegar'. Under- teikna fekk vera gjest i arrangementet og representere betongbransjen i samanheng med at denne brua er laga i betong. På 70-talet budde eg tre år på Risøy. Det vart mange turar over brua, om eg då ikkje reiste med 'Flytten', ein liten båt som kosta 1 krone å reisa med.  Arrangementet starta med veteranbilkortesje over brua, følgd av musikkorps og barnetog.  Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og ordførar Petter Steen jr. avduka ein plakett som er støypt inn i brua og markerer pristildelinga.  Les meir om arrangementet HER.     Bilder frå finn du HER.   (Steinar S)


    Kyrkjeleg festdag
    Konfirmasjon i kyrkja 10. mai

    Klikk her for å sjå eit større bilde Klikk her får å sjå eit større bilde(10.5.2009) Så kom dagen då Christoffer Bjørnevik, Marte Gangstø, Per Øyvind Valen og Mandius Vårvik skulle verta konfirmert. I kyrkja samlast 104 av familie, vener og bygdefolk til gudsteneste.  Konfirmantar og prest kom inn i prosesjon der klokkaren gjekk fremst og bar krossen.  I midtgangen stod ei stolar der dei fire ungdomane skulle sitja på ei rekkje.

    Ein spanande dag som tok til i kyrkja og heldt fram i familieselskap.  Ein fest dag med stadfesting av dåpen gjennom forbønshandling.  Kvar konfirmant fekk teikna ein kross med dåpsvatnet i panna før dei knela ved altarringen. Men og ein festdag som markerer ein overgang til dei vaksne sine rekkjer.  Vi ynskjer kvar og ein av dei alt godt og lukke til vidare i livet. 
    (Steinar S)


    Laurdagsklubben
    Pølser, andakt og leik i parken

    Klikk her for å sjå eit stort bilde(9.5.2009) Laurdagsklubben brukar å samlast på bedehuset annankvar laurdag. Det er eigentleg søndagsskulen som har bytta dag og samlar born frå fire til tolv år. 

    9.mai var siste samling borna skulle ha denne våren, og over tjue born kom.  Sjølv om det var einskilde regndråpar i lufta, så valde leiarane at denne dagen skulle dei vera ute og i parken.  Solgløtt, barnelått og leik gjorde det til eit flott samvær.  Nå blir det sommarferie fram til hausten.
    (Steinar S)


    Vindafjord kommune
    To nye kommunalsjefar frå Vikebygd

    (9.5.2009) Vindafjord kommune er i ein prosess med omorganisering for å få ein betre tilpassa organisasjon.  Nyleg har dei tilsett Øyvind Valen som kommunalsjef innan rammeområdet barn og unge, og Gunn Vikingstad som kommunalsjef innan helse og omsorg.  Valen har tidlegare vore rektor i Vikebygd og Skjold før han vart konstituert som rådmann i Vindafjord kommune i 2008. Ved årsskiftet gjekk han over i stilling som kommunalplanleggjar her.  Vikingstad har bakgrunn som sjukepleiar med vidareutdanning innan økonomi og administrasjon.  Ho er aktiv politikar og representant i kommunestyret og formannskapet i dag. (Steinar S)


    Torsdag 7. mai
    Stordugnad ved kyrkja og i parken

    (7.5.2009) Vikebuen spanderte 8000 kroner på soknerådet til ny singel Klikk her for større bildeutanfor kyrkja.  Torsdagskvelden var her full aktivitet.  Tre traktorar og 13-14 kvinner og menn var i full aktivitet med krafser, river og hagereiskapar. Nå er det utvendige klart til konfirmasjon og nasjonaldag. 

    I dugnadsgjengen var både ungdomar, vaksne og nokre godt over pensjonsalder, Men samarbeidet i dette soknerådet er svært godt, og det var ein munter tone i dugnadsgjengen denne kvelden.  Først klokka halv ti kunne dei siste pakka saman.
     

    Ein stor takk til alle som deltok og til Vikebuen som støtta opp med midler. Ikkje alt gjekk til grus, så soknerådet vil få gjort meir dugnadsarbeid i løpet av sommaren for å bevara den finaste kyrkja i bispedømmet.  "Ei Domkyrkje i miniatyr", kalla stiftsdirektøren i Bispedømmet kyrkja vår.  

