Fredrik Sundve og Mathilde Alne
Samla inn kr 1.439.- til SOS-barnebyar
av Inger Kathrine Sundve 9.12.2012
Borna
laga sjølv ting som kunne seljast til inntekt for SOS Barnebyar og hadde
avtalt med Rolf om å få ha eit bord utanfor butikken. Flott tiltak
for å hjelpa andre.
Fredrik Sundve og Mathilde Alne har hatt innsamling
til SOS-barnebyar. Dei hadde snakka med Rolf og fått lov til å stå på
butikken dei to første laurdagane i desember. I forkant av dette har dei
laga ting dei skulle selja, som julestjerner, smykke, bakt store
peparkaker og saga opp litt opptennings ved som de selde i posar. Det
var mulig for folk å få seg gratis peparkake, men det var også mulig å
putte pengar på bøssa utan å kjøpe noko.
Første laurdagen var det veldig kaldt, så da blei det
ikkje meir enn halvannan time dei var ute. Men laurdag 8.12. vart det
litt lenger. Til saman fikk dei inn kr 1.439,- som dei gir til
SOS-barnebyar. Mathilde og Fredrik vil gjerne få takke alle i bygda som
ga pengar.
Bildet syner Fredrik og Mathilde utanfor butikken. På
den raude plakaten er info om sos-barnebyar. Elles ein plakat med "den
beste butikk." Alida Frøvik var med den første laurdagen, og på plakaten
har dei med at Askev Julsrud også var med på å laga ting i forkant.
Mathilde og Fredrik på veg med kjerra opp for å hente
med seg Alida på vei til butikken laurdag 1.12. |