Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 25. mars 2012

Lokale websider

Vikebygd Kyrkje 75 år i år 

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Vikebygd kyrkje
Eit kunstverk er på plass

Paul Magne Storebø - Smeden som har laga ljosgloben i Vikebygd kyrkje(25.3.2012 Steinar S)  Endeleg er den ferdig og på plass i kyrkja.  For nokre år sidan tinga Vikebygd sokneråd ein ljosglobe, laga etter mal frå ljoskrunene og utsmykkinga i kyrkjebygget.  Pensjonist og smed, Paul Magne Storebø på Stord, tok på seg oppdraget å laga ljosgloben i smijern. 

Sviktande helse og ei krevjande utforming har ført til at tida gjekk lengre enn ein tenkte seg då globen vart tinga, men nå er den ferdig.  Det høver godt å få denne på plass nå når det nærmar seg 75 års jubilèet til kyrkja vår. 

Ljosgloben på plass i kyrkjaMange kyrkjer har opp gjennom tidene kjøpt inn ljosglobe som nyttast i ulike liturgiske samanhengar, m.a. når kyrkjelyden skal minnast dei som er gått bort siste året. Den er ofte nytta i sorg samanhengar, men det er og kyrkjelydar som nyttar den til å tenne ljos for å markere glede.  T.d. når barn vert døypte. Andre set ljogloben ved inngangsdøra.  Slik kan dette bli ein personleg andakt utan å måtta gå fram og vise seg.

I dag er det meir og meir vanleg å få laga ljosglobar etter mal frå utsmykkinga i kyrkja.  Slik vart også malen lagd for den ljosgloben som nå står i kyrkja i Vikebygd.

Vikebygd sokn har tidlegare fått pengegåve frå både laget Vikebuen og SR-Bank i Ølen.  Til saman kr 9500,-. Resten av kjøpesummen vert dekka av innsamla og oppsparte midlar soknerådet rår over.

Les meir om tankane bak og bruken av ljosglobar her

 

Vikebygd kyrkje
Sjeldan hending i vikebygd

Søndag 18. mars var det gudsteneste i Vikebygd kyrkje.  Her vart trillingane Liva, Edle og Daniel borne til dåpen.  Ei hending som bår der høgtideleg for familien, men også for kyrkjelyden som får ta del i dette.  For borna er dette også ei markering av at dei vert lagde til kyrkjelyden som medlemmer av Den norske Kyrkja. 


 
Etter Gudstenesta var det kyrkjekaffi og årsmøte for kyrkjelyden i Vikebygd.  Leiar Brit Nelly Ness Tveit orienterte om aktiviteten i kyrkjeåret og presen-terte  årsmeldinga. 

Les årsmeldinga for 2011 her.

Kyrkjelege endringar
Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti

(17.3.2012 Steinar S)  Etter at Vindafjord kommune vart flytta over frå Hordaland til Rogaland, så vart den lokale kyrkja ein del av Stavanger Bispedøme og Nordre Ryfylke Prosti.  Etter lengre tid med drøftingar korleis framtidig prosti inndeling skal vera, vedtok Stavanger Bispedøme i november i fjor å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.

Kyrkjeverja vår, Inghart Lasse Tveit, opplyser at Kyrkjedepartementet nyleg har fastsett endringar i prostistrukturen i Stavanger bispedøme. Dette inneber at Vindafjord kommune vert overflytta frå Nordre Ryfylke prosti til Haugesund prosti – som samstundes får nytt namn – Haugaland prosti.

Dette prostiet vert då samansett av kommunane Vindafjord, Tysvær, Bokn, Haugesund og Utsira. Heretter vert altså prosten å finna i Haugesund - ikkje i Sauda. Dette inneber vidare at Vindafjord også vender seg utover eller vestover med omsyn til kyrkjeleg samarbeid og fellesløysingar som måtte bli aktuelle i samband med kyrkjelege reformer som er på trappene.

I mars-utgåva av kyrkjebladet Hyrdingen, er dette nærare omtala.

Nytt prosti i Ryfylke
Det vert vidare laga til eit nytt prosti – Ryfylke prosti – samansett av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Stand og Forsand. 6. mars vedtok departementet at prostesetet her blir på Hjelmeland. Endringane skjer frå det tidspunkt bispedømmerådet vedtek, men mykje tyder på at desse endringane vert gjennomførte hausten 2012.  Då sluttar nåverande prost i stillinga si for å gå over som pensjonist.  Nytilsetting vil best kunna gjerast i den nye kyrkjelege organisasjonen.

Ny kyrkjeordning drøfta på historisk grunn
Når Grunnlova etter planen vert endra våren 2012, vert også relasjonen mellom staten og Den norske kyrkja endra. Det statlege kyrkjestyret opphøyrer, og kyrkja skal utnemna prostar og biskopar sjølv. Det tverrpolitiske forliket frå 2008 seier imidlertid ingen ting om korleis kyrkjelov og kyrkjeordning skal sjå ut etter dette.

 

 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Ljosglobe til kyrkja
Haugaland Prosti
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2010
2009
2008
2007
2006 
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org