Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 12. okt. 2012

 

Lokale tiltak frå Grendautvalet

 
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Klikk på plakaten over for
å sjå den i stort format
 
Les uttale om overtaking av kai-prestabryggå i Vikebygd HER

Les Grendeutvalet sine innspel til trafikksikringstiltak, HER

Trafikksikringstiltak i Vikebygd, Les her

Bygdamøte med val på Grendautval, Les her

Vegen forbi Vossaplass svingane i stampe, Les her

Nye retningsliner for Grendeutvala
Utval for Drift Utvikling og Kultur (DUK) gjorde fylgjande vedtak i møte 27. august i år:
Sak:  DUK-036-12 (Du kan laste ned heile saka her)

  1. Ordninga med tilskot til grendeutvala vert avgrensa til dei 9 grendene som er
    omtala i kommuneplanen.
  2. Det vert stilt følgjande vilkår for økonomisk støtte og for å vera formell
    høyringsinstans for bygda:
    a. Grendeutvalet må ha eigne vedtekter.
    b. Vedtektene må opne for at alle i grenda kan vera med.
    c. Det må vera regelmessige opne val.
    d. Føremålet med utvalet må vera knytt til generell utvikling av grenda.
  3. Avsette midlar kvart år vert tildelt dei lag som tilfredsstiller vilkåra, etter
    søknad.
  4. Søknadsfrist vert sett til 1. mars (I 2012 vert fristen 1. oktober).
  5. Grendeutvala er formell høyringsinstans i saker som er spesielle for den
    einskilde bygd, slik det er skildra i saksutgreiinga
    .
  6. Budsjettet vert endra i tråd med framlegget i vurderinga.
  7. Sak om fordeling skal leggjast fram for DUK for endeleg avgjerd.

Grendautvalet som høyringsinstans 
I vedtaket vert synt til utgreiinga frå rådmannen, der det står fylgjande å lesa:
 
Høyringsinstans i saker som gjeld aktuell bygd
Det er nødvendig å avklare kva forventningar som ligg i dette. Strengt tatt vil alle saker som omhandlar nivået på det kommunale tenestetilbodet i kommunen og gjelda aktuell bygd. Ein reknar med at det ikkje er intensjonen i vedtaket. Det ville i så fall bli ein tidkrevjande og omfattande prosess, som ville sinke saksbehandlinga mykje. Det kan vera meir naturleg å avgrense dette til saker som er spesielle i den aktuelle bygd som infrastrukturtiltak, lokale kommunale institusjonar mv. Grendeutvala kan på eiga hand ta initiativ til å uttale seg i andre generelle saker.

Grendautvalet kallar inn til
BYGDAMØTE FOR VIKEBYGD
på Vikebygd Bygdahus, måndag 15. oktober 2012, klokka 19:00 
På programmet står:
- Opning ved Rune Hetland
INFORMASJON OM SAKER SOM ANGÅR BYGDA:
- Vikebygd, sett frå ein innflyttar sitt synspunkt ved:
   Frans Lea, Bergfrid Kolltveit og Ida Kolltveit.
- Ståle Jordal: info om vei.
- Kort informasjon: status for tidligare saker tatt opp på bygdemøtet i Juni.
- Trafikksikringstiltak
- Tilråding til bruk av kai og naust.
- Val av nytt Grendautval
og
- Kanhende kjem Vegard Skartland og syng.
(Last ned plakaten her)

Grendautvalet med innspel til
Trafikksikringstiltak i Vikebygd
I brev til kommunen 30. september, kjem Grendautvalet med fylgjande framlegg til trafikksikringstiltak:

Gong og sykkelveg Butikken og Vossaplass
Vikebygd Grendautval ber om at ein ser på om det er mogleg å få til ei løysing angåande gong og sykkelveg mellom butikken og Vossaplasset. Grendautvalet jobbar for å komma fram til ei løysing med grunneigarane. Det er viktig for trafikksikringa at dei mjuke trafikkantane vert ivaretatt, og at denne fortsatt blir med på trafikksikringsplanen vidare.

Veg v/Vossaplass og veg v/Kyrkja
Grendautvalet ber om at ein ser på vegløysinga mellom Vossaplass og veg ned ved kyrkja.
Er her mogleg å få til ei betre vegløysing?
 
