Kommunestyre
Eit elektronisk eksperiment
Papir er ut
(3.2.2012 SS) Ei ny tid er komen til Vindafjord.
Gjennom alle tider har politikarane kome til kommunestyret med tjukke
dokumentbunkar under armen. Så var det å halda styr på alle papira og ikkje
blanda dei med den ein sat saman med. Men denne tida er forbi. Nå
kjem politikarane med ei lita, tynn plate. Brettar av dekselet på framsida
og har ein liten skjerm på storleiken med ei vanleg bok. iPad er det
berømte namnet. Her er alle dokument til møtet, og tilgong til tidlegare
saker og planar, kalender (planleggjar). Internett og e-post. Ja,
facebook og twitter for dei som er komne så langt. Kopla saman trådlaust
med mobiltelefon, kontor pc mm, skal politikarane blir meir fleksible. Om
ein er på reise - så er saksdokumenta like tilgjengelege - på iPad'en.
For oss som vaks opp med skuleopplæring i "Touch-metoden"
og mekanisk skrivemaskin med fargebånd og rettetast, er det ei ekstra utfordring
då det ikkje er plass til å praktisere "touch", men må over på to-finger-metoden
på grunn av plassen. Men likevel -
prøv og feil metoden
fungerer utmerket. iPad er ei løysing som skal gjera politikarane
meir effektive, og samstundes spara kommunen for pengar til trykking og
distribusjon av tjukke dokumentbunkar. I tillegg sparer ein miljøet for
tonnevis med papir som skal makulerast.
Saker som opptek deg
(3.2.2012 SS) Alle politiske møter er opne
for allmenta. Unnateke er handsaming av visse saker som t.d. tilsetjingar og
slike der ein etter lovverket kan lukka møtet. Dette skjer svært sjeldan,
og slike saker blir lagde til slutten av møta. Tidlegare var det tradisjon
med å flytta kommunestyremøta mellom bygdene, slik at folk lettare skulle kunna
koma for å høyra på drøftingane. Men erfaringane gjennom mange år var at
tilhøyrarar - det var det sjeldan ein såg. Berre når det var store
stridstema og liknande. Av den grunn avgjorde kommunestyret i fjor at
kommunestyremøte som hovudregel blir lagde til Ølen Kulturhus (også kalla
Samfunnshuset).
Vikebygd på sakskartet
Møte tysdag 7. februar
Så er det kommunestyremøte igjen. Det første dette året er 7.
februar. I møtet, som tek til klokka 16:30, er det fleire saker som
engasjerer folk i bygdene våre. Innbyggjarinitiativ-saka om plassering av
sykkel og gangsti mellom Ølen og Ølensvåg; riving eller
sal av gamleskulen i Vikebygd; Endeleg godkjenning av reguleringsplan
for
bustadfelt Trovåg Nord (sjå
kart over området) og andre saker. Mellom anna fleire som gjeld
Samhandlingsreforma, samarbeid med Helse Fonna og med nabo kommunane.
Komplett saksliste og alle dokument ligg tilgjengelege for
allmenta på
web-sida til kommunen. Du kan lesa sakslista for møtet 7. febr.
HER. |