Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 4. sept. 2012

Lokale websider

Vikestølsmarsjen 2012

Les også:

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Hyttestyret for Vikestølshytta inviterte
100 gjekk Vikestølsmarsjen søndag 2. september


Åge Holsbrekken konsentrerer seg i hesteskokastet medan dei yngste studerer teknikken nøye.

Jarle Sandsgård skriv ut diplomar til dei som nådde Vikestølen(2.9.2012  SteinarS)  Jarle Sandsgård hadde full jobb med å signere diplomar etter kvart som turgåarane nådde fram til Vikestølen søndag 2. september.  Den årlege Vikestølsmarsjen vart som vanleg arrangert av hyttestyret, som har representantar frå Bjoa og Vikebygd idrettslag. Omlag 100 deltok i år i marsjen som gjekk både frå Eikås på Bjoa og frå Vikebygd.

Kaker, brus og kaffi gjekk godt unna i kiosken.  På kjøkkenet hadde dei sikra seg to store kjelar med lapskaus, men den eine var mest heilt full då dagen var over.  Gråvêr og regn om morgonen hadde gjort at færre tok turen i år. Difor var det også spredt utover dagen kva tid folket kom fram. 

Ute var det hestekokasting og leik, og inne i hytta kunne ein kjøpa lodd og få røma unna knotten som beit godt ute. Øystein Sandsgård vann hesteskokastinga med 23 poeng. Alle som går til Vikestølen kan skriva seg inn i ei gratis loddbok. Til vanleg er det omlag 700 registrerte, men siste året var det heile 958 innskrevne.  Mellom desse vart det trekt ut ein vinnar som fekk ryggsekk som premie.  Dette vart Anette Hetland, som hadde vore på stølen 19.august. 

Ein og annan var alt på veg nedover når dei siste kom opp til stølen

Ein kunne gå frå Rotvoll eller Vikebygd, mellom kl 11:00 - 13:00.  Derfor var dei første alt på veg nedover att når dei siste gjekk turen langs Langavatnet.

Sjå plakaten her.

Les også om arrangementa som var
i 2011 eller solskinsdagen i 2010

Til fjells søndag 26. august
Det kokar i Longavatnet
(1.9.12 SteinarS)  Det var med stor undring eg vart ståande å sjå utover Longavatnet då eg hadde passert stemmen.  Det koka.  Som ein geysir pressa store luftmengder seg opp frå vatnet 4-5 meter ut frå land i nordenden.  Nett der ei vassleidning ålar seg opp frå vatnet. Eg vart ståande lenge å sjå på dette.  Gir det seg ikkje snart?  Nei det heldt fram med like stor kraft og med korte pausar. Kunne det vera noko gale med vassleidningen? Men den syg jo inn, og skal ikkje blesa ut.

Luft og vatn står som ein geysir opp frå Longavatnet.

Eg fekk forklaringa av leiaren i Vikebygd Vassverk, Ola Harald Alne, etter at han hadde undersøkt dette nærare med andre.  Jo, det er lagt ei vassleidning frå Trodlavatn og Indre Halvarhaug bekken, som skal gje meir vatn inn i Langavatnet.  Dette for at det skal bli meir avrenning frå stemmen og ned til produksjon av elektrisitet i kraftstasjonen. Dette går via drikkevatnet og gjer det mogeleg å regulera vassmengda betre. Denne leidningen syg også inn luft, og det var det som spruta opp der like ved stranda. 

Elektriske luker til demninga i Vassverket.
Det er elles planar om å setja inn automatiske luker i demningen. Med kraft frå solpanel skal ein el.motor kunna opna og lukka lukene, og slik regulera vatnet i elva ned mot kraftstasjonen si demning.  Er det  nok vatn for kraftstasjonen kan ein slik magasinera opp vatn i Langavatnet. 

Mykje humus i Langavatnet grunna vegetasjon
Då demninga vart laga og vatnet demd opp, vart ikkje vegetasjon eller jord fjerna langs vatnet.  Dermed er det jamt tilsig av humus til Langavatnet, som er mørkt og brunt på farge. Leiar i Vassverket fortel at rensestasjonen fungerer svært godt og sikrar at det er reint vatn som kjem fram til forbrukarane.  - Men rensemembranane må vaskast ofte, fortel Ole Harald.  - Dette går automatisk og skjer omlag kvar halve time.  Fleire kundar kan stadfeste at det er reint og godt vatn som kjem fram til forbrukarane, og det vart vesentleg forskjell då dette renseverket vart bygd.

 

Samarbeid mellom Vassverket og Vik Kraft
Regulerer vannstanden i Langavatnet

(4.9.12 SS) Etter at vi skreiv at det "kokar i Langavatnet" har Per Vik kome med denne forklaringa:

-Dette har ingen ting med vannledningen til Vikebygd Vassverk å gjøre. Den ledningen er nedgravet, og har inntaket på 6-8 meters dyp langt inne i vannet. Ledningen det "koker" av er en ledning Peconor anla for snarere å kunne fylle Langavatnet. Ledningen har sitt utspring i Indre Halvardshaugbekken der det er støpt en liten inntaksdam.