    Les meir HER
    (Steinar S)


    Speidarane
    Aktiv speidergruppe nyttar naturen

    Klikk her for større bilde(3.5.2009) Speidarane har denne våren vore aktive utandørs med aktivitetar på leirplassen ved Malasetvatnet. Her er bygd bru, grue og vedskjul. 

    Born og ungdom får lære å greia seg ute i naturen, samstundes som dei byggjer gode venskapsband og får fylla fritida si med positive aktivitetar.

    LES MEIR HER.   (Steinar S)


    Dyrelivet vaknar
    Vårsola vekkjer naturen til liv igjen.

    (2.5.2009)  Fredag ettermiddag høvde det med ein tur til Såta. I alle fall fekk me hengja oss på med Else opp gjennom skogen frå Skartland.  Klikk her for større bildeKjersti Bjerga har gjort ein god jobb med å få merka opp igjen stien frå Skartland til Fossel, og vidare derfrå opp til Såta, der stigen er brei som ein vestlandsveg.

    Men det var på heimtur me traff på han.  Like ovanfor garden Stien.  Han krølla seg saman i sola og nytte tilværet. Men vart nok mistenksam på desse store vesena som vart ståande og stirra nedpå han som låg i lyngen.  Då det ikkje nytta å stirra tilbake, fann han det best å smyga seg i raserfart til tryggare stader bak stein og lyng. (Steinar S)


    VIKEBYGD Idrettslag, O-gruppa, arrangerte:
    VIKESPRINTEN 2009,  1. mai.
     
    Klikk her for fleire fotos
    (1.5.2009) Nær 100 orienteringsløparar stilte til start i Vikesprinten fredag 1. mai. Mange sprang for første gong, men her var også mange røynde løparar frå eit stort distrikt.   (Steinar S)

      REPORTASJE og RESULTATLISTER ser du: HER.

    FOTOALBUM:  VIKESPRINTEN 2009 
     

    Klikk her for å lese reportasjen   
    Vinnarar i dame og herreklassen vart:
    Turid Nystrøm, Stavanger og Oddmund Roaldkvam, Stord.


    Vikeputten fotballturnering 25. april:
    59 fotballag gjorde dagen til ein fest
    Klikk her for å sjå stort bilde(25.4.2009) Det var trafikkork og køkjøy-ring då 59 fotballag med vener, familie og supportarar strøymde til Vikebygd på vårens vakraste dag.  Sol og varme i kombinasjon med glede og smil. 

    Kor mange som var rundt idrettsbanen veit ein ikkje sikkert, men dei fleste meiner talet var godt over 1000.     (Steinar S)

    LES kampresultat og reportasje frå Vikeputten 2009: HER!  

    Fotoalbum frå Vikeputten 2009: HER


    Bondens gull
    Det luktar vår og penger.

    (19.4.2009) Lukt av vår er ikkje alltid like god på våre kanter. Men lukta er av arbeidsplassar, levande bygder og trivsel.  Våren kom tidleg i år, og vårsola vart godt nytta til å få ut hevda.   (Steinar S)

    Les meir HER.


    Politiet
    Fann fem påhengsmotorar.

    (9.4.2009) Mandag kveld vart det meldt tjueri på fem båtmotorar i Trovåg. Det er truleg desse som ein har funne ved Vikebygd på skjærtorsdag, melder Haugesunds Avis i si nettutgåve.  -HA

    Fugleinteresse
    Vårviks Zoo - midt i Vikebygd

    (9.4.2009) Ein kikk gjennom gjerdet og inn til Geir si eksotiske verd.
    Klikk her  Klikk her  Klikk her  Klikk her
    Klikk her    Klikk her    Klikk her
    Eit klikk på bileta så vert dei større.   (Steinar S)


    Påskefeiring 2009
    Gudsteneste på Vikestølen

    Klikk bildet for å sjå det større(5.4.2009) Gudstenester både på Vikestølen og i kyrkjene, Påskesong med Kristina Flatebø på orgelkrakken, og nattverd.  Slik valde mange å feira påskehøgtida i kyrkjelydane i Vindafjord.  Prost Arne Øystese samla 40 fjellvandrar til gudsteneste i bålrøyk på Vikestølen, der Bjoafolket etterpå kunne delta i skattejakt på Eikås.
       (Steinar S)


