Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Advent

Sida er sist endra 2. des. 2012

Advent

Advent er ei årstid som vert markert av den kristne kyrkja.  Den markerer førebuingane til juletida. Namnet kjem frå latin Adventus (Redemptoris), «(Herrens) ankomst». Første søndag i advent er første dag i kyrkjeåret.  I denne tida nyttar kyrkja den liturgiske fargen: Lilla, og folk i Noreg brukar lilla stearinlys, m.a. i adventstaken.

Ord i Advent

Desember og advent
Vinter og snø i Vikebygd

av Steinar Skartland 1.12.12

Snøen lava ned utover fredagskvelden og laurdagsmorgon var 10 cm laus nysnø over blaute, ufrosne bakkar.  Til glede for borna som fann fram skiutstyr og akebrett.  Termometeret synte under frysepunktet heile dagen, der det for det meste var fint ver. Så kom det meir snø på laurdagskvelden. Våte snøflak kom frå oven og landa i 3 kuldegrader. Etter ein lang og svært våt haust blir det fint å få nokre kalde og tørre dagar.

Til dei som ikkje synes snø og kulde er kjekt ... så hugs:  Det finnes ikkje dårlig vêr, berre dårlege kler.  Så ta på deg ein ullgenser, vottar, stillongs og luve. Kom deg ut av godstolen og nyt det flotte vintervêret.  Det er herleg, så lenge det varer.  Regnet og sydvesten får vi tissnok igjen.

Kvamme 1. desemberJo, det hender eg saknar dagane i nord med knallblå himmel og sol, der det knaka under skosolane og kinna vart strame i 25 - grader.  Luftfukta så låg at det opplevdes omtrent som berre 10 kuldegrader på våte Vestlandet.  Eller då eg køyrde buss ned mot Karasjok i svarte vinterkvelden og kjende at rattet vart tyngre og tyngre å svinga ... ettersom hydraulikkolja fraus i temperatur under - 35. 

Eller nettene i telt inne i Halkavarre i militæret, med vedomn og kuldegrader godt under - 30.  (Ein gong i timen gjekk eg runden og starta opp alle lastebilane.  Måtte la motorane gå 10 minutt for så å stoppa dei igjen.  Elles ville vi ikkje fått dei i gong om morgonen.) Eg ville ikkje vore utan dei minna. 

Så har eg slege med ned ein plass der det regnar vassrett på normalen.  Av og til så saknar eg at det knitrar under skosolane når eg går meg ein tur.  Og somrane med sol 24 timar i døgeret på ein av Europa sine nedbørfattigaste plasser. Men mottoet er å sjå det flotte i det vi har nettopp nå og nettopp her.  Så i dag sat eg på akebrettet ned bakken og gledde meg med smårollingane som leika i snøen.  Det er her eg er frå og her eg bur.  Vi har jammen ei flott bygd.  Det er vinter og snø!


Kvamme 1.12.2012

Skartland
Veastad 1.12.2012 Veastad 1.12.2012 Skartland 1.12.2012
 
 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Klikk på plakaten over for
å sjå den i stort format
 

 
Les meir om julemessa her
 

 

Link til FOTOALBUMET

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org