Til fjells søndag 26. august
Flotte og godt merka turstigar i Vikefjella
(1.9.12 SteinarS)
Det var den siste av dei seks Nutakassane som stod for tur den søndagen. Eg
kjenner at kondisen ikkje er som før, men det er greitt å ha konkrete mål
for turen. Lett er det og når turstigane er godt merka og opptrakka,
sjølv om det er bratt ein og annan kneik.
Langs vegen er det sett opp skilt på stader som dei gamle
kjende, men som nyare generasjonar ikkje har same forhold til. Ein av desse
er Ytre Halvarshauglibekken. Det er ei bru over denne bekken, og mange
stein på botnen. Tankane kjem på at ein av dei største steinane her
ved brua sikkert også har eit namn. Kanskje det er:
Ytre Halvarshauglibekkbruasteinen. Spørst likevel om den ville få
plass i Guinness rekordbok.
Løftar
eg augo så ser eg Trodlafjell kneisa høgt og bratt over tretoppane.
Ein kan lett bli lurt. Det ser ikkje så høgt ut herfrå. Men etter
kvart som ein klatrar oppover, så går det litt innover og endå meir opp.
Det eg ikkje såg nedanfrå.
Det tar si tid før eg endeleg er oppe. Det er
fotefar etter grove fjellsko solar på stigen. Vel framme må eg sjekka
i boka - og få mistanken stadfesta. Jo, det er Roald Årvik sine fotefar.
Han har vore der før meg. Må berre bla litt i boka og telja. Eg
har nok ikkje tjangs på nutastaven ser eg. Det er mange namn, og
særleg nokre som går igjen, ofte. Datoen står der og. Får vera
glad for at eg nådde alle seks i år.
Utsikt frå Trodlafjell mot Vikevika
Frå Trodlafjell er det fantastisk flott utsikt mot bygda,
fjorden og Vikevika. Må sikra meg minna på kameraet. Det blir mange
bilete i året. Dei fleste ligg trygt lagra på harddisken, eller skal
vi seia: Harddiskane. Prøver å lagra på minst tre ulike harddiskar.
Det einaste som er sikkert med datautstyr, er at det sviktar ein dag.
Levetida på ein harddisk er sjeldan over 5 år. Då er det slutt, og
kostar ei formue å få minna fram att. Ved heile tida å sikra at bileta
ligg på minst tre ulike lagringsmedium, er ein av to ulike måtar å sikra dei
for framtida. Den andre er det gode fotoalbumet. Det verkar
sjølv om straumen går, og virus har eg ikkje høyrt om der. Berre om
mått. Den kjende litle krabaten på 2-3 mm som eigentleg heiter Stripet
Borebille. Den likar og fotoalbum, om dei ikkje vert trygt lagra.
Den gamle brua ved Djupava (Va = ein stad dei vada,
eller vassa over elva)
Så må eg heimover igjen. Det går raskare nedover
enn opp. Treng ikkje så mange pustepausar då. Men det tok si tid i år.
Må visst gå oftare.
|