    LES MEIR FRÅ PÅSKEN 2009 HER


    BedehusetKlikk på bildet for å sjå eit større bilde av Bjarne og Georg
    Basar og årsmøte

    (3.4.2009) Basar og årsmøte med val på styre for bedehuset er tradisjon rett før påske. Det nye styret består nå av: Jens Tveit (leiar), Berit Ryvik Skartland (kasserar), Anders Sørhus, Torbjørg Skogen og Sigrun Alne. Jens retta stor takk til deisom gjekk ut av styret etter mange år. Store oppus-singsarbeid av huset i seinare tid til tross, det er penger i kassen. 
    Les meir om basaren HER
    (Steinar S)


    Misjonsdag
    Gassisk mat og opplevingar

    Klikk for større bilde
    (21.3.2009)  Ungdomar frå Vikebygd som fekk oppleva julefeiring på Madagaskar  deltok i misjonsdag på bedehuset. Sunniva viste fram fleire gjenstandar dei hadde med seg frå opplevingane på den Afrikanske øya som nå er prega av ein meir uroleg kvardag enn då ungdomane var der.    Les meir her.     (Steinar S)


    "Kjøpmannen er gal," skreiv Haugesunds avis.
    Jokeren i Vikebygd feira med 250 gjester
    Bildene frå Joker festen -klikk her.

    Klikk her og les meir26.3.2009)  Det var dekka til 255 i storesalen på Bygdahuset i Vikebygd.  Og folket kom.  Her fekk dei både middag og marknadsførings-show for Joker.  Men folk veit kva det betyr å ha lokal kjøpmann i bygda.  7 millionar i året handlar bygdefolk og hytteeigarar hos Rolf. Nå kunne han feira 10 års jubileum.   (Steinar S)
     
    Les meir om arrangementet HER.


    Lokale tiltak på internett
    Vikebygd Vassverk

    Link til Vikebygd Vassverk(16.3.2009) Vassverket i Vikebygd si web side vart teken i bruk for fleire år sidan, men dessverre har oppdateringa ikkje blitt følgd opp sidan 2007. Nå vil styret i Vassverket gjera ein innsats for å få informasjonen på web sida oppdatert igjen. Dei siste åra har stadig fleire offentlege tenester og informasjon vorte gjort tilgjengeleg på internett. Derfor er det naturleg at også det lokale vassverket heng med. Årsmelding, rekneskap, informasjon om vasskvaliteten og driftsmeldingar bør liggja tilgjengelege for brukarane til ei kvar tid.
     
    Dersom det er andre tenester, bedrifter eller lag og foreningar som alt har websider her i bygda, så kan desse koplast mot vikebygd.org. Eller det kan leggjast inn ei eiga underside for laget. Om ynskjeleg så kan ein kontakt med Steinar Skartland for å få vurdert kva som er mogeleg, og evt. få laga ei informasjonsside for laget.


    Kyrkja drøftar framtida
    Årsmøte i Vikebygd kyrkje
     

    (15.3.2009)  Soknerådet inviterte til kyrkjelyden sitt årsmøte etter gudstenesta den 15. mars.  Her vart tid for både kyrkjekaffi, årsmelding og drøfting av den nye gudstenesteforordninga som vil gje færre gudstenester i Vikebygd.  Biskopen har peika på at både presteressurs og dåpsopplæring må styrkjast i Vikebygd.  Difor er det eit krav at redusert tal på gudstenester vert kompensert med andre tenester frå prest og kateket.

    Kor ofte skal det vera gudstenester
    i Vikebygd kyrkje i framtida?

    (8.3.2009) Dei seinare åra har det vore 20-21 gudstenester årleg i kyrkja i Vikebygd. Minimustalet som det er vedtak på er 17, med tillegg av gudsteneste 17. mai og juleafta (dvs 19).

    Sokna i Vindafjord kommune har i ei tid drøfta korleis framtidig organisering skal vera.  Frå dei store sokna, slik som t.d. Ølen, har det kome ynskje om å få gudstenester oftare m.a. for å få plass til dei mange barnedåpar som er der.  Dette vil i så føra til færre gudstenester i mindre sokn. 

    Det ligg nå føre eit framlegg frå sokneprestane og prosten der Gudstenestetalet i Vikebygd vil verta redusert til 15 gudstenester i året.  Søndag 15. mars fekk kyrkjelyden uttala seg i årsmøtet for Vikebygd kyrkje.  Tirsdag 17. skal så soknerådet vedta si innstilling.  
     
