Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 10. juli 2012

Lokale websider

Vikestølsmøtet 2012 - Stemne på Vikestølen 

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Vikestølsmøtet
Fint ver for dei som gjekk turen til Vikestølen

(8.7.2012 SteinarS)  Langtidsvarselet hadde sagt regn denne dagen, men søndagen vakna vi til blå himmel og strålande sommarsol.  Omlag 40 møtte til det årlege Vikestølsmøtet, som i år vart den 8. juli.  Hovudtalar var Sten Sverre Syvertsen som har bakgrunn som offiser i Frelsesarmeen og som misjonær i utanlands-teneste.  Nå arbeider han i sjukepleia, men måtte medgi at lengten etter å reisa ut nå var der, spesielt nå når borna var vaksne.

I talen sin tok han utgangspunkt i Noa.  Han som fekk beskjed frå Gud om å byggje ein stor båt - langt inne på det tørre landet. Han var lydig og gjorde det han fekk beskjed om.  Så skjedde det som Gud hadde planlagt, og Noa og hans folk vart berga fordi han trudde. Slik oppfordra han også oss i dag til å gå når Gud kallar.

 

 

I møtet vart også Olav Granberg vald til nytt medlem i styret (for Ølen kyrkjesokn)  Elles set: Hans Asbjørn Åsbø (leiar), Steinar Skartland, Endre Stople og Jørgen Landa i styret for Vikestølsmøtet.
Les meir her frå møtet og fleire bilete.
Tekst til: Song til Vikestølsmøtet 2012.

Steinar Skartland ynskte velkommen til Vikestølen, og leia det første møtet.  Her vart det også halde val på nytt medlem i styret for Vikestølsmøta, Olav Granberg frå Ølen kyrkjesokn, vart vald inn nå.  Det var det Haugianske tankegodset som stod sentralt hjå dei som starta opp med Vikestølsmøta i år 1900, som eit felles stemne for Vikebygd, Skjold, Vats, Ølen og Bjoa kyrkjesokn.  Framleis er dette rådande for styret som steller i stand stemnemøta, nå 112 år etter at det tok til.

 
Flagget med korsets merke vaia over møtelyden.      -     Olav Granberg - Nyvald til styret for møta.

Hans Asbjørn Åsbø, leiar i styret for vikestølsmøta, leia det andre møtet som tok til klokka 14:00.  Etter at han hadde halde ein andakt vart ordet fritt til song eller vitnesbyrd for dei som ville dela noko med dei andre.  Hans Asbjørn spela trekkspel til songane, og det vart også solosongar av kona hans, Marta Marie.  Steinar Skartland spela gitar til nokre av songane og deltok også med solosong og leiinga av det første møtet.

Sjølv om dei fleste går til fots opp til Vikestølen, så er det til god hjelp for dei eldste at ein kan tilby skyss med bil på traktorvegen oppover.  I tillegg vart det denne gongen transport av instrument og utstyr som transportane vart nytta til.


Talaren, Sten Sverre Syvertsen, kunne meir enn å tala.  Han spela trekkspel til fleire av songane og eigne solosongar der Jesu namnet stod sentralt.
Song til Vikestølsmøtet
Tekst: Jørgen Landa
Melodi:  Fjellveien

Ver velkomne kva og ein
som har gjort den vegen bein
at me samlast kan på Vikestølen saman
Me er i så god ei trend
og me alle saman brenn
Her me finn i lag - ja, her me har det gaman.

Lange tider det har gått
ja, frå fedrar har me fått
Stemnet høgt til fjells der møttest dei så mange
Ifrå Vikebygd min san
og frå Skjold og Vats dei rann
folk frå Bjoa og frå Ølen – dei vart mange

Ja, det vart som hist ein gong
då dei samlast dagen lang
Gallilea var det fjellet der dei møtte
Jesus Kristus der dei fann
han var hyrdingen så sann
Han var meisteren som ingen frå seg støytte

Ein gong alle vanta mat
der dei samla saman sat
Berre vesleguten hadde med seg niste
Og det vesle som han gav
vart til verdens beste rav
alle åt og alle vart av dette mette

Slik me samlast kan i lag
i vår nye store dag
enn me er på fjellet saman med vår Meister
Enn i dag han delar ut
for vårt brot og all vår sut
Ja, til sola sig i havet uti vester

Må me alltid vara vel
det som stadig for oss tel
å få vera saman om det aller beste
Jesus møter alle som
ynskjer høyra dette kom
og på nytt få nya opp sitt gode feste

Ja, frå lekmannen det kom
det som gjer så mange from
det som atter gir oss meir enn me kan fata
Glede stor og kjærleik varm,
det me finn i Herrens barm
Han oss følgjer Han vil ingen her forlata

Dette er vår store arv
og det tryggjer all vår tarv
Ja, det skjermar oss frå verdas ville vegar
Må me heisa flagget reint
og i livet her gå beint
Då me veit at Jesus med oss alle stegar

Halleluja – høyr vår sang
la han tona over vang
la oss syngja – la oss saman lyfta arven
som gir alle same rett
til å velja – alt blir lett
og me stør kvarandre i den gode tarven.

Og frå Vikestølen fer
der me alle saman ber
der me får igjen det beste av det beste
takk for gode syskinlag
me går atter over stag
og får sinnelaget godt - det beste feste.

JL 03.05.2012
 

Les meir i boka om Vikestølsmøtene, HER
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Bakkevig opprettar fond
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2010
2009
2008
2007
2006 
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org