TV-Aksjonen for Amnesty International 21.10.
8 bøsseberar samla inn 21.172 kr i Vikebygd
(21.10.2012
SS) I Vikebygd slo vi rekorden frå det gode
innsamlingsåret i fjor, med heile kr 21.172 som kom inn i bøssene. I
tillegg kjem det som folket gir på andre måtar, t.d. ved å ringe inn.
Tusen takk til alle i hus og hytter i Vikebygd for di
store gåve til Amnesty International!
Skulle du ikkje ha fått høve til å gi fordi du ikkje var heime då vi kom, så
kan du nytta telefon nummer 820 44 110 (kr 200,-).
I
kommunen totalt kom det inn kr 258.304 (mot kr 294.052 i fjor som var eit
svært godt resultat), mens
formannskapet auka sitt bidrag til kr 15.000 i år (10.000 i fjor). Dei
bygdene som hadde auke var: Vikebygd, Bjoa, Skjold, mens det var reduksjon i
bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Ølen og Ølensvåg.
Som
vanleg i Vindafjord har formannskapet i kommunen utpeika ein komité for å
leia den lokale innsamlingsaksjonen, med ein representant frå kvar av dei ni bygdene i kommunen.
Ordførar Ole Johan Vierdal er leiar, og i Vikebygd
var Steinar Skartland vald for å organisere den lokale innsamlinga.
Vi takkar spesielt dei som brukte av tida si til å gå med bøsser i dag:
Inger H. Bjordal, Ingrid Mathilde Sørvåg, Per Schnabel, Signe-Alise
Birkeland, Rolf Julsrud, Svend Berge Fredriksen, Aud Mansåker og Jone
Bjerga.
Fleire av desse hadde også med seg andre familiemedlemmer på ruta.
Takk for innsatsen!
Oppteljing i SR-Bank i Ølen
Tradisjonen tru møttest medlemmene i den kommunale innsamlingskomiteen i lokala til SR-Bank
i Ølen etter at bøsserundane var over. Her deltok dei saman med
tilsette i banken, på oppteljing av pengane.
Oppteljing i banken. Biletet viser: Ingrid Steinsland,
Magne
Økland, Jan Idar Haugen og Ole Johan Vierdal.
Eller les meir om TV-Aksjonen på: www.blimed.no.
|