Jubileumsfeiring 10 år etter første festival
Mykje folk og fisk på festivalen, - og vêret letna
(21.7.2012 SteinarS)
Jubileumsfestivalen i Vikebygd, arrangert i samarbeid mellom Vikebygd Skule-
og ungdomskorps, Fotballgruppa og Plassabakeriet den 21. juli, samla mykje
folk i alle aldersgrupper. Skodde og regn om morgonen veik plassen då
arrangementet opna klokka 12. Utstillarar, arrangørar og gjester var svært nøgde med tilstellinga.
Sjå fleire bilete i
fotoalbumet.
Leiar og konferansier, Solveig Hortman, ynskte folket velkommen til ein
allsidig festival i Vikebygd 21. juli. Første fiskefestival her var
i 2002, og nå feira dei 10-års jubilèet.
Det ligg stor dugnadsinnsats bak ein slik festival, frå medlemmer og familie
i skulekorps og fotballgruppa, som saman med Plassabakeriet drog i gong
denne lokale festivalen.
Fiskekonkurranse og aktivitetar på land, hadde desse to laga ansvaret for,
medan det på plassabakeriet var servering og det
tradisjonelle
salet av snurringar, baka i gamald steinomn. Her hadde vore fyr heile
natta for å få ret varme i for steikinga. Om kvelden var det dans og
levande musikk på denne lokale restauranten.
Opning av ordføraren
Klokka 13:00 kunne Solveig ynskja velkommen ordførar Ole Johan Vierdal, som
tala og opna festivalen. Han rosa dugnadsånda som kjem til uttrykk
gjennom alt folket får til i ei bygd som Vikebygd, og måtte også nemna vegen
gjennom Vossaplass svingane, der bygdefolket ikkje vil
venta
på den offentlege mølla, men tek skeia i eigen hand og dreg lasset med å få
dette bygd. - Når folk sjølv viser slik initiativ, så skal vi (kommunen)
hjelpa til og stø opp om det, sa ordføraren.
Levande musikk
På kaien var det levande musikk heile dagen med
den dyktige 79-åringen,
Ivar Pøyken Glette på trekkspel og
Trygve Flåtene på gitar.
Politikarane
vart dukka i iskaldt vatn.
Både ordførar og varaordførar måtte elles
gå på planken og enda i det kalde vatnet gong etter gong. Her kunne
dei som ville betala 20 kroner og få kasta tre kuler mot ein blink. Traff dei, så fekk den som sat på planken ein kald dukkert.
Fiskekonkurranse med mykje fisk.
Hovudpunktet er likevel fiskekonkurransen.
I år deltok 254 som hadde kjøpt fiskekort. Det vart tald over 50
småbåtar som gjekk utover då starten gjekk klokka 14:30. Nokre båtar
låg visst også utpå allereie. Etter to timar kom dei inn igjen med
store fangstar, både i storleik på fisk og mengde. Fiskelukke var god
i dag, sjølv om det var fjørande sjø.
Far og son med to pokalar kvar. Johnny Standal tok pokal for beste
mann og mest fisk (20,295 kg)
Andreas Panda Standal vart nest beste gut, men fekk dagens største fisk, på
7,1 kg.
Gutar
1.pl. Andrè Fostenes,
2.pl. Andreas P Standal
3. pl. Vemund Styve
|
Jenter
1.pl. Eline Tokheim
2.pl. Ellen Cesilie Alne
3.pl. Elen Nes |
Beste Stintefiskar
Hilde Lundal 1060 gr
|
Menn
1.pl. Johnny Standal 20295 gr
2.pl. Leif P. Wannberg 15340 gr
3.pl. Stian Kallevik |
Damer
1.pl. Laila Kallevik 16415
2.pl. Jacqueline Røring
3.pl. Britt Reidun Svendsbøø |
Størst Fisk
Andreas P Standal 7,1 kg
Mest Fisk
Johnny Standal 20295 gr |
Pokalen
for beste gut gjekk til Andrè Fostenes.
Fisken
August Birkeland Bryn drog opp på stang var heller ikkje liten, men nådde
ikkje opp til pokal. - Du må dra fisken inn litt og så sveive når han
slappar av, fortalde han etter dragkampen.
Sjå festivalbileta her.
I fly over Vikebygd
Mange spanderte kr 450,- og fekk seg ein tur over bygda med
Helikopterdrift AS.
Piloten transporterte til vanleg jaktlag og andre som vil kortast veg til
fjells.
Bjørn med nytt snurringsbrett - rett frå bakaromnen. Søstrene
Marie og Astrid Mortveit i bakeriet.
Du kan sjå fleire bilete i
fotoalbumet - her
Les om hendinga i
Grannar
Les om hendinga i
Haugesunds Avis
Sjå
bileta i Haugesunds Avis
|