Næringsliv  -    Landhandel     -      Skule og Barnehage   -      Kyrkja    -      V.I.L   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
 
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 30. april 20
11
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER om 2011
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2011
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2011: HER.
17. mai festen

Flaggheising på Trodlanibba og i parken, fullsett gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folke-tog, leikar og talar. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld, sølv om ein i 2011 ikkje fekk til familiefest på kvelden.  Noko som har vore tradisjon i generasjonar. 
Nasjonaldagen 2011

Vikestølsmøtet
26. juni 2011

Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2011
Les 100 år på Vikestølen her

Vikebygd Festivalen
23 juli 2011

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2011 HER 
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 5. sept. 2010

Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2010

Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010

Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir  frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet.
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.
 

Vikebygd festivalen 2011

Premiering i fiskekonkurransen
Fotoalbum frå Festivalen 2011 finn du her.

Størst fisk - 3300 gr
Karl Høye
Mest fisk - 12190 gr
Helge Skattkjær
1.plass menn
Helge Skattkjær
12190 gr
2. plass menn
Harry Tindeland
9660 gr
3. plass menn
Svein Sigurd Haraldseid
7030 gr
1. plass kvinner
Ingvild Sørensen
9255 gr
2. plass kvinner
Kristine Ove
4220 gr
3. plass kvinner
Elvy Marie Hasseløy
3420 gr
     
1. plass jenter      Eline Fagerland  3260 gr  
2. plass jenter      Casandra Hoel  3050 gr  
3. plass jenter      Carlotte Olavsen  1490 gr  
1. plass gutar      André Fostenes  5850 gr  
2. plass gutar      Even Grindheim  4790 gr  
3. plass gutar      Vemund Styve  4340 gr  
Stintefiskar      Sebastian Tangen  1220 gr  
Reisegavekort kr 4000,-      Elias Paulsen  
Gavekort dugnadsfolk kr 500,-      Thorleif Vik  
Sebastian Tangen - Årets stintefiskar med 1,22 kg stinter.
 
Sebastian Tangen vart årets stintefiskar på Vikebygdfestivalen, men  kven er det?

-Det har ikkje vore mulig for oss å finna ut kven dette er, seier Dag Hans Nagel-Alne, men han vart vinnar i konkurransen som Årets stintefiskar, og skal ha pokal.
 
Kan han, eller ein som kjenner han, ta kontakt med Dag på mobil 93826355, eller Solveig på mobil 95900136, så er det von om at premien kan overleverast.
 
Han fekk ein rekordstor stintefangst som vart vogen inn på heile 1,22 kg.

Festival i Vikebygd
God deltaking på Vikebygdfestivalen 23. juli
(23.7.2011  SteinarS)  (Fotoalbum herDet var eit heller dårleg utgangspunkt for festival og feiring, morgonen etter det tragiske terrorangrepet Noreg opplevde.  Festival leiinga vart likevel samde om å gjennomføra festivalen på dagtid, men avlysa dansen om kvelden. Ei rett avgjerd. Terroren må ikkje få vinna, men samstundes kjennest det feil med fest og dans når så mange er i sorg.  Leiar og konferansier, Solveig Hortmann, viste til tragedien i opningstalen og oppfordra folk både der og i avslutninga til å ta godt vare på kvarandre denne kvelden og gjerne å gi kvarandre ein klem.

Og folk kom det, sjølv om Himmelens sluser opna seg ei stund på dagen. Ikkje så mange som i fjor, men likevel kjøpte 240 fiskekort til konkurransen, kunne Rune Hetland fortelje. (I fjor deltok 278). Men humøret var godt.  Køen for å kjøpe Snurringar var til tider lang, og folk tok seg tid til både aktivitetar for born, salsboder og kafé.  Utpå dagen kom sola fram og ga ein fin avslutning på arrangementet som var eit samarbeid mellom korpset, idrettslaget og Plassabakeriet. -Både loddsal, kafé og sal av fiskekort gir gode inntekter til korps og idrettslag, kunne Jorunn Tjoflot fortelje mellom innskriving i basarbøkene. Solveig Hortmann hadde ikkje nettoresultatet klart på kvelden, men brutto inntekter nede på kaiområdet blir truleg over 80.000 kroner.  Så går alle utgiftene i frå, kunne ho fortelje. Omlag 40 dugnadsfolk deltok.
  
Ikkje alle kunne klaga over dårleg fangst, men stolt visa fram flotte resultat av den 2 timar lange fisketuren på Ålfjorden.  Her er Karl Høie med ein lyr på 3,1 kg og Cassandra Hoel med ein sei på 3,05 kg.  Ho hadde fiska den sjølv på stang med havsnelle. -Men pappa måtte hjelpa til med å få den opp i båten, kunne ho fortelje.


Det var ein travel dag for Bjørn Vik og staben på Plassabakeriet.  Her omkransa av assistentane, Ingrid V. Ulveraker og Marie Mortveit, med snurringsbaksten i det gamle bakeriet.  Han fyrte opp om kvelden før og heldt varme i grueomnen heile natta med lange bakhun som ved.  Klokka 6 om morgonen var han oppe og raka ut av omnen og klargjorde den for baking. -Kom litt seint i gang med bakinga då vi måtte ordna med avlysing av dansen i kveld, fortalde Bjørn som heldt det gåande langt utover dagen med bakst og sal av snurringar.  Ute i snurreboden haddde andre ungdomar jobben med å selja.  Og køen vaks. Snurringane var selde før dei kom or omnen.

Fotoalbum frå Festivalen 2011 finn du her.

Kor mange som var innom festivalområdet er vanskeleg å fastslå, men talet nådde nok ikkje rekorden frå 2010, (då var det truleg heile 2000 innom).  Men nye kom til når andre gjekk heim, så det ein kan vera godt nøgd med oppmøtet også i år.

 

 
 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 6. august 2011
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Vikebygdfestivalen
Amerikabesøket
Tur til Fossane
Kyrkje vedlikehaldet
Tankar om ...
Sal av Gamleskulen?
Norsk-Amerikanere på besøk
Vikestølsmøtet
Nye tomter i bygda
Midtsommarsfeiring
Dugnad i båthamna
Butikken til sals
Nye Vikebuar
Hårfagrerittet 2011
Konfirmasjon 2011
17. mai-feiring 2011
Motorcrossbane i motvind
Byggjer leikeanlegg på dugnad
Den 17. Vikesprinten 1.mai
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Korpset treng folk
Heiderspris på årsmøte
Motorbåtforeininga
Elg i Årvik
Kyrkeleg nominasjon
Kraftproduksjonen i gong
Nominasjon til lokale val
Speidarbasaren
Kommuneplanen
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
ÅRET 2010
 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Ølen Forum
Vats grendeside
Skjold grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Imsland grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org