    Her kan du lasta ned framlegget til ny gudstenesteforordning.


    I den mørke natt
    Måne-formørking over Vikebygd

    Klikk på bildet.(27.2.2009) Fredag kveld fekk vi oppleva måne formørking over Vikebygd. Bildet her er teke over Skartland mot Vest klokka 19:30. Her ser ein tydele skuggen av jordkloden som dekkjer mest heile månen.  Berre ei smal stripe med ljos frå sola  kan sjåast.
    (Klikk på bildet så vert det litt større).
     


    Helsing frå England

    (26.2.2009) A bit of history. My sister Lois Dommersnes, planted the slightly darker Trees in the centre of your panoramic view of Vikebygd during world war two to stop soldiers looking into our bedroom windows.
     
    Sincerely, Robert .
     
    Les fleire helsingar HER.


    Nutaturar i 2008
    Roald og Ingveig til topps

    (24.2.2009) Av dei 38 som var minst ein gong på kvar av alle 6 nutane i Vikebygd, så er vinnarane nå kåra. Roald Årvik hadde i alt vore innom 77 fjelltoppar og Ingveig Svendsbøe tok for seg 42 fjell. Dette står det respekt av og desse to vinnarane kan i eit år smykka seg med nutastavane. Om Rolad held fram i same sportsånda også neste år, så vert han eigar av staven som han nå har vunne 2 år på rad. Ingveig hadde i år første napp i ungdomsstaven.
     
    Det heile tok til i 1996, og speidarane har halde tradisjonen ved like, noko lista over alle som har fått nutastavane, syner.


    Vinterlege utfordringar
    Kjøpmann på glattisen

    (20.2.2009) Fråmidten av februar førte mildvêr kombinert med snø til dårlege forhold på vegen gjennom Vikebygd og Bjoa. Sjølv om det vert brøyta så låg det mykje snø att i kjøyrebanen. I tillegg har både strøing og salting vore mangelvare, noko som fører til problem både for dei som skal tidleg på jobb, og dei som har transportoppdrag langs denne vegen. Dette er noko som Rolf Alne fekk kjenna på kroppen når han tidleg kvar morgon skulle til Skjold og henta ny forsyning med boller og brød til Jokerbutikken i bygda.
     
    Når plastfabrikken til Kjell Gangstø ferdig, vil talet på vogntog langs vegen auka monaleg. Det er ikkje tvil om at her trengs oppgradering både av vegstandarden og av vintervedlikehaldet.

    Klikk her for å gå til reportasje i Haugesunds Avis.


    Ut i natruren
    Knall-fine dagar på Olalia

    Klikk her(31.1.09)   Dei som valde å leggja turen til fjels og då til Olalia på laurdag 31. desember, fekk oppleva ein sjeldan fin vinterdag. Sol frå blå himmel, stille vêr og nokre få kuldegrader var akkurat det som skulle til. På fjellet er det fint snøføre heilt frå parkeringsplassen på Opheim og innover. I tillegg til alle dagsbesøkande hadde 25 teke med seg sovepose og overnatta på hytta, som trillingane Kristin, Rasmus og Martin Lærdal som var her saman med foreldre og vener. Her hadde dei laga seg hoppbakke nedanfor hytta.   Les heile artikkelen her.

    Bilder frå Olalia-turar
    (15.2.2009)  I første del av februar hadde vi flotte dagar i Vikebygd.  Kuldegrader har gjort at snøføret har vore tørrt og flott.  noko som har gjort at mange har nytta fritida utandørs.  Til vedhogst eller fjellturar på ski.  Bilder frå Olalia turar kan du sjå på fjelltur.vikebygd.org  


    Grendautvalet
    Offensivt grendautval i Vikebygd

    (8.2.09)  Vikebygd har fått eit grendautval med dyktige medlemar som ikkje vil sitja og sjå på at historien vert skreven av andre.  Med den erfarne ex-politikaren og lobbyisten frå LLA (Generalsekretær), Rune Hetland, som leiar, så vil dei setja dagsordenen for utviklinga i Vikebygd. Dei ser potensialet og kor skoen trykkjer, og vil vera ein positiv støttespelar for næringslivet og bygda.  Difor treng Grendautvalet innspel frå dei som bur i her. 