Fartshumpar
Grendautvalet ber om moglegheit for å få laga 2 stk fartshumpar i retning frå Skjold: 1 ved bru før Vikebygd landhandel og 1 ved Vikebygd bedehus. Dette pga. at mange køyrer med høg fart på denne lange vegstrekninga. Dei håpar at ein med eit slik tiltak får ned farten i området og på denne måten får ei meir trafikksikker vegstrekning.  Det er fleire vegar som har utkjørsel her og ein har mange mjuke trafikantar som ferdast i området.

Gatelys på gongveg frå skulen og ned til brannstasjon
Grendautvalet ber om mogelegheit for å få gatelys i gongvegen oppe ved skulen og ned til brannstasjon. Denne vegstrekninga er i dag mørk. Arbeidet er på begynt og grendautvalet stiller spørsmål til om det er mogleg å få dette ferdigstilla.  Dette er ein veg som skule-borna ferdast på til og frå skulen og no om hausten og vinteren er det mørkt, her finnest ikkje noko lys i det heile tatt.

Vegkryss ned til Årvik
Grendautvalet ber om at ein ser på moglegheit for å skyta vekk ein knaus ved nedkjørsla til Årvik.  Dette for å få betra oversikta i forbindelse med nedkjørsla hit.  Her er dårleg over-sikt.  Dette hadde hjulpe på sikta og betra trafikksikkerheita på denne vegstrekninga
 
Fortsetjing av gong og sykkelveg Alnavegen og til Kvame
Grendautvalet  ber kommunen om å sjå på moglegheita for også å få forlenga sykkel og gongsti også på denne strekninga.  Her er mange mjuke trafikkantar som ferdast i området.

Les brevet frå Grendautvalet her 

 

Bygdemøte på Bygdahuset måndag 15. oktober.
Godt frammøte til informasjon og val

Frammøte i god tid
Først - beklagar at det stod feil klokkeslett her på Vikebygd.org.  Bygdemøtet starta klokka 19:30, som det også stod på plakaten. Men på vikebygd.org var tidspunktet oppgjeve til klokka 19:00.  Så vart det ein del som måtte venta litt ekstra, før hovudtyngda av folket kom. Men huset var ope og Grendeutvalet i full gong med å halda sitt siste styremøte før valet. Kaffi og kaker stod klar, og etter lyden å døma så var det mange som sette pris på ei lita stund til å prata med naboen. 

Då møtet tok til var det omlag 40 frammøtte til eit godt planlagt og gjennomført møte, leia av Rune Hetland, som får ros for leiarskapen i Grendeutvalet. I møtet kom det fram mange gode og kreative forslag som kan gjera bygda betre for folka som bur her.

Vegen forbi Vossaplasset-svingane i stampe.
Gjennom mange tiår har ein kjempa for tryggare veg for folk som bur i bygda, for skuleborna på veg til skule eller på sykkel til aktivitetar i sentrum, eller for for bilistar på veg til arbeid eller nabobygda. Nå har kommunen sagt seg villig til å forskottera kostnadane med veg forbi Vossaplass svingane dersom grendeutvalet får til ei ordning med grunnavståing.  Vindafjord Arbeidsgjevarforeining (VAF) har gitt tilsegn om 500.000 i stønad til sykkel og gangsti herfrå og bortover til butikken.  Bygda har også sett av 100.000 kroner etter rivinga av skulen, som kan gå inn i planarbeidet. Fylket (dette er ein fylkesveg) er positiv til å finna ei løysing. 

Men nabbane og dei trafikkfarlege svingane, dei vert verna om.  Til frustrasjon for dei som tenkjer sikkerheit og ei bygd som skal tiltrekkja seg nye innbyggjarar og arbeidsplassar. 
- Me har sykkel og gangsti, nå må me få veg, vart det sagt. Men fleire på møtet rista oppgitt på hovudet når Rune Hetland kunne informera om at planen om å få vekk den trafikkfarlege vegstubben frå Vossaplassbrua til kyrkjevegen, ser ut til å bli utsett på ubestemt tid fordi det ikkje let seg gjera å få til friviljuge avtalar om grunnavståing med to av grunneigarane. 
 
Rune Hetland og Ståle Jordal har forhandla med alle grunneigarane.  -Av dei 10-12 grunneigarane er det to som ikkje vil vera med på ein frivillig avtale, sa Rune Hetland i orienteringa si.
-Dermed får ein ikkje koma i gong med planane og arbeidet.
-Ekspropriasjon! var eit ord som kunne høyrast frå fleire i pausen og utanfor bygdahuset etter møtet.  Det skal vera eit møte mellom kommunen og Statens Vegvesen om nokre veker der saka vert drøfta vidare.

