Les om: Fotballfest - Korps og mannequeng -
Vegard vann Stjernå - Butikken |
26.oktober 2012
Fotballavslutning på Bygdahuset
Bilder frå fotballavslutninga på Bygdahuset fredag 26.okt. - Tore var
general den kvelden, fortel Rolf Julsrud som har teke desse bildene.
ca 100 møtte opp. Det vart servert pølser, kaffi, kaker og brus. Stor stas
og premiering av alle spelarane.
Dei unge fotballspelarane fekk diplom og pokal for god innsats gjennom
fotballsesongen. Kvert kull ble tatt fram til scenen. Oppmenn og trenarar
fekk også ein oppmerksomhet.
|
Korpset arrangerte HAUSTFEST
på
Vikebygd Bygdahus fredag 2. nov. 2012.
|
På programmet stod:
- Musikkinnslag med korpset og lokale artister.
- Mannequeng -oppvisning med lokale modeller,
klær fra Stor Mote i Aksdal og Handelshuset i Ølen
- Salg av tacogryte, pølse i brød og masse gode kaker .
- Utlodning
Fotoalbum,
klikk
her
Foto: Berit Ryvik Skartland |
|
Ingrid Helgesen og Rebekka Alne |
|
Solveig Hortman |
|
Ung og lovande musikar
Vegard Skartland vann Stjernå
(3.11.2012
SS) - I “Stjernå”-finalen sang Vegard Skartland (15) seg inn i
publikums hjerter med Kaizers Orchestras “Hjerteknuser”, skriv
H-avis i sin reportasje frå finalen.
Finalen gjekk føre seg på ein scene inne på
Amandasenteret laurdag 3. nov. Etter fleire rundar der publikum og andre
kunne stemma med SMS, var det fire igjen i finalen der "Stjernå" skulle
kårast. Til slutt stod Ine Rossebø Knudsen og Vegard Skartland igjen oppe på
scenen. Vegard song "Hjerteknuser" til musikk av Arne Tveit.
Vegard vann førstepremien som var ein sjekk på 10.000 kroner frå Mediehuset
Haugesunds Avis. Amandasenteret dobla dette beløpet med ein ekstra sjekk på
10.000 kroner. Dei andre finalistane fekk kvart sitt gåvekort på 3.000
kroner.
Vegard er ein aktiv gut som er aktivt med både i korps, orientering og
fotball, når han ikkje køyrer rundt med traktor heima på garden der han bur.
Etter finalen hadde han tenkt seg på pizzabowling med fotballaget han er
trenar for. – Og så skal eg heim til Vikebygd og vera glad, sa han då
finalen var over.
Sjå bildeserien frå konkurransen,
her.
Høyr Vegard i semifinalen her |
Jokerbutikken er godt besøkt,
særleg på laurdagane kan det vera mykje bilar i vegkanten
Utviding av Jokerbutikken
(SteinarS
15.10.2012) - Eg har søkt om å få byggja om inngangspartiet på
butikken, kan Rolf Alne fortelje. Eit utbygg som vil gå ut frå der døra er i
dag og til flaggstonga, og med dør vendt mot sør. - Då vil det verta
mindre trafikkfarleg, og folk går ikkje rett ut i vegen. Løysinga får
automatiske dører som opnar seg til sides, og det skal verta romsligare
forbi kasseapparatet. Dette er eit tiltak for å gjera butikken betre
tilgjengeleg for rullestolbrukarar og ein del av universell tilrettelegging.
Kjøpmannen har søkt kommunen om tilskott til denne tilrettelegginga som vil
gjera butikken meir kundevenleg og vonleg tryggja framtida.
|
Mange våte dagar i Vikebygd denne hausten
(10.11.12 SS) Natt til laurdag
10.11. gjekk Fylkesmannen sin beredskapsavdeling ut med varsel om mykje regn i ytre
og lågareliggjande strok i Hordaland og Nord-Rogaland. Vassmengdene
kunne merkast godt både om natta og i elvane dagen etterpå, slik biletet her er
frå Vikeelva viser.
Nyheter om flaumfare og vassføring kan du finne på: www.nve.no/no/Flom-og-skred/
Yr.no melder om fint vêr og sol i Vikebygd på måndag.
(Melding: Klarvær. Svak vind, 3 m/s frå vest. 0,1 mm nedbør i døgnet.) Men
som det gamle ordtaket seier: Kor lenge var Adam i Paradis?
Tysdag er varsla regnet og vinden tilbake, og varslar: Regn. Laber bris, 8 m/s frå sør-søraust.
4,9 mm nedbør i døgeret. Sjå
langtidsvarselet her |
Vikebygd Kyrkje
NY INNGONG FOR RULLESTOLAR
(24.11.2012 SS) I november har det gått
føre seg arbeid ved kyrkja for
å laga rullestolinngang.
Denne blir bygd saman med trapp i hovudinngangen.
For nokre år sidan vart det laga ei midlertidig
løysing på baksida av kyrkja. Nå skal rørslehemma sleppa å måtta
gå inn bakvegen, men kan koma inn eller ut saman med resten av
kyrkjelyden, vener og familie.
Så hadde vore veldig flott om ein også kunne få lagt
til rette eit toalettrom tilpassa handikappa.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|