    Onsdag 18. februar inviterte dei næringsdrivande i Vikebygd til eit møte for dialog om framtid og utvikling i bygda.
    Les heile artikkelen her.  Les nytt frå kommunen her.
    Og om valet på Grendautvalet her.


    Industri og næringslivs satsing
    Kjell Gangstø sin plastfabrikk reiser seg

    (3.2.09)  På Dommarsnes reiser eit nytt bygg seg.  Det er plast-fabrikken til Kjell Gangstø som nå tek form.  Han reknar med at den tidlegast kan vera klar i april.  Utanfor bygget ligg haugar med plast som er samla inn frå bønder og bedrifter. 

    Når verksemda er klar vil her kanhende verta så mange som 11 nye arbeidsplassar i arbeid med å produsera plastpellets av retur-plast. Vi ynskjer han lukke til med etableringa og oppstar-ten, som kan verta noko utsett pga finanskrisa og nedgang i marknaden for plastpellets.  Les artikkelen her.


    Vikebygd Kyrkje
    Trong for omfattande vedlikehald

    Vikebygd Kyrkje treng sårt til Vedlikehald(30.1.09)   I samband med bispevisitasen i 2008 vart kyrkjebyggkonsulenten i Stavanger Bispedømme, Finn Bårdsen, beden om å utarbeida ein status rapport for vedlikehaldet på kyrkja i Vikebygd. Rapporten syner at det er trong for omfattande vedlikehaldstiltak. Gjennom fleire år med små løyvingar har mange mindre forhold fått utvikla seg.
     
    Kyrkja i Vikebygd vart innvigd i 1937 og skal såleis feira 75 års jubileum i 2012. Då er det ein viktig milepæl der det i forkant bør gjerast tiltak for å setja kyrkja i god stand. Kostnaden er ikkje kalkulert ennå, men ut i frå Bårdsen sin rapport, ser ein fort at dette kan bli kostbart. Kyrkjeleg Fellesråd ved kyrkjeverja har ansvaret for vedlikehaldsarbeidet, og soknerådet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vera pådrivar lokalt. Alle rapportar er sende til kommunen, men så langt er det ikkje sett av ekstra midlar.  Les heile artikkelen her.
    Les om saka og rapporten frå Bårdsen HER.

     
    Les tilstandsrapportane i arkivet til Vindafjord Kommune.


    Data inn i landbruket
    Han brukte nettet og vann pc

    (28.1.09)   Helge Veastad søkte produksjonstilskott via nettet og vann ein flunkande ny bærbar pc melder lokalavisa Grannar.

    Kommunen sette då opp ein pc som premie som skulle trekkjast ut mellom dei som nytta nettet i staden for tradisjonell papirsøknad. Målet var å få oppsving på nettsøknad, som forenklar sakshand-saminga for Eining Landbruk.  Helge Veastad er både bonde musikar, m.a. som gitarist og vokalist i Haugesundsbandet "Shakey Ground Blues Band").  På bildet over er han i samspel med Arne Tveit under konsert i kyrkja her i Vikebygd i 2008.  Les meir her.  


    FuglelivKlikk på bildet for å sjå eit større bilde av Skarven
    Skarv i Vikebygd ??

    (25.1.09)  Skarv har fleire gonger vorte observert i Ålfjorden, seiest det.  Søndag sat ein av dei og kvilde seg i sola på ein stein i Vasslivatnet, nord for Kvame.   Avstanden var for lang til å få eit skarpt bilde, folk i Kvame var overtydde om at det nok var Skarven som hadde slege seg ned i vatnet. (Klikk på bildet for å forstørre dette)


    Kyrkjelege val i 2009
    Eit spanande val for Vikebygd

    (20.1.09)  14. september 2009 får Vikebuen høve til å delta i eit historisk val. For første gong skal 15 åringar vera med på å velja nytt sokneråd i Vikebygd. Valperioden denne gongen er på berre to år.  Samstundes skal det også vera direkte val på representantar til bispedømmeråd og kyrkjemøte. 

    Les meir om saka her.

    Meir informasjon om valet finn ein på kyrkja.no


    Helsing frå Amerika
    Lyle Dean Frerichs, Lubbock Texas, på Norgestur.

