Ny
butikk opna i Vikebygd
Fire damer satsar i Klokkargarden
(Opphavleg
4.11.2011 SteinarS)
I eit lite hus ovanfor landhandelen i Vikebygd har
dei innreia eit
koseleg butikklokale kor dei sel husflidsartiklar, brukskunst, pynt og klede.
-Me skal ha ope på fredagar frå klokka 16:30 - 19:00 og
laurdagar klokka 10:00 - 14:00, men elles er det berre å ta kontakt, så opnar
me, fortel Hanne Jorunn. -Når du ser skiltet nede ved hovudvegen så er det ope.
-Me skal ha opning av juleutstilling her når advent startar
og julegrana skal tennast nede ved Daglegvarebutikken. Då tar me tar fram
juleartiklane.
I hyller på veggene og på bord rundt i rommet ligg det mykje
spennande og fint, alt laga lokalt i Vikebygd. for dei som tenkjer på
julepressangar så er det litt av kvart å finna her. Rosemåla fat og tiner,
hekla tepper, strikkavotter, flotte postkort eller kan hende eit par sokkar?
Du finn det her.
Hanne Jorunn Helgeland, Hilde Fredriksen, Liv Fredriksen og Brit
Jorunn Veastad i Klokkargarden.
Alle
fire har lang erfaring med å laga husflidsartiklar og handarbeid. Hanne
Jorunn dreiv i fjor "Skattekammerset,"
utsal av husflidsartiklar i ei brakke ved landhandelen. Dei deltek på
julemessa
som Vikebuen arrangerer kvart år på Bygdahuset, for ikkje å gløyma
Julabutikken
som nokre av dei hadde i kjellar etasjen på butikken hos Rolf i 2008.
Les om Klokkargarden på
Facebook her,
Laget med glede av Hanne Jorunn
Slik
står det på ein lapp på nokre hekla tøflar. Men
det er ikkje berre desse fire damene som stiller ut husflid. Asseline
Årvik er storprodusent av flotte og fargerike lubbar og vottar. Også desse
kan ein få kjøpt i klokkargarden. Eller kanhende ein rosemåla kakespade?
Brit Jorunn syr også klede og fleire kjolar
som ho har laga, er stilt ut i butikken. Liv
Fredriksen
har dreve mykje med rosemåling, men seier det er blitt mindre av dette
dei
siste åra. Likevel er mange flotte ting stilt ut i dette bygget som
tidlegare var studio og butikk for rosemålinga. Dei fire kompanjongane i
butikken har alle andre yrke.
Butikken i klokkargarden
er hobbyar som har vorte til ein profesjon. -Nei, vi kan ikkje leve av dette,
fortel Hilde med eit smil. Men vi vil ha ope så lenge varelageret rekk.
Skal vi døma etter besøket på opningsdagen så må dei nok produsera meir utover
vinteren. Kundane var mange, og salet var godt.
|