Ledningen var i en periode ute av drift, men er nå tatt i bruk igjen, sier Per Vik.
-Vik Kraft har rett til å kunne regulere vannstanden i Langavatnet, og det er da en fordel for alle parter, -også for Vikebygd Vassverk- at vann-standen kan heves forholdsvis snart, på den måten sikrer vi at det kommer nok vann i magasinet.


Reguleringen er ellers en stor fordel for vassdraget da en på denne måten kan dempe de største flommene i både Bjoraelva (Plassaelva) og Vikeelva.

Tilførsel av vann fra bekken fra Trollavatnet har ingen ting med kvaliteten på drikkevannet å gjøre. Det er langt mindre humus i Trollavatnet enn i Langavatnet, noe relativt ferske målinger klart viser. 
  

Til fjells søndag 26. august
Flotte og godt merka turstigar i Vikefjella

Stigen på veg til Trodlafjellet(1.9.12 SteinarS)  Det var den siste av dei seks Nutakassane som stod for tur den søndagen. Eg kjenner at kondisen ikkje er som før, men det er greitt å ha konkrete mål for turen.  Lett er det og når turstigane er godt merka og opptrakka, sjølv om det er bratt ein og annan kneik. 

Langs vegen er det sett opp skilt på stader som dei gamle kjende, men som nyare generasjonar ikkje har same forhold til. Ein av desse er Ytre Halvarshauglibekken.  Det er ei bru over denne bekken, og mange stein på botnen.  Tankane kjem på at ein av dei største steinane her ve3d brua sikkert også har eit namn.  Kanskje det er: Ytre Halvarshauglibekkbruasteinen.  Spørst likevel om den ville få plass i Guinness rekordbok.

Opp langs Vikestølsvegen ser eg Trodlafjell kneisa over tretoppana.Løftar eg augo så ser eg Trodlafjell kneisa høgt og bratt over tretoppane.  Ein kan lett bli lurt. Det ser ikkje så høgt ut herfrå.  Men etter kvart som ein klatrar oppover, så går det litt innover og endå meir opp.  Det eg ikkje såg nedanfrå. 

Det tar si tid før eg endeleg er oppe.  Det er fotefar etter grove fjellsko solar på stigen.  Vel framme må eg sjekka i boka - og få mistanken stadfesta. Jo, det er Roald Årvik har vore der før meg i dag.  Må berre bla litt i boka og telja.  Eg har nok ikkje tjangs på nutastaven ser eg.  Det er mange namn, og særleg nokre som går igjen, ofte.  Datoen står der og.  Får vera glad for at eg nådde alle seks i år. 

Utsikt frå Trodlafjell mot Vikevik og Ålfjorden
Utsikt frå Trodlafjell mot Vikevika

Frå Trodlafjell er det fantastisk flott utsikt mot bygda, fjorden og Vikevika. Må sikra meg minna på kameraet.  Det blir mange bilete i året.  Dei fleste ligg trygt lagra på harddisken, eller skal vi seia: Harddiskane.  Prøver å lagra på minst tre ulike harddiskar.  Det einaste som er sikkert med datautstyr, er at det sviktar ein dag.  Levetida på ein harddisk er sjeldan over 5 år.  Då er det slutt, og kostar ei formue å få minna fram att.  Ved heile tida å sikra at bileta ligg på minst tre ulike lagringsmedium, er ein av to ulike måtar å sikra dei for framtida.  Den andre er det gode fotoalbumet.  Det verkar sjølv om straumen går, og virus har eg ikkje høyrt om der.  Berre om mått.  Den kjende litle krabaten på 2-3 mm som eigentleg heiter Stripet Borebille.  Den likar og fotoalbum, om dei ikkje vert trygt lagra.

Brua over elva ved Djupava
Den gamle brua ved Djupava  (Va = ein stad dei vada, eller vassa over elva)

Så må eg heimover igjen.  Det går raskare nedover enn opp.  Treng ikkje så mange pustepausar då. Men det tok si tid i år.  Må visst gå oftare.

Les meir her 

Laurdagsklubben
(1.9.12 SteinarS)  Laurdagsklubben på bedehuset starta opp igjen laurdag 1. september. Der får born som er 4 år og oppover koma for til leik, song, aktivitetar og bibelforteljingar. På det meste er det 30 born som finn kjem.  Det er nok eit teikn på at det er kjekt der og at Kjersti Hausberg Bjerga har funne tonen og veit kva borna likar. 

Den første laurdagen var det fullt hus på bedehuset. 

Nå blir det laurdagsklubb desse datoane utover hausten:
15.sept., 29.sept., 13.okt., 27.okt, 10.nov., 24.nov., (kanskje 8.des.).

Alt på søndag 2. sept inviterte ho med seg dei som born og familiar, til Supersøndag på Stemnestaden og Grinde. Her var det full fart med spennande aktivitetar heile dagen, fram til stor konsert klokka 16:00 i Skjoldhallen med Jarle Waldemar.

- Me skal ha laurdagsklubb kvar 14. dag, fortel Kjersti. 
 
 

 
 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Frå tidlegare

Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2010
2009
2008
2007
2006 
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org