Tilsegnet frå VAF er tidsavgrensa og kan falla bort om ein ikkje klarer å få til ei løysing. Då kan Vossaplass svingane bli ståande som endå eit monument over manglande evne til å samarbeida om betre trafikksikre vegar.  -Frantz Lea viste til eksempla på dette frå tidlegare vegutbetringar, t.d. den bergnabben som står igjen sør for Buvika og den store steinen som er ferdig bora på Dommarsnes.  -Nå må omsynet til fellesskapet vega tyngst, var ord som fall i pausen. 

Kva er positivt i bygda?
Ingve, Ida og Bergfrid Kolltveit hadde vanskar med å finna ord på utfordringane og kva som måtte gjerast betre i Vikebygd. -Her er godt å bu, var konklusjonen deira. 

Dei kom frå småbyen Odda, men såg stort sett berre positive ting og fordeler med Vikebygd.  Men ein ting sakna dei ekstra:  Gatelys!  -Det er mørkt langs vegen, hadde tenåringen Ida trekt fram.  Nedover til Liofeltet, ved ballbingen og på grasbanen. Men Hanne Jorunn kunne fortelja at nå i dag var det komme lys i ballbingen. Så ting skjer.  Familien Kolltveit oppfordra også til rydding av turløypene som er attgrodde. 

Dei har busett seg i det gamle posthuset, som nå er pussa flott opp. Huset ligg like i vegkanten. -Det er mykje stygg køyring og høg fart på bilar gjennom sentrum, sa Bergfrid  og etterlyste fartsdumpar. -Dette har Grendeutvalet også på si tilrådingsliste, kunne Hetland skyte inn.

Franz Lea er også ein av dei nye som har slege rot i bygda.  Han hadde eit humørfylt innlegg med mange minner frå ungdomstida i Vikebygd ispedd kreative forslag til tiltak det nye Grendautvalet kunne ta tak i.  Gondolbane til Trollanibba og ake-renne frå Alnaåsen og ned i sjøen, var mellom dei. 

Meir jordnære forslag var å hogge bort skog og kratt rundt byggjefelta og sentrum. -Folk vil ha utsikt når dei skal velje tomt, men her ser dei berre rett inn i krattskogen!  Eg stiller gjerne på dugnad, sa han og foreslo vidare å byggja tak over alt ein laga.
-Vi har klimaendringar og her blir meir regn i framtida.  Grillplass, ballbinge og grasbane bør ha tak over seg!  Elles ynskte han seg: Post i butikk, pol i butikk, brannstasjon, helsestasjon, swingkurs og danseaften ein gong i månaden.  Som nyvald i grendeutvalet får han høve til å arbeida for realisering av ideane.

Ei kort oppsummering av dei viktigaste tiltaka Grendautvalet ser for seg framover er å leggja tilrette grillplass / grillhytte på Bryggjebakken, ein liten kunstgrasbane under tak (40x20 meter), uformelle møteplassar for både ungdom og vaksne og sjølvsagt betre veg til Isvik.

-Her må ein samarbeida og bestemma seg for kva ein skal satsa på, sa Lauritz Bjørnevik då salen fekk koma til orde. -Elles vert det berre rosiner på kvar og ein får ingen ting gjort.  Eit innspel også avtroppande grendeutval var samd i.

Val på nytt grendeutval
Men dette er saker det nyvalde grendeutvalet får ta tak i.  I slutten av møtet vart det halde val.  Heile 9 kandidatar hadde sagt ja til å stille til dei 5 plassane i grendeutvalet. 

Av desse vart fylgjande valde:
Even Bjørnevik, Jens Morten Koltveit, Bergfrid kolltveit, Lauritz Bjørnevik og Frantz Lea.  Møtande varamann vart Leif Jørgensen.  Dei konstituerer seg sjølv og vel leiar i første møte.  
 
Avtroppande utval tel opp røystene.

Me gratulerer desse med valet.  Dei har mange saker å ta fatt i. Mellom anna å utarbeida og vedta vedtekter for grendeutvalet.  Dette er eit krav frå kommunen for å yta stønad, og hadde ein frist sett til 1. oktober, noko dei må søkja om utsetjing på dersom dette ikkje skal koma i vegen for stønaden for 2012. Truleg bør desse vedtakast av eit nytt ope bygdamøte.   

 
 
 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Frå tidlegare

Grendautval og tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org