Lokale websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
VINDETREET sogeskrift |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreiningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 30. april
2011 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER om 2011
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2011 |
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2011: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, fullsett gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folke-tog, leikar og talar. Vikebuen er på beina frå morgon
til kveld, sølv om ein i 2011 ikkje fekk til familiefest på kvelden.
Noko som har vore tradisjon i generasjonar.
Nasjonaldagen 2011 |
Vikestølsmøtet
26. juni 2011 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2011
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
23 juli 2011 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2011 HER
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 5. sept. 2010 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2010 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv
2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Terror i Noreg |
Noreg vart 22. juli 2011 råka av ein
terroraksjon då Anders Behring Breivik sprengde ei kraftig bombe utanfor
regjeringsbygget i Oslo. Her vart 8 drepne og mange skada. Deretter
reista han til Utøya i Tyrifjorden, forkledd som politi. På øya skaut han mot
ungdomar som var på AUF sin sommarleir og drap 68 menneske. Totalt har 77
menneske døydd etter terrorhandlinga, i tillegg vart mange skadde. Fleire
ungdomar frå Haugalandet deltok på leiren, og det var både skadde og drepne
mellom dei. Anders Bering Breivik, som sympatiserte med ytterliggåande
høgrekrefter og anti-islamittiske organisasjonar i både Norden og Europa, vart
arrestert på Utøya. Noreg var nærast i sjokk, men statsministeren og
politikarar i alle parti gjekk raskt ut og oppmoda til meir openheit og meir
demokrati. Terrorhandlinga skulle ikkje få knebla Noreg og demokratiet.
Over heile landet var det markeringar og store
fakkeltog som samla tusenvis av menneske på tvers av religiøse, politiske,
etniske og aldersmessige skiljelinjer. All politisk valkamp vart sett i
bero til etter den 13. august.
Les meir på
NrK.no
|
Terrorangrepet på Austlandet
La oss arbeide for eit ope og fredeleg samfunn utan hat
(23.7.11
Steinar) Vår medkjensle med dei som er ramma av denne ufattelege
tragedien i Oslo og på Utøya.
La oss nå ikkje bli fulle av hat - men hjelpa kvarandre til å
gå vidare og halda fram med å byggja landet som ein open og demokratisk nasjon.
Vi må la politiet få gjera jobben med å etterforske og finne årsaker. Så
får domen koma frå domstolane. Det som har skjedd kan skje igjen. I staden
for å fylle sinnet med hat - la oss fylle det med omsorg og medkjensle for dei
som er råka og med dei som vi møter i kvardagen. |
Eirik Larsen (15) talte til 15.000
Vikebuen Eirik Larsen (15) talte til dei nærmare 15.000 på rådhusplassen i Haugesund under folketoget sist mandag 25.juli.
Som leiar i Haugaland AUF var det ei tøff oppgåve for den unge vikebuen å tala til dei nærmare 15.000 personane som hadde møtt opp i fakkeltoget gjennom Haugesund sentrum for å minna ofra etter terrorangrepet i Oslo og på Utøya, meldte Grannar.
Les meir HER.
|
Vindafjord Kommune:
Kondolanseprotokoll utlagd
Frå kl. 12.00 måndag 25 juli vart det lagt ut kondolanseprotokoll på Vindafjord
rådhus knytt til tragedien på Utøya/Oslo. Alle som ynskjer det, er velkomne til
å nytta høvet til kondolanse her. Les meir
HER.
Kontaktnummer i samband med tragedien i Oslo og Utøya
Helsedirektoratet har bedt alle kommunar om å oppretta eit
kontaktnummer som kan nyttast. På dagtid (kvardagar kl. 08.00- 15.30) kan
du nytta sentralbordnummeret til Vindafjord kommune - 53 65 65 65. Ved kontakt
med dette nummeret kan me formidla hjelp frå kriseteamet eller andre aktuelle
ressursar i kommunen. Dersom du treng hjelp til andre tidspunkt er
kontaktnummeret til Vindafjord kommune:
48 89 17 54.
Les meir
HER
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|