    (16.1.09)   My grandfather was Pedar ALNE. He and brother Andrew and sister Bertha (Alne) Danielson came to the US when they were teens. Bertha moved back to Norway. His brothers and sisters included Knut, Kari, and four others I can't remember right now. I'll write when I have their information in front of me. My mother, Gloria ALNE is the only child of Pedar who is still alive.
     
    Peder Alne var onkel til m.a. Glenda Barane.
    Om nokon i Vikebygd ynskjer kontakt med Lyle, så er e-postadressa i  slekts-gjesteboka


    Lokale speidarar i Oslo
    Avvæpna demonstrantar i Oslo

    (11.1.09)  Seks rover-speidarar frå Vikebygd, Skjold og Kopervik hadde teke turen til Oslo for å delta på nyttårsball for KFUK-KFUM speidarane.  Ein speidar er jo alltid beredt, og let ikkje sjangsen gå frå seg til å hjelpa politiet under demonstrasjonar mot krigen på Gaza i Oslo, laurdag. 

     
    Speidarane, som var tilskodarar til demon-strasjonen i Oslo, la merke til at nokre av demonstrantane hadde med seg bæreposar med fyrverkeri. Dei merka seg at posane vart gøymde bak nokre søyler i ei bakgate. Speidarane tok fyrverkeriet og la dette i eit bosspann og kontakta ein politimann på motorsykkel. Det vanka mykje skryt til speidarane for dette.  Les meir på h-avis.

    Foto: Joar Mortveit

    5.klassingane i Vikebygd
    Fekk biblar i kyrkja
    (11.1.09)  11 av dei 13 5. klassingane hadde teke imot invitasjonen frå kyrkja om å vera med på gudstenesta den 11. januar.  Desse fekk alle overlevert ein flott bibel til odel og eiga.  Saman med denne fekk dei og invitasjon til ei samlig på bedehuset torsdag 22. januar og til ein leir på Brandøy denne våren.  Her skal dei få vera saman med andre 5.klassingar frå Skjold og Vats.


    Vikestølsmarsjen
    Vinnaren av ryggsekken funnen

    (4.1.09) Vikestølsmarsjen trekkjer  årleg ut ein vinnar mellom dei som har skreve seg i gjesteboka siste året. Vinnaren i 2008 vart  vanskeleg å spora opp, då namnet var frå Tyskland. Men etter at dette var lagt ut på både Bjoanett og her på Vikebygdsida, kom ei melding hit på e-post, frå Myke Schmidt: -Renate Golm frå Cumlosen i Tyskland er mi mor.  Får ho premien? Med meldinga var ei adresse til vinnaren. 

    Les her korleis det gjekk med ryggsekken som reiste att og fram.
    Les meir om Vikestølsmarsjen HER.

    Klikk på bildet for å sjå få eit større bilde
    Foto: Myke Schmidt
    Renata og Myke 18.8.08.


    Større kommunar -
    løysinga på alle problem?

    (2.1.2009 - kommentar/Steinar. Les heile innlegget her.)
    I Haugesunds Avis presenterer Haugesundsordførar Petter Steen jr. to modellar for større kommunar på Haugalandet. Ein av desse er å slå saman Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal.

    Vil det å verta ein stor kommune løysa utfordringane våre innan helse, skule, næringsliv m.m.?
    Eller er vår kommune på 620 km² med 8110 innbyggjarar stor nok til å oppnå stordriftsfordelar?
    Les heile innlegget her. eller les meir om kommunen her.


    Les nyheiter frå Vikebygd i 2008 her
    Sida er sist endra 17. jan 2010

    Vikebygd.org:

    TILBAKEMELDING og TIPS
    LES / SKRIV i GJESTEBOKA
    vikebygd.org som startside
    Login for Vikebygd WEBMAIL
    Soknerådet og kyrkja
    BYGDA VÅR
    FOTOALBUM

    Eldre meldingar:

