Vikebygd Skule- og Ungdomskorps
KORPSTUR TIL KONGEPARKEN
(5.6.2012
Tekst og foto: Laila Øvstedal Espeland)
Laurdag 26.mai reiste korpset på dagstur til Kongeparken. 19 korpsmedlemmer
med familiar, totalt 41 vikebuar, kosa seg i eit nydeleg sommarvêr.
Korpset hadde ein flott
mini-konsert på scenen innanfor hovudinngangen, der også dei flinke
aspirantane deltok. Martin Larsen hadde ikkje gløymd gamle takter, og tok
jobben som vikarierande trommis på strak arm.
Alle var samla på
“Jærgårdens grillstove” der me tok opp fleire langbord og kunne forsyne oss
frå ein smakfull grillbuffè.
Både små og store
hadde ein kjekk og sosial dag, og me håpar at slike tiltak, i tillegg til
musikken, kan vera medverkande til at me får behalda korpsmedlemmene i lang
tid- og kanskje verva nye?
Fotoalbum -
sjå her. |