Årsmøtet i Vikebygd Idrettslag
Aktivt lag med framtidsplanar.
(26.2.2012 SS)
Vikebygd har eit aktivt idrettslag, særskilt innan fotball og orientering, der
det er ei rekkje arrangement som samlar både folk frå Vikebygd og frå eit stort
distrikt elles. Av dei 570 innbyggjarane i bygda er 154 betalande
medlemmer i laget. På årsmøtet vart Åge Holsbrekken attvald som leiar.
Fleire store arrangement
Dette laget maktar gjennom eit år å ta på seg ansvaret for fleire store
arrangement som t.d.
Vikeputten,
Vikesprinten,
Vikebygdfestivalen,
Vikestøls-marsjen og
Aktivitetsdagen. Dei engasjerte leiarane i laget gjer ein flott
jobb her med å få med seg mange på dugnad. Det gjev glede å få delta og
gje av seg sjølv i samarbeid med andre, berre nokon tek leiaransvaret.
Årsmøtet
På årsmøtet i laget har alle betalande medlemmer over 15 år røysterett. Likevel
var det berre 11 som møtte på klubbhuset den 13. februar. Samtlege var
styremedlemmer eller leiarar i ulike undergrupper. Dette er vel gjengs i dei
fleste lag etter kvart. Ein kan då spørja seg om årsmøta har fått eit preg over
seg til å vera møtestaden for dei eksklusive og ikkje for deltakarar generelt?
Noko som og kan vera ein trussel for eit lag. Ein kan innimellom sjå at
aktivitetar vert avhengige av einskilde eldsjeler. Når desse går lei, vert
aktiviteten lagt ned. Eller andre slit seg gjennom fleire år av plikt meir enn
av inspirasjon, slik Kvamsåsen Rundt etter mange år fekk preg av å bli. Det bør
derfor vera ei overordna oppgåve for styre og dei i leiande posisjonar i eit lag
å tenkja rekruttering, inkludering og inspirasjon til engasjement. Då kan
ein få den same effekten som grågåsa som fyk i plogformasjon i fleire tusen
kilometer. Med jamne mellomrom vik gåsa i spissen ut til sides og legg seg
inn lengre bak i plogen, og nye går inn i spissen der luftmostanden er størst.
Truleg fordi dei er inspirerte til å ta eit tak.
Eldsjelene i bygda
Når Vikebygd er prega av stor aktivitet og engasjement i både
idrett,
speidar,
musikkorps,
båtlaget, laget
Vikebuen,
laurdagsklubben,
TrippTrapp og mange andre foreiningar og lag, så er det
fordi bygda har mange eldsjeler som står på. Dei får med seg
andre der det trengst og skaper glede og oppmuntring. Dei er
med og skaper eit miljø og eit samfunn der folk vil byggja og bu.
I bygd prega av framgang og vekst. La oss ta vare på desse
eldsjelene som er inspirasjon for nye til å engasjere seg og delta.
Fotballgruppa satsar på oppgradering av anlegget.
Fotballgruppa
vurderer ulike alternativ for videreutvikling av idrettsanlegget.
Dette kan være oppgradering av eksisterende grasbane, eller ny
kunstgressbane. Fotballgruppa vil jobbe videre med disse
alternativene i 2012, står det å lesa i meldinga frå årsmøtet.
Fotballgruppa har samarbeida godt med I.L. Skjoldar, der fleire
Vikebuar er lovande spelarar og har vore med å føra laget fram til
topplass i både krinsmeisterskap og
Norway Cup. Nytt styre i idrettslaget
På årsmøtet vart desse valde til styre i idrettslaget for 2012:
Åge Holsbrekken, Leiar; Kirsten Erdal, Nestleiar; Berit Ryvik
Skartland, Kasserer; Rolf Julsrud, Skrivar; Inger Kathrine Sundve,
Styremedlem; Helge Helgesen, Varamedlem.
Årsmeldingane kan du lesa her:
|