Kjersti sel lodd på basaren |
VIL
DU BLI MED?
Spør Kjersti Hausberg Bjerga.
Ho inviterer fleire kvinner til å bli med i noko som har lange tradisjonar i
Vikebygd. Nemleg kvinneforeining. Jo, dei eksisterer ennå. Normisjon si
foreining møtes jamt og trutt. Nå er det Martha Tveit som er leiar.
- Ein gong i månaden samlar me Normisjonen sin
kvinneforeining på kjøkkenet i bedehuset, fortel Kjersti. Her et me
kvelds, syng og pratar mykje. Og så nyttar me tida til strikking,
hekling, brodering eller anna til oss sjølve, born, barneborn eller til
gevinst på basaren om hausten. Ein av oss les ein andakt, eit stykke
frå eit blad eller nokre fine dikt. |
Marta Tveit |
- Målet med foreininga er, utanom det å få koma saman, å
få hjelpa Normisjonen med det arbeidet dei gjer i utlandet (i 10 ulike
land), t.d. dei fattige i Kambodsja. Eller i Noreg - der dei driv lag,
foreiningar, klubbar og leirplassar, slik som Stemnestaden i Grinde.
Du kan lesa meir om dette på
www.normisjon.no. Difor samlar me frivillig inn pengar på
foreiningane og lagar til basar om hausten. I år er denne 19. oktober.
|
Åresal på basaren skaper spenning
|