    Kvit jul i Vikebygd
    Julegudstenesta
    Vik skule teikna jula
    Julefest ved Vik Skule
    Tenning av julegrana 4.12.
    Julemesse med fullt hus
    BYGDAMØTE 11.11.2009
    Kvamsåsen Rundt 2009
    Innsamling til Ukraina
    Hausttakkefest i kyrkja
    Tom Roger Aadland med CD
    TV-aksjonen til CARE
    Basar på bedehuset
    Bente med eiga bedrift
    Kosedag på gamleskulen
    Stortings- og soknerådsvala
    Den 20. vikestølsmarsjen
    Paneldebatt før stortingsval
    Kronprinsparet til Vindafjord
    Ope møte om kom.planen
    Konfirmantar og jubileum
    Nyoppussa bedehus
    KM stafett i orientering
    Aktivitet ved Trovåg Mølle
    Ungt Initiativ - Bærsal
    Flaumskader på vegar
    Festdag og dåpsdag
    Vikebygdfestivalen 2009
    For  lang og tru teneste
    Vikestølsmøtet
    Kanotur i Telemark 
    St.Hans feiring 
    Loppemarked
    Flykningemottak 
    Ei reise til Murmansk
    Ålfjorden på langs
    Nasjonaldagen 2009
    Konfirmasjon i kyrkja
    Stordugnad ved kyrkja
    Speidaren byggjer bru
    Vikesprinten 1.mai 2009
    Berre ein EU liten gard
    Vikeputten 2009
    Påskefeiring 2009
    Basar på bedehuset 4.april 09
    Jokerfest i Vikebygd 26.3.09
    Gassisk mat og misjonsdag
    Årsmøte og gudstenestetalet
    Plastfabrikk på Dommarsnes
    Knall-fin dag på Olalia
    Helge bruka web og vann pc 
    Eit spanande val for Vikebygd 
    Ein ryggsekk Europa rundt 
    Helsing frå Amerika 
    Avvæpna demonstrantar i Oslo 
    Kyrkja treng vedlikehald

    Juletrefest på bedehuset 
    Nutastavane 2008 til Roald Årvik
    og Ingveig Svendsbøe

    Ljosmessa i kyrkja 14.12.08 

    Vikebygd i Media:

    Ålfjordens Venner info
    Tom Aadland- Mann for sin hatt
    Bjoanett: På Vikebygds tak
    Les om Vindafjord
    Nyhende frå VIKEBYGD
    NYTT FRÅ VINDAFJORD
    NYTT FRÅ GRANNAR
    NYTT FRÅ Haugesunds Avis 
    NYTT FRÅ VIKEBYGD

    Kyrkjeinfo:

    Gudstenestelista 
    Kyrkja treng vedlikehald
    Soknerådet informerer
    800 år med kyrkjer i Vikebygd 
    Tripp Trapp på bedehuset 
    Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
    Boka om Vikestølen på nett. 

    Lokale bloggar:

    Elin's blogg
     

    Politikk:

    Frå Vikebygd vart 4 valde inn i
    Kommunestyret 2007-2010
    ved valet 10. september 2007:

    Roald Årvik (AP)
    Gunn Vikingstad (SP)
    Dominikus Nagel Bjordal (SP)
    Steinar Skartland (KrF)

    Val av Formannskap og nemnder

    Grendautvalet:

    Vald på grendamøte 26. nov. 08:
    Rune Hetland, leiar
    Gunnar Birkeland
    Reidar Bjordal
    Aud Jorunn Tordal
    Hanne Jorunn Helgeland
    Varamann:  Rolf Alne

    Vikebygd har fått eit grendautval med dyktige medlemar som ikkje vil sitja og sjå på at historien vert skreven av andre.  Leiar er Rune Hetland (Generlsekr. i  LLA)
    Dei setja dagsordenen for utviklinga i Vikebygd og har teke fleire initiativ.  
    Les meir om grendautvalet her.

    Ymse:

    (26.2.2009) A bit of history. My sister Lois Dommersnes, planted the slightly darker Trees in the centre of your panoramic view of Vikebygd during world war two to stop soldiers looking into our bedroom windows.
     
    Sincerely, Robert.
     


    Les fleire helsingar her.
     
     

    Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er omlag 560 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare. - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.


    Lytt til Radio 1 Stavanger  eller  NrK Nettradio 


       Det skjedde i åra: 
    2006
    2007
    2008
    2009
    2010

    Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
    ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
     
    --------------------
    Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
    så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
    Tilbakemeldingar om websida HER.

    Minner frå åra:
    2006

    2007
    2008
    2009
    2010

    kvamsen.vikebygd.org
    kyrkja.vikebygd.org
    speidaren.vikebygd.org
    skartland.vikebygd.org  
    firstfloor.vikebygd.org  


    Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
      Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
      


    Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
    5568  VIKEBYGD. 

    Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
    steinar.skartland@vikebygd.org