Innsamling til Ukraina - Open Heart
1090 sekker på bilen frå Vindafjord
(25.10.2012 Berit&SteinarS)
Vogntog som lastar sekker med brukte klede utanfor bedehuset i Vikebygd, har
vorte ein årviss tradisjon. Brita Laugaland er den lokale eldsjela som
utfordra folk til å sjekka garderobeskåpet og fylla sekker som Halvard Hasseløy og organisasjonen Open Heart
Ukraina skal få dela ut til fattige og trengjande i Ukraina. Frå Vikebygd,
Skjold og Vats fekk dei med 1090 fulle sekker.
Skapet på semihengaren var fullt med 1090
sekker, fylt med klede som skal varme trengjande.
Open Heart driv eit
omfattande arbeid mellom gatebarn i Ukraina. Dei har eigne
gatebarnsentre i Kiev og på Krimhalvøya.
I fjølge offisielle
statistikkar finnes ca. 100.000 gatebarn i hele Ukraina. Open Heart
sine barneheimar og gatebarnsentre gir skadde barn, ein ny start.
Dei er ikkje berre svoltne, men oppveksten i naud og fattigdom, med
alkohol-iserte foreldre, utan kjærleik og omsorg, med misbruk og
mishandling, har gitt borna store indre skader. Open Heart sine
gatebarnsentre og barneheimar tar til ei kvar tid hand om ca. 500
born. Dyktig personale, med kjærleik nok for kvart einskild barn,
lokkar fram smilet og leiken i tidligare triste og tomme blikk.
|
|
FAKTA om Open Heart
(Henta frå nettsidene til organisasjonen)
Open Heart er ei humanitær stifting som vert driven på eit kristent
grunnlag.
Frivillige gåver frå enkelt personar og frå næringslivet gjer det
mulig for dei å oppretthalde ein stor aktivitet.
650.000 menneskjer fekk hjelp gjennom deira arbeid førre året.
Stiftinga har eit styre med 5 kvalifiserte medlemmer.
Dei nyttar ein anerkjent, registert rekneskapsførar og ein
autorisert revisor.
Stiftinga er godkjent med muligheit for gjevarane å nytta
skattefrådrag på sjølvmeldinga. Les meir
HER
|
Då 220
sekker var borne ut av bedehuset og stue inn i hengaren, var det mest heilt
fullt. På førehand var det henta 220 sekker i Skjold og ca 650 i Vats.
- I juni i år var det allereie sendt 340 sekker frå
Vats på ein annan tur, kunne Ingeborg Vågen fortelje. I Vats samlar dei inn
klede heile året, og Hallvard Hasseløy med sine ukrainske hjelparar sørgjer
for å få dette trygt fram. Ingeborg og Gudvin Vågen var med til
Ukraina i sommar og såg med eigne auge at hjelpa kom fram.
- Alt kjem fram til dei som treng det, og ingen ting blir solgt, fortalde
dei.
Open Heart Ukraina driv fleire
barneheimar med midlar dei samlar inn. Frakta av sekkene til Ukraina
betaler dei som gir. Saman med kvar sekk leverer dei 50 kroner.
Overskottet frå dette og innsamlingar på bedehusa går til hjelpearbeidet
elles. Sjølv har Hallvard Hasseløy halde på med dette arbeidet i 30
år.
Hallvard Hasseløy og Brita Laugaland saman med to av dei
Ukrainske hjelparane.
Les meir om
Open Heart
Ukraina
(Les også om innsamling tidlegare år:
2009)
|
Vinteren er her!
Tett snøvær og kvite bakkar torsdag kveld
(25.10.12 SteinarS) Det var kaldt heile dagen, men
utpå kvelden sette snøværet inn for fullt. Fram mot midnatt snøa det
tett og bakkane vart kvite, som her på Skartland.
Snøen vart liggjande nokre dagar og med fleire netter med nattefrost.
Det er tid for å ta på vinterdekk på bilane. Men som vanleg kom
mildvêret etter ei veke med store mengder regn. Samtidig kom det store
snømengder i Odda, Røldal og innlandet. Dette førte til at alpinanlegg
og skiturar fekk ein tidleg oppstart i år. |